Kval-bæsj kan bidra til å fjerne millionar tonn klimaskadeleg karbon

Kvalar et og bæsjar mykje meir enn forskarane før har trudd – ei gledeleg nyhende for klimaet.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei store bardekvalane et og bæsjar tre gonger meir enn biologane har trudd fram til no.

Faktisk kan ein blåkval ete 16 tonn krill på ein enkelt dag, noko som gir like mange kaloriar som 30.000 Big Mac-ar.

Når ein et så mykje, betyr det også at det blir ein del bæsj, noko som er supert for økosystemet i havet og evna til å lagre karbon som elles ville ha gått i atmosfæren, auka drivhuseffekten og oppvarminga av jorda.

Det betyr at dersom me reddar desse kvalane, kan me fjerne millionar av tonn klimaskadeleg karbon frå atmosfæren kvart år.

Det var Illustrert vitenskap som først omtala saka i norske medium.

Algar og fotosyntese

Men korleis kan dette ha seg?

Bæsjen til kvalane inneheld store mengder jern, noko algane i havoverflata treng for å drive fotosyntese.

Fotosyntesen er ein kjemisk prosess i plantar som brukar energi frå sola for å omdanne vatn og karbondioksid (CO2) til sukker og oksygen. Ifølgje SNL står algane for om lag 40 prosent av verdas fotosyntese og dannar næringsgrunnlaget for praktisk talt alt liv i havet.

Når algane fjernar karbondioksid frå atmosfæra er det med på å kjøle ned planeten, i tillegg til å sende karbon til havbotnen. 

Kollasj laga av Framtida.no.

Avhengige av kvarandre

Det heile er eit intrikat økosystem der algane, krill og kvalar er avhengige av kvarandre for å vekse fram.

  • Algane tek opp jern og brukar det til å danna stoffet klorofyll, som er avgjerande for at algane kan drive fotosyntese og vekse.
  • Krillen (små krepsdyr) sym opp til overflata om natta og et algar.
  • Kvalen et krill, som faktisk er hovudnæringa deira.

Den jernrike bæsjen blir med kvalen når dei kjem opp til overflata for å puste og sørger dermed for at jernet blir gjenbrukt i økosystemet.

Hadde ikkje kvalen frakta med seg jernet til overflata og algane, ville jernet i staden ha falle til havbotnen når krillen døyr.

Kollasj laga av framtida.no.

Kvalfangst øydela

Dei siste hundre åra med kvalfangst har kraftig redusert kvalbestanden. I tillegg trugar den globale oppvarminga krillbestanden. Den gode sirkelen med kvalbæsj, algar og krill har dimed blitt ein vond sirkel. Færre kvalar betyr mindre algevekst, mindre algevekst betyr færre krill, færre krill betyr igjen færre kvalar. Dimed er heile næringskjeda pressa og set grenser for kor mykje karbon økosystemet kan ta opp.

Ein reknar at økosystemet på starten av 1900-talet var ti gonger så produktivt som det er i dag. Forskarar ved universitetet i Maine i USA har rekna at bardekvalane som lever i dag lagrar 9,1 millionar tonn mindre karbon enn før den kommersielle kvalfangsten vart stor.

Same effekt som å fjerne 170 millionar bilar

Sidan 1986 har kvalfangst vore forbode i heile verda, men det tek lang tid å reparere skadane. Kvalar får få barn og krillen lid under den globale oppvarminga.

Dersom ein får gjennoppretta kvalbestandane vil det kunne fjerne 160.000 tonn karbon frå atmosfæren kvart år, berre ved hjelp av kvalar som fører karbonet ned til havbotnen når dei døyr. Det er same mengde COsom 1100 km2 skog kan fjerne.

I tillegg vil heile næringskjeda få ein dytt i produktivitet. Dersom ein får kvalbestanden opp til same nivå som var før den store kvalfangsten vil kvalane, krillen og algane til saman lagra om lag 215 millionar tonn karbon årleg. Det vil ha same effekt som å fjerne 170 millionar bilar frå veiane i eitt år.


Foto: The Wizard of Oz Haley Bolger Garland Lahr 1939/Offentleg eigedom, John Taylor – Official gallery link/Wikimedia Commons/ Offentlig eiendom, Pixabay. Kollasj: Framtida.no