«Berekraft er ingen keisam floskel»

Lydia Berg (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta fekk 2.-plass i FORUM for utvikling og miljø, Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse «Korleis kan vi nå berekraftsmåla innan 2030?»

Ordet berekraft vart brukt lenge før det vart sett i samanheng med utvikling. Så kva er eigentleg berekraft og når kom berekraftig utvikling inn i bildet? 

Vi høyrer så mykje om berekraft no for tida, men er det nokon som forstår kva det er?

Utan å setja meg inn i det, funderer eg litt over kva det betyr. Er berekraft kor mange kilo ei bru kan bera? Kor mange menneske kan vera på brua? Kor mykje toler ho? Er brua då ein metafor for jordkloden? Handlar berekraft rett og slett om kor mykje jorda vår kan tola før ho knekk saman?

 

 

Etter eit kjapt søk på internettet fann eg ut at eg ikkje var heilt på bærtur. Sjølve ordet har hatt ei litt anna tyding før i tida. Då handla berekraft faktisk om, til dømes, kor mykje isen tolte og om berekrafta til isen var så god så du kunne gå på han.

Sjølve ordet er eit hinder

Når vi lærer om berekraft så meiner eg at sjølve ordet er eit hinder. Og det er nettopp fordi vi høyrer så mykje om det som vi gjer.

Alle sånne moteord går vi lei av. Vi høyrer dei overalt, så byrjar vi å bruke orda sjølve. Etter kvart har vi høyrt dei så mykje at vi ikkje orkar å setja oss inn i kva det går ut på.

For det er ikkje sånn at vi ikkje veit at vi må prøva å redda miljøet. Vi berre klarer ikkje å sjå forbi ordet, og då blir ordet ei stor hindring. Eg trur derfor at det ville vore mykje meir effektivt om vi droppa ordet og heller kom med løysingar utanom det. Vi må læra oss å sjå forbi ordet. Eg veit at vi kunne fått gjort mykje meir for miljøet viss vi kunne få til dette.

Vi motseier oss sjølve

Noreg slit mykje med berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon. Samtidig så satsar vi i Trysil på at folk har stort forbruk. Vi byggjer fleire hytter til det nesten ikkje er plass meir på fjellet. Vi vil at folk skal kjøpa seg hytter. Vi vil at dei skal kjøpa gardiner, bord, stolar, vaskemaskiner og tørketromlar. Vi vil at dei skal kjøpa eit par ski til hytta i tillegg til dei dei har heime, og vi vil at dei skal kjøpa seg ei ekstra dunjakke som dei kan ha på hytta si.

 

 

Dette er ikkje berekraftig i det heile. Men masseturismen er ei stor forbruksmaskin som vi kan tena mykje på. Klesbransjen no til dags fungerer litt på same måte. Sånn den er no, så lønner det seg for kleskjeder å produsera klede av dårleg materiale som varar kortare.

Forbruket i Noreg aukar

Noregs forbruk har gått opp i det siste. Vi er eit av landa i verda med høgast forbruk. Viss alle skulle ha same forbruk som ein gjennomsnittleg innbyggar i Noreg, ville vi ha trunge 3,4 jordklodar.

Det nordmenn kjøper mest av er klede og sko. Ifølgje NRK må vi leggja til rette for at det er mogleg å leva eit godt liv med færre nye ting. Det meiner eg er veldig viktig om vi skal kunna klara å endra på forbruket vårt.

 

Dessverre er det mykje fast fashion no, med trendar som endrar seg heile tida. For å ha trendy klede å selja må kleskjedene produsera meir. Høg produksjon fører til høgt forbruk. Så då endar vi opp med høgare forbruk, fleire klede som blir kasta og færre klede som blir reparerte eller blir vidare donerte.

Vi må setja strengare krav

Politikarane må ta tak i situasjonen og setja strengare krav og reglar. Ikkje nok med det, men vi må òg som individuelle personar tenka over kva vi kjøper.

Vi må kjøpe klesplagg av betre kvalitet så dei varer lengre, og når kleda våre er øydelagde må vi prøva å reparera dei så godt vi kan.

Viss alle ledda i klesøkosystemet bidrar, kan vi få til ei endring. Men det kjem ikkje til å komma store endringar før alle er involvert. Derfor er det viktig å stå saman om dette.

Kvardagstips

Viss du vil gjera ein forskjell, men ikkje veit kvar du kan starta, så har eg nokre tips.

  • For det fyrste bør du redusera mengda med ting du kjøper.
  • Viss du absolutt må kjøpe noko, kjøp brukt.
  • Når du kjøper ting er det lurt å kjøpa det som har miljømerket på seg.
  • Kjøp òg ting av kvalitet og nytt deg av reklamasjonsretten.
  • Du kan òg prøva deg på dele- og leigeordningar. Du kan dela på eller leiga alt frå verktøy og fritidsutstyr til bilar og båtar.

Vi må alle hjelpa til

For å samanfatta saka, vil eg seia at vi må ta dette på alvor. Vi er nøydde til å opplysa alle om kva det inneber å vera berekraftig, både unge og gamle.

 

 

Og sjølv om masseturismen er ei stor forbruksmaskin så må vi tenka framover på dei kommande generasjonane. Dei treng òg ei jord å leva på. Dei treng at vi får til dette her.

FNs berekraftsmål skal vera nådd innan 2030. For å klara det må vi verkeleg stå på. Vi må alle hjelpa til.

Klesprodusentane må bidra med berekraftig produksjon og må kutta ned på kor mange plagg dei produserer. Regjeringa må stilla klare krav om berekraft til klesbransjen.

Til sist, men ikkje minst må vi alle ta ansvar for vårt eige forbruk. For berekraft er ingen keisam floskel. Metaforen er sann. Det er grenser for kor mykje jorda kan tola før ho knekk saman, og vi må handla no!


Lyst å prøva deg i Framtida.no og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar. Her finn du oppgåva!


Les også skrivekonkurransevinnaren: «Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu» og intervju med vinnar Marius Moldsvor (17) frå Senja.

17 år gamle Marius Moldsvor skreiv vinnarteksta i FoRUM og Framtida.no sin skrivekonkurranse. Foto: Privat