«Vi må redde det biologiske mangfaldet»

Hanna Bakkelund (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Førre veke kom WWF sin Living Planet-rapport om naturen sin tilstand ut, og vi må gjere noko no!

WWF slår raud alarm. Dette er den mest omfattande rapporten WWF har skrive og han gjev eit klart signal. Vi må gjere noko no, før det er for seint!

Miljø og dyr vert nedprioritert

Verdas biologiske mangfald har frå 1970 til 2018 falle med 69 prosent. I staden for å bruke pengar på å redde ein døyande klode, meiner regjeringa at det er viktigare med billegare bensin, og lagar eit grått statsbudsjett der miljø og dyr vert nedprioritert.

Vi må handle no! Oslofjorden er døyande og regjeringa gjev ikkje pengar til å hjelpe. Det som tidlegare var ein stad der det biologiske mangfaldet florerte er no på veg til å verte ein undervassørken.

Regjeringa gjev ein brøkdel av pengane ein treng for å reinse Oslofjorden og hjelpe det biologiske mangfaldet. Trygve Slagsvold Vedum vil heller sløse pengar på å splitte opp fylkeskommunane.

Regjeringa må høyre på WWF

Regjeringa hjelper ikkje dyremangfaldet i Noreg. Dei har kutta tilsvarande heile støtta til NOAH. Ein frivillig organisasjon som arbeider for dyr sine rettar.

NOAH jobbar mellom anna for ulvemangfaldet i Noreg. Ulv er kritisk truga for utrydding i Noreg. Men regjeringa går ut og kuttar støtte og jobbar for ein «reduksjon» av gjeldande bestandsmål. Kva er dette? I motsetnad til Sp og Ap vil Venstre verne ulv og det biologiske mangfaldet i Noreg.

Regjeringa må høyre på WWF og setje ressursar mot å redde det biologiske mangfaldet før det er for seint!

Noreg må verne og hjelpe planeten. Ikkje bruke ressursane våre på å pumpe olje og gjere det vanskelegare å velje miljøvenlege alternativ!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


George Carrew-Jones (25) er engasjert i organisajonen UK Youth Climate Coalition. Foto: UK Youth Climate Coalition