Grøn dagbok: «Vanskelegare å leve grønt utanfor byane»

Emilie Hansen
Frilansskribent Framtida.no
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare i år skreiv eg grøn dagbok, då frå mi grøne veke i Oslo.

No er eg tilbake på Sunnmøre, på loftet i barndomsheimen min, som er ei slags leilegheit med eige kjøkken og bad. Ein vanleg kvardag her består som oftast av heimekontor, trening og portugisisk-kurs. Med andre ord står eg ganske fritt til å bruke tida mi slik eg vil, så lenge eg held meg til deadlines og innleveringar.

Med ein slik kvardag ser eg for meg at det å leve grønt skal gå heilt fint. Men den store utfordringa her er transport.

Kollektivtilbodet ute i havgapet er ganske avgrensa. Om eg mista bussen om morgonen då eg gjekk på vidaregåande, gjekk ikkje neste buss før éin time seinare. Det er sjukt nedtur å kome éin time for seint i staden for 5 minutt som hadde vore tilfelle om alle stadar i landet hadde hatt kollektivtilbodet ein har i Oslo.

Dag 1: Bilen er sjukt freistande, men i dag går eg

Dagen starta som vanleg med svart kaffi, appelsinjuice og frukost. Då eg kjende at hjernen begynte å kople seg på (dette kan ta litt tid), så sette eg meg til å jobbe.

Typisk frukost, knekkebrød med sylte og av og til peanøttsmør. Ein svart kaffi og eit glas appelsinjuice. Det hadde nok vore betre om eg droppa kaffi og appelsinjuice, men det synest eg blir veldig stussleg. Foto: Emilie Hansen

Etter nokre timar med jobbing, åt eg lunsj, og bestemte meg for å kome meg på trening. Eg ser ut vindauget. Pøsregn. Faen.

Det er sjukt freistande å ta bilen (dvs. mora mi sin bil)! Men etter mykje fram og tilbake i hovudet mitt, bestemmer eg meg for å ta på meg regnklede, pakke ein sekk med treningskle, og gå til sentrum. Då blir gåturen ei slags oppvarming (forhåpentlegvis øydelegg ikkje regnet dette) før eg fer på treningssenteret.

I dag er det berre å kle på seg regnkleda, for i dag har eg tid til å gå dit eg skal. Foto: Emilie Hansen

Sidan eg ikkje har nokon møte eller kurs i dag, har eg ikkje noko tidspress, som er grunnen til at dette er mogleg å få til. Til saman tok det meg om lag 1,5 time meir å gå enn det hadde gjort om eg tok bilen til sentrum og treningssenteret. I dag gjekk det fint, men eg ser ikkje for meg at dette går resten av veka.

Etter trening tek eg ein rask dusj (spare på vatnet!), og lagar meg fiskesuppe. Ja. Eg veit at sjømat har høgare utslepp enn grønsaker, men eg handla inn for heile denne veka i helga som var. Då hadde eg endå ikkje bestemt meg for å ha grøn veke. Så då får eg berre bruke det eg har her. Både for at maten eg har i kjøleskapet ikkje skal bli dårleg, men òg for å ikkje køyre på butikken.

Dag 2: Fly vs. buss

Eg drikk kaffien min medan eg bestiller meg ein tur til Oslo for å besøke vennar og familie. Eg sjekkar både Widerøe og Vy. Prisen er om lag den same om eg tek fly i underkant av ein time eller om eg sit i buss i 10 timar om natta. Det hadde vore sjukt deilig å ta fly! Men i staden for vel eg å kjøpe meg bussbillettar, medan eg bannar over alle rike folk med privatfly som ikkje har flyskam, og at alt er så utruleg urettferdig, og at eg håpar grøne val gir meg god karma, og at dei som flyg for å ha eit lite møte på andre sida av verda får skikkeleg dårleg karma. Det er drit å tenke på at mine val ikkje har så stor påverknad i det store og heile, men samstundes, om alle hadde tatt buss eller tog når det er ei moglegheit, så hadde jo det hatt stor effekt! Så ja, det blir buss.

Etter dette var fiksa, køyrde eg rundt og gjorde nokre ærend. Ja, eg køyrde. Om eg skulle ha gått… Nei, eg kunne ikkje ha gått, for det er store avstandar mellom fleire av stadane eg måtte til, og eg hadde avgrensa med tid. Det hjelper heller ikkje at det pøsar ned i dag òg.

Store avstandar + manglande kollektivtilbod = mykje bilkøyring.

Til middag blir det restar av gårsdagens fiskesuppe. Å ete restar er eit viktig klimatiltak! I alle fall på individnivå. Det er det eg seier til meg sjølv når restane ser litt stusslege ut.

Restemiddag: Fiskesuppe! Foto: Emilie Hansen

Dag 3: Meir jobb, meir køyring

I går kveld fekk eg eit nytt vikaroppdrag, noko som er veldig kjekt! Også i dag brukte eg bilen. Eg køyrde til jobb, køyrde heim i lunsjen for å gi bilen til mora mi (sidan ho trong han), vart køyrd tilbake til jobb, og fekk sitte på med ein kollega heim på slutten av dagen.

Mykje. Bilkøyring.

På ettermiddagen fekk eg telefon frå ein av barneskulane i området om eg kunne vere vikar neste dag. Veldig kjekt! Men det betyr at det blir bilkøyring i morgon òg.

Dag 4: Ost og vin

Jupp, det vart bilkøyring igjen, dessverre… Køyre til jobb. Køyre heim. Køyre til sentrum. Ete ute sidan mora mi hadde bursdag. Køyre heim.

Eg bestemte meg for å prøve å pakke inn gåvene til mora mi i stoff. Dei vart kanskje ikkje så «elegante», men det funka! Foto: Emilie Hansen. Skjermdump: Ducky

På kafeen valde eg det eg alltid har gjort, utan å tenke så mykje over kva val som var der. Mora mi som er vegetarianar tok vegetarvalet. Det var ikkje før maten kom på bordet at eg tenkte over at det er kjøt i det eg bestilte. Nedtur.

På kvelden vart det ost og vin med familien. Ost og vin. Faen. Eg kan hugse frå sist eg hadde grøn veke at både ost og vin hadde ganske så høgt utslepp. Men! Det kunne jo ha vore kjøt og spekemat som vart servert, så det kunne ha vore verre!

Dag 5: Helgevask

Ny dag. Nytt vikaroppdrag. Desse dagane når eg plutseleg får tilkalling til jobbar her og der, så blir det knekkebrød eller skorper til både frukost og lunsj med sylte på. Ganske kjedeleg, men det funkar. Pluss ein får sove litt lengre på morgonen.

Når arbeidsdagen er over fer eg heim og vaskar og støvsugar til helg. Eg kunne heilt sikkert ha gjort dette på ein meir miljøvennleg måte med tanke på bruk av vaskemiddel og den type greier (kanskje også kva type klutar eg brukar?), men det vart grønsåpe og den fyrste kluten eg fann.

Etter ei veke med arbeid på fleire ulike arbeidsplassar tok eg ein roleg kveld heime, med kosebukse, mozzarellapizza, Pepsi Max (frå sodastream om det har noko å seie) og fredagsunderhaldning. 10/10.

Dag 6: Gamle hus krev mykje straum

Helg! Jippi! Men som frilansar blir det likevel litt jobbing sjølv om det er helg. Eg skriv litt, transkriberer, sjekkar e-post og alt anna som høyrer til det å styre si eiga arbeidstid.

Medan eg sit og jobbar kjenner eg at eg startar å bli litt kald. No bur eg på loftet i eit gammalt hus, og det blir fort kjølig med ein gong sommaren er over. Sidan vi framleis er heilt i starten på hausten, tek eg heller eit pledd rundt meg, enn å starte med nokon varmeomn. Det å varme opp gamle hus krev mykje straum, og det å bruke mykje straum er dårleg for klima og miljø. Så her blir det tjukkelestar og pledd ei stund til framover.

Det blir varmare (og koslegare) på heimekontor når ein kan pakke seg inn i eit pledd. Foto: Privat. Skjermdump: Ducky

Dag 7: Største utfordringa med å leve grønt i distrikta er transport

Dette er siste dagen i den grøne veka mi på Sunnmøre. For å vere ærleg har eg ikkje tenkt like mykje over det som då eg var i Oslo. Eller kanskje eg har tenkt over det, men på andre område. I Oslo fokuserte eg veldig på mat, fordi det var på det området eg kunne kutte ut utsleppa mine. Eg budde i ei moderne leilegheit, matbutikkar var i gåavstand, og til jobb kunne eg ta t-bana.

Her har eg også hatt fokus på mat, og med unntak av den eine glippen på kafé, har eg ikkje ete noko kjøt. Dei fleste måltid har vore vegetariske, om ikkje veganske, og eg har ikkje kasta noko i den grøne avfallsposen. Eg har også passa på å skru av lyset i rom eg ikkje er i, og late att dørene mellom varme og kalde rom.

Ikkje så veldig fornøgd med været eller bilkøyringa. Foto: Privat

I motsetnad til Oslo er plutseleg oppvarming og transport noko eg må tenke meir over, og desse er truleg verstingar. Oppvarming var som sagt ikkje noka utfordring no, det var berre å kle litt betre på seg, men til vinteren vil nok mykje straum gå med til dette. Men den største utfordringa med å leve grønare i distrikta, er transport. Det er vanskeleg å kome seg frå A til B utan bil. Kollektivtilbodet er avgrensa, og avstandane er større. Eg brukte bilen nesten alle dagane denne veka, sjølv om eg skulle ha fokus på å leve grønt. Det at det regna heile veka hjelpte nok heller ikkje, men tid er nok hovudfaktoren til at bilen blir så mykje brukt.

Bilkøyring var ei stor utfordring på bygda. Foto: Emilie Hansen. Skjermdump: Folkets fotavtrykk

Auka utslepp i distrikta

Eg sjekkar Ducky korleis utsleppa mine ligg an om eg skulle ha levd slik eg gjorde eit heilt år. Samanlikna med resultatet frå grøn veke i Oslo har utsleppa mine auka med 2000 kg co2e! Dette er utslepp som i stor grad handlar om kvar eg bur. Dette synest eg er både trist og frustrerande. Kommunen min skårar ganske likt på utslepp som gjennomsnittet til Noreg, men har meir utslepp ein gjennomsnittet knytt til transport og energibruk.

Eg er sikker på det er mange i distrikta som bryr seg om klima og miljø, men der det er vanskeleg å få til å leve grønare i praksis. Om det skal vere mogleg å leve med eit lågare utslepp andre stadar i landet, trur eg det er viktig at det blir sett av ein god del pengar for å forbetre kollektivtilboda også her ute i distrikta. Om ikkje blir det grøne skiftet noko som berre skjer i byane.


Les også: Regjeringa med nytt klimamål: Vil kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030

Noreg melder inn eit forsterka klimamål til FN før klimatoppmøtet i Egypt, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse torsdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK