«Det er influensarar som har størst påverknadskraft på barn og unge i dag»
Det må vere strengare og meir standardisert merking av reklame for influensarar, skriv Press-leiar Marius Sjølyst.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Press har i ei årrekke jobba for at marknadsføring som rettar seg mot og blir sett av barn skal regulerast strengare og med overtredingsgebyr som avskrekkar.
På altfor mange område har marknadsføringsaktørar heilt frie taumar til å kommersielt utnytte barn og unge.
Det at regjeringa har teke tak no viser at det er håp for framtida. Dei har endeleg høyrt på barn og unge!
Gjennom 15 år med Gullbarbie-kampanjen, der marknadsføringsverstingane kvart år får prisen for å vere best på å få unge til å føle seg verst, har eg godt grunnlag for å seie at barn og unge sjølve meiner at marknadsføring er for dårleg regulert.
Westerlin-bollar og influensarar
Kort tid før forskrifta vart vedteken var eg i møte med helseminister Jan Christian Vestre. I møtet var eg heilt klar på innspelet om at influensarar ikkje kan bli eit smotthol i den nye forskrifta.
I dag er influensarmarknadsføring berre regulert av eit sjølvreguleringsorgan (Fagutvalet for influensarmarknadsføring), og det er ikkje godt nok.
Influensarar har ei massiv påverknadskraft på barn og unge, og det blir pumpa ut reklame i videoar som ein ikkje ein gong innser er reklame.
Med den nye forskrifta håper eg det blir lagt ein plan for korleis ein skal regulere det matinnehaldet som influensarar legg ut.
Det er allereie mange gode døme, som Oscar Westerlin sine sjokoladebollar eller samarbeid influensarar gjer med matselskap, på at det trengst betre regulering.
Vegen vidare og mine oppmodingar er klare!
- Les også: «Sjokoladebollen var dømt til å tiltrekke seg barn – det betyr ikkje at det var feil å lansere han»
Strengare merking må til
Vi kan ikkje la aktørar med så stor påverknadskraft på barn og unge sine kjøpevanar, kosthald, treningsvanar og psykiske helse vere så dårleg regulert.
Det må setjast større krav til plattformene til å regulere og merke eige innhald.
Det må vere strengare og meir standardisert merking av reklame for influensarar, med statleg tilsyn og overtredingsgebyr ved brot.
Vi har kome langt i ein veldig lang kamp for betre marknadsføringsskikk, men no må vi tore å gå litt lenger.
Det er influensarar som har størst påverknadskraft på barn og unge i dag, og det må vi ta på alvor.