Politikk og samfunn

«Utsegna til Erna Solberg er rett og slett skummel»

Solberg hevda at masseinnvandring frå ikkje-vestlege land er ein trussel mot dagleglivet i Europa, skriv Maria Louise Hundeide Godoy (21) i Solidaritetsungdommen.

Maria Louise Hundeide Godoy (21)
Styremedlem i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Utsegna til Erna Solberg i Dagens Næringsliv 21. mars er rett og slett skummel.

Solberg hevda at masseinnvandring frå ikkje-vestlege land er ein trussel mot dagleglivet i Europa.

Ikkje fordi folk har gjort noko spesielt, men fordi dei kjem frå feil stad. Likevel påpeikar ho at det går bra for ukrainske flyktningar – fordi dei er jo «kulturelt nær oss». Men legg til: «Det hadde vore noko heilt anna viss det kom 100.000 afghanarar».

Men kva betyr dette eigentleg?

At nokon menneske er lettare å hjelpa fordi dei liknar meir på oss? At solidaritet har grenser?

Synet på «dei andre»

Eg vil vera krystallklar: Sjølvsagt skal det vera plass til ukrainarar.

Eg meiner berre, i motsetning til Erna, at folk som flyktar frå krig, konflikt, øydeleggingar og folkemord skal møtast med tryggleik, kjærleik og fellesskap – same kvar dei kjem frå. Det er ikkje dei me skal setja spørsmålsteikn ved. Me er nøydde til å setja spørsmålsteikn ved dette synet på «dei andre» – på afghanarar, syrarar, palestinarar. Det som skaper eit «oss og dei», og som stengjer menneske ute frå fellesskapet.

quote-left

Når ein tidlegare statsminister snakkar slik, påverkar det korleis me ser på kvarandre

quote-right

Utsegna til Solberg er ikkje berre normale ord.

Når ein tidlegare statsminister snakkar slik, påverkar det korleis me ser på kvarandre. Korleis ein oppfører seg i nabolaget, på bussen, i skulegarden og på jobb.

Det gjer noko med kven som kjenner seg heime her. Det gjer noko med kven som kjenner seg tryggja. Og det gjer noko med kva slags samfunn me er.

Solidaritet betyr at me ikkje rangerer liv

Me lever ei tid som kan kjennast veldig skummel.

Eit folkemord i Palestina. Krig i Europa, i Sudan – der millionar av menneske blir drivne på flukt. Eit USA som vippar mellom demokrati og autoritær ekstremisme. Ei verd som brenn på grunn av klimakrisa. Ja, det er lett å kjenna på frykt.

Eg meiner derfor det er viktig å minna kvarandre, og politikarane våre, på kva solidaritet eigentleg betyr. At det handlar om å stå saman, skulder til skulder, med menneske som har det er vanskeleg, uansett. Ikkje berre når folk liknar på oss.

Solidaritet betyr at me ikkje rangerer liv. At me ikkje lèt frykt og fordommar definera kven som skal få hjelp, og kven som må klara seg sjølv. Solidaritet betyr at me trur på menneske – at dei kan finna sin plass, bidra, bli ein del av fellesskapet.

Kva slags land vil me vera?

Det me verkeleg må gjera no, er å spørja oss sjølv: Kva slags land vil me vera?

Vil me vera eit land som berre opnar døra for nokon? Vil me vera eit samfunn som rangerer menneskeliv?

quote-left

Vil me vera eit land som byggjer på tillit, varme og eit sterkt fellesskap?

quote-right

Eller vil me vera eit land som byggjer på tillit, varme og eit sterkt fellesskap? Eit samfunn der alle som treng vern, blir møtt som menneske?

Det handlar berre om éin enkel ting: å vera medmenneskelege. Om å stå samla i våre verdiar når det verkeleg gjeld. Om å ikkje la seg skremma og lukka døra for dei som treng det mest.

Bruer, ikkje murar

Me lever i ei brytningstid. Derfor er det avgjerande å ha leiarar som byggjer bruer, ikkje murar. Som tørr å stå opp for solidariteten, også når han kostar. Og me treng eit folk, eit Noreg, som ikkje lèt seg lura av forteljingar om at nokre menneske er meir verd enn andre.