800 legar står i turnuskø – regjeringa føreslår å kutte stillingar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter seks år på medisinstudiet og alle eksamenar bak seg, står nyutdanna legar med autorisasjonen i handa. Men dei kan ikkje bruke han.

Først må dei nemleg gjennom spesialiseringsprogrammet LIS1, tidlegare kalla turnusteneste. I dag står 800 ferdigutdanna legar i kø for å få plass på programmet, ifølgje Khrono.

Kristin Kornelia Utne er leiar i Yngre legers forening. Foto: Legeforeningen.no

I sitt forslag til statsbudsjett for 2023 føreslår Senterpartiet og Arbeidarpartiet å redusere talet på slike stillingar.

– Eg såg ikkje dette kome. Dette grepet framstår for meg som veldig uforståeleg, seier Kristin Kornelia Utne til Khrono, som først omtalte saka. Ho er leiar av Yngre legers forening (YLF).

– Eit paradoks

I 2019 slo Helsedirektoratet fast at det var behov for 200 ekstra LIS1-plassar. Sidan då har talet plassar auka for kvart statsbudsjett, og i 2022 vart 62 nye stillingar lagt til.

Men i forslaget til statsbudsjett for 2023, føreslår regjeringa å redusere talet nye plassar til 31. Då vil det frå neste vår verte lyst ut om lag 1120 LIS1-stillingar.

Samstundes løyver regjeringa midlar til 30 ekstra studieplassar i medisin ved UiT Noregs arktiske universitet.

– For eit paradoks. Ein vil altså utdanna fleire legar til færre plassar, seier Utne til Khrono.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) skriv til avisa at regjeringa i sitt forslag har prioritert andre tiltak som raskare kan hjelpe på den krevjande rekrutteringssituasjonen.

Vil arbeide for å endre vedtaket

I medlemsmagasinet til YLF, peikar Yngre legers forening og Norsk medisinstudentforening (NMF) på at reduksjonen vil forsterke mangelen på spesialistar og fastlegar, og dessutan føre til auka bruk av vikarar.

– Korleis kan vi styrke rekrutteringa til psykiatri og allmennmedisin når vi ikkje prioriterer å kvalifisere nyutdanna legar til å søkje desse stillingane? Vi kjem til å jobbe med alle mogelege middel for å endre dette vedtaket og få talet på nye stillingar tilbake til det som er lova.

Det seier både Kristin Kornelia Utne frå YLF og Maja Mikkelsen frå NMF hjå medlemsmagasinet.


Ungdomspartia. Kollasj: Framtida.no. Foto: Pressefoto/Proxima Studi/Canva