Frp-Velle vil fjerne stipend til ulønnsame studium

Framstegspartiets Simen Velle meiner staten ikkje bør gi stipend til studentar på studium som ikkje lønner seg for samfunnet.

NPK-NTB
Publisert

Saka er oppdatert med reaksjonar.

– Eg ønskjer sterke universitet. Eg ønskjer at mange nordmenn skal studere, og eg ønskjer at dei i stor grad skal få lov til å studere det dei sjølv vil. Men vi må ta ein fot i bakken og sjå ting opp mot kvarandre, seier Velle til Khrono.

Han har nyleg vorte ny fraksjonsleiar i utdanningskomiteen på Stortinget, og i den ferske boka si 11 gode grunner til å våkne opp lanserer han eit forslag om å fjerne stipendet for utdanningar som «ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsame».

I dag blir inntil 40 prosent av lånet gjort om til stipend dersom ein ikkje bur heime hos foreldra, inntekta og formuen er under ein viss sum, og om utdanninga er bestått.

NSO-leiar reagerer

Leiar Sigve Næss Røtvold i Norsk studentorganisasjon (NSO) reagerer på forslaget til Velle. Han meiner regjeringa allereie legg for mange føringar for høgare utdanning i det statsbudsjettet som no er lagt fram.

– Vi har ikkje behov i det heile for endå meir styring av kva vi studentar vel å studere, seier Røtvold til NTB.

Han meiner ei slik ordning vil gjere at val av studium vil vere for retta mot lommebok og gjeldsvegring i staden for motivasjon og kvalifikasjonar.

– Stipendordninga i studiestøtta må liggje fast. Det er ikkje kva du studerer som skal definere kor mykje gjeld du skal sitje igjen med. Stipenddelen skal vere 40 prosent, så lenge vi studentar består studiepoenga våre, seier Røtvold.

Sigve Næss Røtvold er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Foto: NSO

Ser mot Danmark

Kva fag som skal reknast som lønnsame, meiner Velle partane i arbeidslivet bør definere.

– Det handlar om å velje kva samfunnet faktisk treng. Kva verkemiddel vi tek i bruk, er ikkje så viktig for meg. Det viktigaste er at det blir retta opp, seier han til Khrono.

Velle viser til Danmark, der fleire masterutdanningar er kutta frå to til eitt år for å få studentane raskare ut i arbeidslivet.

– Eg meiner det er rett å gjere ein kost-nytteanalyse av kva studieretningar som lønner seg for fellesskapen, seier han.

Frp-politikaren understrekar at han ikkje vil overstyre universiteta, men ønskjer «klare rammer» og forsking som gjer Noreg sterkare.

– Forskinga Noreg finansierer bør gjere oss sterke på ein eller annan måte, seier Velle.

– Dette blir for dumt

Også utdanningspolitisk talsperson Sunniva Holmås Eidsvoll i SV reagerer på Velles forslag.

– Dette blir for dumt. Simen Velle forstår ikkje korleis kunnskap og forsking fungerer. Når universitet blir sensurerte i USA, burde han forstå kor viktig akademisk fridom er, seier ho til NTB.

Eidsvoll viser til at mykje av kunnskapen i samfunnet er basert på fleire tiår med forsking.

– Om vi no droppar stipend på ting som «ikkje lønner seg», går vi glipp av viktig kunnskap i framtida, seier ho.