Salam Norge fryktar dei må leggje ned etter budsjettkutt

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.10.2022 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne saka omtalar assisterande generalsekretær i Salam ei historie som fleire medier har trekt fordi påstandane ikkje lot seg dokumentere. Denne referansen er fjerna frå saka.

Når vi no ikkje er inne på budsjettet, ser vi ikkje kva moglegheiter vi har til framleis drift. Vi kan søkje om midlar, men når vi ikkje veit om eller kva vi får, blir det nær sagt umogleg å sikre drift for den einaste organisasjonen for skeive muslimar, seier assisterande generalsekretær Thee-Yezen Al-Obaide til Blikk.

MDGs Lan Marie Berg meiner Salam Norge bør få øyremerkte midlar og seier at ho vil jobbe for dette på Stortinget.

– Dette handlar om føreseielegheit for organisasjonar som jobbar med særleg utsette grupper. Eg meiner enkelte organisasjonar, som Salam, må få øyremerkte midlar fordi dei har ei særleg viktig rolle, seier ho.

Berg meiner Salam Norge har ein unik posisjon og synest det er rart at det ikkje blir spegla i statsbudsjettet.

Praksisendring

Salam Norge vart grunnlagt i 2018 og arbeider for LHBT-personar med muslimsk bakgrunn. Organisasjonen har fått éin million i driftstilskot av staten sidan 2021.

Salam Norge må no søkje om pengar frå ein felles pott til skeive organisasjonar som følgje av ei praksisendring frå regjeringa.

I staden for at organisasjonar får pengar direkte, må mange av dei heller søkje frå ulike pottar. Endringa fører også til at Skeiv Ungdom og FRI mistar fleire øyremerkte tilskot, ifølgje NRK.

Skeive muslimar har slite etter terroren

Støtta til skeive organisasjonar er auka med 15 millionar kroner for 2023, nær ei dobling frå budsjettet for i år. Pengane skal mellom anna gå til oppfølging etter Oslo-skytinga 25. juni.

Salams medlemmer vart hardt ramma av terroren ved London Pub, opplyser Al-Obaide.

– Vi hadde medlemmer inne på London Pub og utanfor den natta. Som skeive muslimar har vi slite i tida etter terroren, og vi har brukt mykje av tida vår i etterkant på å vareta medlemmene våre, ikkje minst då vi arrangerte støtteparaden laurdag 25. juni, etter at Oslo Pride avlyste paraden sin, seier han.

Oppdatert 10. oktober 2022, kl. 13.50: Lagt til kommentar frå MDG. 


Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall