Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter vidaregåande visste ikkje Margrethe Oma kva ho ville drive med vidare. Med gode karakterer hadde ho mange val, og ville finne ei utdanning som kunne gi henne sikkert arbeid i framtida, i tillegg til god økonomisk tryggleik.

– Eg var oppteken av å finne eit yrke eg kunne drive med også i andre land dersom eg i framtida ville flytte på meg. Eg har alltid vore interessert i turn, og tenkte difor at eg kunne kombinere idrettsinteressa mi med det medisinske ved å bli idrettslege, fortel Oma i ein e-post til Framtida.no.

Lege eller lærar?

– Dei fyrste åra på studiet var ganske annleis enn kva eg såg føre meg. Matte og fysikk var mine yndlingsfag frå VGS, medan kjemi var det eg syntest var tyngst.

Det fyrste året på studiet vart det ein del kjemi- og laboratorieundervisning, noko som sette motivasjonen fleire steg tilbake.

– Alle rundt meg verka vere så dedikerte at eg tvilte endå meir på valet. Eg har alltid likt å lære frå meg, og vurderte ein periode å bytte til lærarstudiet. Det var fyrst då vi fekk ha pasientkontakt at eg på ny fekk auga opp for at det var lege eg ville bli.

Ho vart med i organisasjonar på studiet som dreiv med undervisning, og forstod at legekvardagen kunne ha ein del undervisning i seg gjennom samtale med pasientar og kollegaer.

Smittesporing og sjukeheim

I dag jobbar Margrethe Oma som sjukeheimslege ved Volda omsorgssenter. Før dette hadde ho fleire ulike jobbar. Nylegast som fastlegevikar, før ho vart sjukeheimslege.

– Våren og sommaren 2021 hadde eg mammapermisjon. I løpet av denne perioden var eg i dialog med det lokale legesenteret for jobb etter enda permisjon. Eg vart tipsa om fleire vikariat som ville bli ledige utover hausten, som saman ville utgjere ei lengre stilling.

Margrethe Oma i sjølvsydd legefrakk. Foto: Privat

Som fyrstegongsmamma var ho særs spent på å kombinere dette med jobb, og syntest det var godt med fleksibiliteten i kortare vikariat for å sjå korleis den nye kvardagen ville bli.

– Det gjekk veldig bra, no har eg nett starta som sjukeheimslege ved Volda Omsorgssenter og trivst med det.

Under koronapandemien har ho hatt jobb heile vegen, unntatt då ho var i mammapermisjon.

– Eg var tilsett i Volda kommune og jobba ved covid-19 teststasjon. Det var stor pågang, og eg dreiv med smittesporing når det var utbrot i kommunen.

Av med ringar og smykker

Nå ho kjem på jobb, er det fyrste som skjer at ringar og smykker må takast av, før ho får  på seg uniformen, som anten må vere kvit eller einsfarga.

– Eg har bevisst på meg fargerike sko for at litt av MEG skal skine gjennom, fortel Oma.

Så ventar ein spennande dag med pasientmøter.

– Det som er så interessant er at folk har så ulike problemstillingar dei vil snakke med lege om.

Som allmennlege har ein mange konsultasjonar i løpet av ein dag, med stort spenn i problemstillingane. Det gjeld då å møte pasientane på best måte ut i fra kva dei treng den aktuelle dagen.

– Eg har eit avbrekk midt på dag til ammepause, før eg møter fleire pasienter etter lunsj. Mot slutten av arbeidsdagen er det mykje papirarbeid – korrespondanse med NAV, erklæringar, blodprøver som skal vurderast og svarast ut, samt tilvisingar til spesialisthelsetenesta.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Medisinutdanninga gir godt fagleg grunnlag, men det er mykje å lære når ein skal starte i jobb. Det er meir til legejobben enn det teoretiske. Vi skal lytte, trøyste, vurdere, rettleie, oppmuntre og setje grenser. Samstundes skal vi bruke den faglege kunnskapen til å gi folk betre helse.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– At legar kan alt. Utdanninga er lang, men vi må titt bruke oppslagsverk og gode kollegaar for å finne den beste behandlinga.

Drøymer om tisdforlengar

Oma tykkjer det beste med jobben er pasientar som deler mykje av livet sitt.

– Ikkje berre sjukdom og symptom, men også livserfaring og kunnskap som ein kan ha nytte av enten personleg eller i møtet med ein annan pasient.

Det mest utfordrande er at alle pasienter skal møtast med blanke ark.

– Dersom eg nett har møtt ein pasient i livets sluttfase for så å skulle ha ein konsultasjon om eit smertefullt kne, kan denne omstillinga vere utfordrande. Eg er oppteken av at alle skal føle seg like viktige når dei møter meg som lege, fortel ho.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg var med på ein fødsel på legevakt. Å sjå at alt gjekk fint og få vere med frå det fyrste sekund av nokons liv var svært spesielt og står meg endå nært.

For framtida drøymer ho om at nokon finn opp ein tidsforlengar slik at kvar døgn har 48 timar, og ikkje berre 24. Ein skal likevel ikkje ha meir søvnbehov enn ved eit 24 timars døgn.

– Då ville eg hatt tid til jobb, familie, vener, turn og hobbyar. Eg vil så gjerne sy meir på fritida, men no syr eg mest på jobb. Når nokon finn opp ein slik tidsforlengar, håpar eg dei også finn ein måte å dra frå Volda til Sola på 10 minutt.

Litt har Margrethe Oma fått sydd siste året, også utanom jobb. Ho var nemleg ein av dei 12 deltakarane i årets utgåve av Symesterskapet på NRK, der ho mellom anna laga jakka som artist Kjartan Lauritzen var mest nøgd med.

Kjartan Lauritzen valde jakka Margrethe Oma hadde sydd som sin favoritt. Foto: Skjermdump frå NRK.

Gode studieteknikkar

Legeyrket trur ho kan passe til dei fleste.

– Det er mange retningar å gå innanfor medisin, men fellestrekket er at ein har interesse for mennesket og at ein har evna til å jobbe dedikert når det trengst.

Om unge siktar mot jobben som lege rår ho til å sørge for gode studieteknikkar allereie frå ungdomstida, så ein slepp pugge ut i dei seine nattetimar.

– Generelt er det lurt å bruke tida på skulen godt, slik at ein kan ha meir tid til kjekke ting på fritida.


Marianne Hetland (27) arbeider som sjukehusklovnen Alfakrøll. Foto: Ida Brekke, Magnus Skrede.

Margrethe Oma

Alder: 30
Frå: Sola, men bur i Volda
Yrke: Lege
Utdanning: Medisinstudiet i Bergen