Fosen-aksjonistane i Høgsterett – fortset kampen i Finnmark
Fosen-aksjonistane vart frikjente i både tingretten og lagmannsretten, men skal no forklare seg for Høgsterett. Samstundes held dei fram med protestar mot gruvedrift i Finnmark.
13 Fosen-aksjonistar står tiltalte for å ha nekta å betale bøter, etter at dei ikkje ville fjerne seg frå Energidepartementet. Der aksjonerte dei i 2023, etter at det kom ein dom frå Høgsterett som sa at vindkraftutbygginga på Fosen var ulovleg.
Vindturbinane vart bygde i strid med menneskerettane, slo domen fast.
– Det ville ha vore absurd å bli dømt i Høgsterett for å ha forsvart ein høgsterettsdom. For å ha forsvart rettsstaten og vår alle si rettssikkerheit, skriv artist og aksjonist Ella Marie Hætta Isaksen i VG.
Handlar om kva makt politiet har
Fosen-aksjonistane vart frikjende i både tingretten og lagmannsretten, og slapp å betale bøtene frå politiet på 6000 kroner.
Statsadvokat Stian Hermansen meiner at det ikkje er eit for stort inngrep i ytringsfridomen til aksjonistane.
– Demonstrasjonane førte til avgrensa forstyrringar av dagleglivet, seier Hermansen til NRK.
Han meiner også at saka handlar om kva makt politiet har til å stoppe slike aksjonar.
– Det handlar om kva betydning denne saka kan få for andre saker som har med sivil ulydnad i demonstrasjonar å gjere, seier han.
Ny protestleir i Finnmark
I ei pressemelding send til Framtida.no seier Isaksen følgande:
– Staten har ikkje lært av Fosen-saka. Historia er i ferd med å gjenta seg.
Ho viser til ein annan kamp ein annan stad i landet. Medan aksjonistane førebur seg til Høgsterett, har Natur og Ungdom etablert ein ny protestleir i Repparfjord i Finnmark.
Samisk ungdom og miljøvernarar samlar seg for å stoppe sprenginga av Nussir-fjellet, eit område som blir brukt som beite for rein.
Protestleiren vart oppretta ved Markoppneset i helga, og Natur og Ungdom har gitt beskjed om at dei vil aksjonere dersom sprenginga begynner igjen.
Imponert, men ueinig
Administrerande direktør i gruveselskapet Nussir, Øystein Rushfeldt, seier til NRK at han er imponert over Natur og Ungdom:
– Eg har veldig respekt for at dei engasjerer seg og er opptekne av det temaet. Det er vi også.
Men han er ueinig med dei når det gjeld om det skal vere gruvedrift i Repparfjord eller ikkje. No er aksjonistane på eit industriområde der dei ikkje har lov å vere, men direktøren fortel at dei ikkje kan gripe inn personleg.
– Vi har ikkje lov til å gjere noko med det. Det er politiet som må ta tak i saka og snakke med ungdommane, seier han.