Politiet har fjerna aksjonistar ved Repparfjorden
Aksjonistane frå Natur og Ungdom lovar å ikkje gje opp kampen mot Nussir-gruva i Hammerfest.

Natur og Ungdom aksjonerer mot Nussir-gruva i Hammerfest som har fått løyve til å dumpa gruveavfall i Repparfjorden. Aksjonistane fryktar òg for konsekvensane gruvedrifta kan få for reindriftsnæringa i området.
Bedrifta Blue Moon Metals har jobba sidan 2005 med å starta kopargruver i området. 12. juni i år starta sprengingsarbeidet med gruva, som har vorte stansa av aksjonistar frå Natur og Ungdom.
Tre aksjonistar fjerna
Politiet innførte ferdselsforbod i området fredag 20. juni, noko demonstrantane ikkje retta seg etter.
Innsatsleiar i politiet, Linn Arild opplyste til NRK at demonstrantane fekk pålegg om å fjerna seg frå staden. Måndag om lag klokka 10 vart dei tre demonstrantane fjerna fysisk frå staden av politiet og køyrde til arresten i Hammerfest, ifølgje NRK.
Aksjonist Andrine Alette Logje Hallen forklarar i ei pressemelding frå Natur og Ungdom kvifor ho valde å ikkje å følgja pålegget frå politiet.
– Eg meiner at det er verdt å bryta lova for at Repparfjorden og reindrifta i området får leva. Reindrifta er ein viktig samisk kulturberar, men over heile Sápmi blir beite- og kalvingsområde rasert bit for bit, seier ho i pressemeldinga.
Politiet: – Sikrar ytringsfridomen
Politiet har gitt demonstrantane lov til å opphalde seg på Markopneset i nærleiken av gruva, der dei har sett opp leir.
Politiinspektør Morten Daae sa fredag førre veke ifølgje NRK følgjande om ordninga:
– Dette meiner me er ei god løysing som både sikrar ytringsfridomen til demonstrantane samstundes som det tek omsyn til dei behova som gruveselskapet har for å oppretthalda drift og si lovlege verksemd.
Natur og Ungdom viser til at dei heldt leir ved gruva i 100 dagar i 2021 og har planar om å kome tilbake òg denne gongen.
Brage Bøe Ulstein har tidlegare vorte arrestert for aktivisme ved Førdefjorden, og kjempar no for Repparfjorden.