Camilla Maria Brekke er 22 år og ny varaordførar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.10.2022 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

22-åring vald til varaordførar

– Det er veldig stas. Det er ein jobb eg gler meg til å ta fatt på. Eg gler meg til å vera med å påverka politikken i kommunen endå meir.

Det seier arbeidarpartipolitikar Camilla Maria Brekke på telefon til Framtida.no. 

Varaordførar med fulltidsjobb og studium

Onsdag førre veke hadde 22-åringen ein lang og innhaldsrik dag. Etter å ha vore på Blindern i Oslo, der ho har starta på ei bachelorgrad i kultur og kommunikasjon, reiste ho heim for å møta NRK og lokalavisa Jarlsberg Avis.

I kommunestyremøtet, som varte til klokka 22 på kvelden, vart Camilla Maria Brekke valt til ny varaordførar i Holmestrand. Ho tek over vervet etter at Tove Ødeskaug (Sp) har fått fritak på grunn av sjukdom.

Når Framtida.no snakkar med ho på telefon er ho på veg frå fulltidsjobben i familien si røyrleggjarforretning til ordføraren sitt kontor. I tida fram til neste års kommuneval skal Brekke stilla opp om ordførar Elin Weggesrud (Ap) ikkje har høve.

Brekke vart vald inn i kommunestyret i 2019 og var Vestfold Ap sin 3.-kandidat til Stortinget ved stortingsvalet i fjor. Sjølv om ho ikkje vart vald inn som fast representant har ho fått møtt på Stortinget og halde innlegg om psykisk helse.

Camilla Maria Brekke (22) har lite fritid på sida av fulltidsjobb, studium, lokalpolitikken og ungdomspolitikken. Foto: Privat

Vil ha unge på listene

Politikaren trur at det at ho som 22-åring får eit slikt verv kan bidra til at dei unge sine perspektiv vert endå synlegare.

– Det er viktig i eit demokrati at dei folkevalde speglar befolkninga og eg tek med meg dei erfaringane eg har inn i rolla, seier Brekke.

Ho ser fram mot neste års val og håpar det då vil vera endå fleire unge på listene.

– Å vera lokalpolitikar handlar om å ta på seg ansvar i lokalmiljøet. Eg håpar fleire unge vil stilla opp for det partiet som passar dei, seier Brekke.

Les også: AUF skuffa over at oljeskattepakken ikkje blei skrota: – Det går som det grin i norsk oljebransje

Lagspel og hobby

Ho meiner det er viktig at erfarne politikar spør dei unge og legg til rette for nye stemmer uavhengig av alder.

– Ein må invitera folk inn så ein skjønar korleis prosessen fungerer og vert med å bygga lag. Politikk er lagspel, særleg lokalt der det er mange saker som er tett på kroppen for mange. Eg håpar difor at dei som har meiningar om korleis samfunnet skal sjå ut stiller til val.

I tillegg til lokalpolitikken er Brekke engasjert i AUF, og brenn for eit meir likestilt og rettvist samfunn.

– Eg er veldig travel og ser ikkje venene mine så mykje som eg skulle ynskja. Samstundes har eg vore travel i mange år, då eg har vore med i AUF og fylkeselevrådet i Vestfold. Eg har vore med å påverka gjennom politikken i mange år. Det tek tid, men det er òg ein hobby der eg møter venene mine, forklarar Brekke.

Camilla Maria Brekke (22) er oppteken av at Holmestrand skal vera ein god kommune å bu i heile livet. Foto: Privat

Politikk er prioritering

Ho synest det er gøy når ein kan sjå at politikk verkar, som når det kjem ny barneskule og ungdomsskule i kommunen, eller at helsestasjonen for ungdom får lengre opningstid.

– Eg lærte allereie på ungdomsskulen at politikk handlar om å prioritera. Det er eit budsjett som skal delast ut. Det handlar om å vera med å prioritera dei avgrensa ressursane, avsluttar Brekke.


Wiktoria Bujnicka (t.v.) og Inger Christin Hystad Barane var med i delegasjonen frå Vestland då ungdommar frå heile landet møttest på Gardermoen for å drøfte eit nasjonalt ungdomsråd. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg