Lærarstreiken: Statsforvaltar ropar varsku på vegner av barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ønskjer ikkje å meine noko om ein streik, men no ser vi det er heilt nødvendig å rope eit varsku på vegner av barn og unge. Konsekvensen av streiken, som kom etter to år med pandemi, blir merkt av alle barn og unge som no står utan eit skuletilbod, seier statsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker i Troms og Finnmark.

Alle statsforvaltarane i landet er bedne om å rapportere til Utdanningsdirektoratet om konsekvensane av streiken, og hadde frist til å levere tysdag klokka 12.

– I Troms og Finnmark ser vi mellom anna at elevar med behov for spesialundervisning ikkje får noko tilbod, skriv statsforvaltaren i ei pressemelding.

Konsekvensar etter pandemien

Utdanningsdirektoratet har førebels ikkje ønskt å dele rapportane som statsforvaltarane har levert inn. Også Helsedirektoratet har bede om å få ei tilbakemelding frå statsforvaltarane på korleis lærarstreiken råkar den psykiske helsa til barn og unge.

Aspaker meiner vi må sjå på konsekvensane for barn og unge i lys av den to år lange pandemien.

– Vi får tydelege signal om at barn og unge har det svært vanskeleg, og at dette spesielt rammar dei som har vanskelege livssituasjonar. Vi har døme på ungdommar som skulle starta i åttande klasse, som ikkje eingong har vore på skulen. Det gjer noko med ungdommane. Vi høyrer at dei som har slite frå før, har det vanskelegare no, seier statsforvaltaren.