Norske kinoar merka effekten av Hollywood-streikar

Talet på selde billettar ved norske kinoar fekk seg ein solid opptur i juni, etter eit dårleg år så langt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I juni vart det selt 592.845 kinobillettar ved norske kinoar. Dette er langt meir enn i juni i fjor, då det berre vart selt 444.533 billettar.

– Vi trong ein opptur no før sommaren. Mai vart den dårlegaste månaden for talet på selde kinobillettar som vi nokosinne har hatt. Medan april er den nest svakaste nokosinne. Derfor trong vi gode juni-tal, seier administrerande direktør Espen Lundberg Pedersen i bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Blir ramma av Hollywood-streikar

Dei seks første månadene i år vart det selt i underkant av 3,5 millionar kinobillettar, ein solid nedgang samanlikna med same periode i 2023, då det vart selt over 3,9 millionar billettar.

Pedersen legg skulda for det dårlege kino-året så langt på sviktande filmar.

– Vi lever av eit godt og attraktivt innhald på kinoane våre. Denne våren har det vore langt mindre attraktivt innhald enn det som er normalt. Det kan mellom anna forklarast med streikar i Hollywood både blant skodespelarar og manusforfattarar, seier Pedersen.

– Høge forventningar til resten av året

Sjølv om kinosommaren ligg godt an så langt, erkjenner Pedersen at det nok blir vanskeleg å slå talet frå i fjor for juli og august, då storfilmane «Barbie» og «Oppenheimer» trekte mange til kinosalane.

Direktøren har likevel gode forventningar for resten av sommaren, med fleire sterke filmtitlar i vente, som «Deadpool & Wolverine» og «Grusomme Meg 4».

– Det betyr at eg trur at det er gode moglegheiter for å hente oss inn til 2023-nivå når status skal gjerast opp ved årsskiftet. Eg har høge forventningar til resten av 2024 – og endå høgare forventningar til 2025. Vi har mykje godt innhald i form av attraktive filmar på norske kinoar gjennom sommaren og utover hausten, seier Pedersen.