Troms og Finnmark er fylket som er hardast råka av streiken. Medan medelevane alt no meiner eksamen må avlysast, er Kristian Daljord usikker.

– Me mistar jo veldig mykje av skulestarten og det er bra vanskeleg å ta igjen når me ikkje får vete pensum.

Det seier Kristian Daljord (17) frå Tromsø på telefon til Framtida.no. 

17-åringen går VG2 studiespesialiserande ved Tromsdalen vidaregåande, der 25 lærarar er tekne ut i streik.

8.200 lærarar i streik

Etter at streiken vart trappa opp på ny denne veka er no 8.200 lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i streik.

Streiken starta allereie før sommaren, då Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag ikkje vart einige i lønnsforhandlingane med arbeidsgjevarorganisasjonen KS.

Oslo har ingen streikande lærarar, då kommunen vart einige med lærarane i forhandlingane.

Troms og Finnmark er det fylket som er hardast råka av streiken, då dei har flest streikande lærarar per 100.000 innbyggjarar. Det viser tal VG har henta frå Utdanningsforbundet.

Mista 50 skuletimar

Daljord og klassekameratane har mista stadig fleire skuletimar etter kvart som streiken har vorte trappa opp.

Denne veka har han berre to timar tysdag og fire timar fredag.

Onsdag føremiddag har han telt seg fram til at han har mista 50 skuletimar så langt i år, noko som er nesten to heile skuleveker.

17-åringen er 1. vara til ungdomsrådet i Tromsø kommune. No er han uroa både for det faglege og den psykiske helsa til medelevane.

– Personleg går det fint, men eg veit at mange synest det blir verre og verre psykisk. Når ein ikkje får kome på skulen og møte nettverket sitt, så blir det vanskeleg. Staten tapar pengar når dei må bruka meir pengar på psykologar til elevane. Det er ingen vinnarar i denne streiken og dei største taparane er oss elevane, seier Daljord.

Fryktar nytt «koronakull»

Han rosar likevel Tromsø kommune for tiltaka dei har sett inn for elevane, som inkluderer gratis inngang på Tromsøbadet, den kreative arbeidsplassen Tvibit og ei rekkje andre tilbod.

Vidaregåandeeleven støttar lærarane sin streikerett og skjønar lønnskrava, men viser til at elevane no går glipp av lovfesta opplæring, noko han meiner skulen må ta ansvar for.

Kunnskapsdepartementet har ingen planar om å avlysa eksamen 2023, medan Elevorganisasjonen meiner ein må ta ei risikovurdering etter eksamen.

Venene til Daljord meiner at eksamen ikkje bør gjennomførast, på grunn av all undervisninga dei har gått glipp av.

Daljord er meir usikker, fordi han som andreårselev fryktar hard konkurranse om studieplassar med elevar som ikkje har hatt avgangseksamen.

– Ein les jo i avisene om det å konkurrera mot koronakulla, samstundes som eg ikkje synest det er eit godt nok grunnlag for eksamen når me mistar så mykje læring, seier han.

Kampen for studieplassen

17-åringen har allereie no byrja å tenkja på vidare utdanning, kanskje innan juss eller siviløkonom.

– Då treng eg i alle fall halvparten femmarar og mange seksarar. Om tredjeklasse mistar eksamen og eg får 3 eller 4 på eksamen, er det ganske skadeleg. Då vil eg måtte ta opp mykje fag og poeng frå Forsvaret, som vil ta unødig lang tid, avsluttar han.  


Jonas Bratland, formidlingsansvarleg i elevrådsstyret på Amalie Skram VGS. Foto. Privat/Løken /wikimedia
ANNONSE