Lærarstreik: Helsedirektoratet skal finne ut om elevar sin bruk av helsetenester har endra seg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder VG.

Helsedepartementet har bede Helsedirektoratet om å kontakte statsforvaltarane for å få «en status og vurdering» frå eit passe utval av dei kommunane som er råka av streiken, skriv avisa vidare.

Psykososiale konsekvensar av streiken

– Statsforvaltarane har også vorte bedne om å vurdere om det er andre mildnande tiltak som burde vore sette i verk i dei aktuelle kommunane, med sikte på å auke tilgangen til tenester og redusere dei psykososiale konsekvensane av streiken, seier kommunikasjonsrådgivar Torjus Lunder Bredvold i departementet til VG.

Han opplyser at oppdraget til Helsedirektoratet er halde unna offentleg innsyn.

Uroa for helsa til barn og unge

Når 100 lærarar til blir tekne ut i streik tysdag vil til saman 8.550 av medlemmene i Utdanningsforbundet vere i streik.

Helsedepartementet er bekymra for om helsa til barn og unge blir godt nok vareteken under streiken, og Brevold påpeikar overfor VG streiken kjem kort tid etter to år med skulestengingar som følgje av koronapandemien.

Jonas Bratland, formidlingsansvarlig i elevrådsstyret på Amalie Skram VGS. Foto. Privat/Løken /wikimedia