Personleg assistent-streik blir trappa opp

Måndag vart streiken blant brukarstyrte personlege assistentar trappa opp. Ytterlegare ni brukarstyrte personlege assistentar går no ut i streik.

NPK-NTB
Publisert

Seks tilsette frå Human Care og tre frå Norlandia Hjemmetjeneste BPA er dei siste som legg ned arbeidet, skriv NRK.

Det betyr at det no er totalt 19 brukarstyrte personlege assistentar som streikar etter at meklinga mellom Fagforbundet og NHO Geneo ikkje nådde fram for to veker sidan.

Ei av bedriftene som blir ramma av streiken, Humana Omsorg og Assistanse, har tidlegare sagt at dei meiner streiken utgjer ein fare for liv og helse, noko Fagforbundet avviser.

– Det som går på liv og helse vil sjølvsagt bli vareteke av helsetenestene i kommunen, seier leiar Mette Nord i Fagforbundet til statskanalen.

Brukarstyrte personlege assistentar skal hjelpe personar med langvarige spesielle behov med ulike ting i kvardagen, som til dømes matlaging eller reinhald.

– Vi beklagar at denne streiken får negative konsekvensar for brukarar og pårørande. Samtidig er dette ein lovleg streik, så at ein streik får konsekvensar er ein del av samfunnsmodellen vår, seier Sigurd Løkholm, forhandlingsleiar for NHO Geneo, til same kanal.