Over 500 studentar må ta eksamen i august
Mange av dei streikeramma studentane fekk til slutt ta eksamen i juni, men over 500 må vente til etter sommarferien før dei får avslutta dette studieåret.
Tidlegare i juni måtte ei rekkje eksamenar ved norske universitet og høgskular utsettast grunna streik. Dei aller fleste eksamenane vart likevel avvikla slik som planlagt etter at dei tilsette kom tilbake på jobb grunna tvungen lønnsnemd, skriv Khrono.
Likevel er det somme studentar som må vente heilt til august før dei får tatt eksamenane sine. Khrono har følgt opp dei utdanningsinstitusjonane som i juni rapporterte at dei måtte utsette.
Ved NTNU blei eksamen utsett eller avlyst i 28 emne, hovudsakeleg ved Fakultet for medisin og helse og Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap.
– Oversikta vår viser no at det er snakk om 335 studentar som må ta eksamen i august, skriv prorektor Marit Reitan, i ein e-post.
Høgskulen i Østfold melder at det er om lag 25 studentar som må vente til august med eksamen.
Også ved Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Søraust-Noreg blir det nokre eksamenar etter sommarferien.