1Storbritannia får både ny statsminister og monark

Det har vore ei heftig veke for Storbritannia. I går døydde 96 år gamle dronning Elizabeth II på sommarheimen hennar i Skottland. Det er den eldste sonen hennar, kong Charles III, som overtek trona.
I år feira dronninga 70 år på trona, noko som gjer at ho er den britiske monarken som har styrt lengst. Dronning Elizabeth rakk akkurat å oppleve 15 forskjellige statsministrar.
Berre eit par dagar tidlegare vart nemleg Liz Truss utnemnd som den nye britiske statsministeren.
Liz Truss tek over etter Boris Johnson, som i sommar trekte seg etter fleire skandalar. Han leia den britiske regjeringa på vegne av det konservative partiet. Difor var det opp til dei å utnemne ein ny statsminister. Truss er den tredje kvinnelege statsministeren i Storbritannia etter Theresa May og Margaret Thatcher.
Les også: Dette er Storbritannia sin nye statsminister
2Lærarane trappar opp streiken

Denne veka er 3600 lærarar ute i streik.
Fagforeiningane har varsla at 3000 fleire lærarar blir teke ut i streik frå måndag. Utanom Oslo er vidaregåande skular i alle fylke ramma, i tillegg til fleire ungdomsskular rundt om i landet.
No som ting blir dyrare, seier lærarane at dei får dårlegare råd enn andre offentlege tilsette som har like lang utdanning. Dei seier også at det er for mange som underviser som ikkje er utdanna som lærarar.
Det er Kommunesektorens organisasjon (KS) som forhandlar med fagforeiningane til lærarane når det kjem til jobbvilkår. Dei meiner dei har strekt seg så langt dei kan innan dei økonomiske rammene dei har.
Les også: Difor streikar lærarane
3KrFU-leiar ber KrF verne om den noverande abortloven

Foto: KrFU
Hadle Rasmus Bjuland, leiar i KrFU, sa denne veka til VG kva han meiner bør vere KrF sin abortpolitikk.
Han har før gått ut mot abortloven vi har i Noreg i dag, men no meiner han KrF bør gi opp kampen for ein meir konservativ lov.
Loven i dag lét deg fritt ta abort fram til fosteret er 12 veker gammalt, etter det må du få lov av ei nemnd med medisinske fagfolk. Bjuland meiner KrF heller bør fokusere på å verne om denne loven, og hindre at han blir meir liberal.
4Chile røystar ned ny grunnlov

Sundag gjekk chilenarar til urnene og røysta om dei skulle ha ei ny grunnlov. Den føreslåtte grunnloven ville blant anna ha stadfesta retten til abort og gitt urfolk i landet fleire rettar. I tillegg ville det blitt meir makt fordelt til regionar og kommunar.
Natt til måndag vart det klart at eit fleirtal røysta nei til den nye grunnloven.
Noko av bakgrunnen til forslaget er ei rekke med protestar mot sosial ulikskap. Utarbeidinga av nye lovar var blant anna eit forsøk på å gjere oppgjer med grunnloven som diktatoren Augusto Pinochet innførte på 1980-talet.
Les også: Chile kan få ein av dei mest progressive grunnlovane i verda
5Laurdag arrangerer Oslo Pride eit regnbogetog gjennom sentrum

Det vart aldri ei offisiell pride-parade gjennom Oslo i år. etter skytinga ved London Pub og Per på hjørnet natta før, sa politiet at det var for farleg. Difor vart det berre eit spontant og uoffisielt tog, sjølv om Oslo fekk mange støttemarkeringar rundt om i landet.
Laurdag arrangerer Oslo Pride difor eit regnbogetog gjennom byen.
Det blir ikkje ein parade på same måte som under pride, men ei støttemarkering til det skeive miljøet der alle er velkomne til å delta. Toget går frå i Kongens gate, går innom i gata utanfor London Pub, der gata denne veka vart måla i regnbogefargar av kommunen, og ender opp på Kontraskjæret.
Les også: Nils Bech og Fay Wildhagen til solidaritetsmarkering
