Overlege meiner skulebarn på Vestlandet burde ha seinare skuledag
Noreg har éi tidssone, men sola står opp 20 minutt seinare i vest. Overlege meiner det gir skulebarn på Vestlandet ein ulempe


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil at skuledagen skal starte seinare på Vestlandet
Overlege Tone Elise Gjøtterud Henriksen ved Valen sjukehus i Kvinnherad meiner barn på Vestlandet bør starte skuledagen seinare, skriv avisa Grenda.
– Eg tippar at i første time ser ungane ein god del trøyttare ut på Vestlandet enn på Austlandet. Det er jo urettferdig, seier Gjøtterud Henriksen til NRK.
Søv for lite
– Det ville ført til at fleire kom seg på skulen. Fleire ville fått det betre og gjort det betre på skulen, mest sannsynleg.
Heile 85 prosent av 16-åringane søv for lite, viser ein studie gjort ved Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar i Helse Bergen.
Ein av forskarane bak er Ingvild West Saxvig ved Haukeland universitetssjukehus.
Ho er einig i at ungdomane i aust har ein liten fordel, men seier det er vanskeleg for alle, uansett kor dei bur i landet.
– Eg meiner at veldig mange i 16-17-årsalderen med fordel kunne ha byrja litt seinare på skulen. Ungdomar er biologisk innstilte til å vera B-menneske, og kan ha problem med å sovna tidleg nok.