Mållaget: Nynorsk må med i digitaliseringsplanen til kunnskapsministeren
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har kunngjort at ho vil utarbeide ein digitaliseringsplan for skulen. I denne må nynorsk med, seier Noregs Mållag.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
![info](https://framtida.no/wp-content/themes/framtida/images/info.png)
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det digitale frisleppet i skulen er ein katastrofe for nynorskelevane, og ein digitaliseringsplan for skulen må gjere noko med dette, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.
Digitaliseringsplan
Det var torsdag at Brenna kunngjorde at ho utarbeider ein digitaliseringsplan for skulen – altså ein plan for bruken av digitale læremiddel for skuleelevar, som til dømes nettbrett, melde NRK.
Planen skal leggjast fram i vinter ein gong.
Les også: No må også private skular tilby eksamensoppgåver på begge målformer: – Endeleg har vi vunne fram
Finst ikkje på nynorsk
Mållaget viser til at blant dei mange digitale løysingane som finst i skulen, er det mange som ikkje finst på nynorsk – sjølv om elevane har krav på det.
– Vi kan ikkje finne oss i at digitaliseringa i skulen går utover kvaliteten på opplæringa til nynorskelevane. Det må kunnskapsministeren ta på høgaste alvor, og ho må nytte seg av dette høvet til å gi dei den opplæringa dei har krav på, seier Sætre.