«11 tiltak regjeringa bør innføre for å favorisere nynorsken»

Peder Lofnes Hauge
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noregs Mållag har omtalt den nye regjeringa til Støre som nynorskvenleg. Vi har store forventningar til korleis dei vil følgje opp både eigne program og felles plattform. På Hurdal blei dei samde om å fremje og sikre gode vilkår for nynorsk, og slik kan dei jamne ut det skeive tilhøvet mellom dei to offisielle skriftspråka.

Den største oppgåva får kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) som i ny opplæringslov skal sikre nynorskelevane ein likeverdig digital skulekvardag som bokmålselevane.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (t.v.) og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor. Kollasj: Framtida.no

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) skal setje den nye språklova ut i livet og sørge for at ho blir etterlevd. I valkampen signaliserte ho til og med vilje til å rydde opp i dei delane av lovteksten som Høgre herja med i vår.

Men alle skal med, også i språkpolitikken. Heile regjeringa har eit ansvar.

Her er 11 konkrete tiltak regjeringa kan setje i gang raskt. Desse vil samla føre til at heilt vanlege og høgst uvanlege folk får møte litt meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Slik kan regjeringa fremje nynorsken – og gjere det enklare å vere nynorskbrukar.

1: Staten må følgje sine eigne språkreglar

Staten er full av leiarar som i fleire tiår har gitt blaffen i mållova. Dette er til sjuande og sist eit politisk ansvar. Dei nye statsrådane må sørge for at eige departement og underliggande etatar ikkje lenger gjer seg til kjeltringar.

2: Skjerpe språklova

Regjeringa kan enkelt plukke bort Høgre sine gjennomslag i den nye språklova. Tilsette i staten må framleis meistre nynorsk, og fylka må få strengare og talfesta nynorskkrav. Og når ein er i gang: Kvifor i alle dagar er ikkje den administrative delen av Slottet og Stortinget ein del av lova?

HM Kong Harald (i midten), HM Dronning Sonja (t.v.) og HKH Kronprins Haakon på den høgtidelege opinga av det 166. storting. Foto: Peter Mydske/Stortinget/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

3: 50 prosent nynorsk på alle statlege nettstader

Statlege nettstader bør veksle 50/50 mellom nynorsk og bokmål. I påvente av dette bør alle statlege nettsider som finst i parallellutgåve, ha nynorsk som standardval. Dei som vil ha informasjon på bokmål, kan aktivt velje det sjølv.

4: Syte for at norske lærarar kan nynorsk

Lærarstudentar må få opplæring og bli prøvde i nynorsk. Det må stå på vitnemålet deira om dei har kompetanse til å kunne drive opplæring i og på nynorsk i skulen.

5: Meir nynorsk på TV 2

Som kommersiell allmennkringkastar må TV 2 få strengare nynorskkrav på seg, særleg på nett. Staten må følgje opp språkarbeidet i NRK og TV 2 betre. Ikkje å oppfylle språkoppdraget må få konsekvensar for overføringane.

6: Mindre pengar til riksaviser med nynorskforbod

Den statlege støtta til riksaviser må reflektere offisiell norsk språkpolitikk. Dagbladet får ikkje direkte pressestøtte, men momsfritak for papiravisproduksjon. Denne støtta må reduserast så lenge dei har forbod mot nynorsk på redaksjonell plass.

7: Gje EØS-borgarar rett til norskopplæring

EØS-borgarar som arbeider i Noreg, må få rett til norskopplæring. I nynorskområde skal dette sjølvsagt skje på nynorsk.

8: Kinofilmar skal vere teksta på nynorsk

Med dagens teknologi er det ingen problem at alle filmar har tekst på både nynorsk og bokmål, difor bør alle filmar parallelltekstast. Finn fram popkornet og la publikum møte nynorske undertekstar.

Strøymetenestene nyttar bokmål i alt dei gjer. Lilyhammer er kan henda eit unntak. Bilete: Netflix

9: Gje ekstrapoeng til nynorskelevar

Det bør løne seg å velje nynorsk. Opptakssystemet til høgare utdanning har i lang tid blitt brukt til å nå ulike politiske mål. Med ekstrapoeng for nynorskelevar kan ein bidra til at nynorskelevane held på språket sitt og ikkje byter hovudmål av taktiske årsaker.

10: Lover skal skrivast på nynorsk

Nye lovtekstar bør skrivast på nynorsk til vi når styresmaktene sine eigne mål for nynorskdelen av lover, forskrifter og andre styringsdokument.

11: Nynorsk i offentlege innkjøp

Innkjøpspolitikk er språkpolitkk, difor må nynorsk alltid vere med i alle krav til offentlege innkjøp. Berre slik kan stat, fylke og kommune stille tydelege nok krav når dei kjøper inn alt frå store nye digitale løysingar til skiltmalar.

Lista er ikkje uttømmande. Berre fantasien set grenser.

Arbeidarpartiet har merka seg at vanlege folk også skriv nynorsk – og har dei siste åra vore mellom dei tydelegaste partia for nynorsken. Med makt og mynde kan dei no setje i gang ei rekkje asymmetriske tiltak som favoriserer nynorsken.

Slik kan dei jamne ut tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i eit samfunn som alt for lenge har favorisert bokmålet.


Har du noko på hjarta? Send meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no! 


Marit Voldsund Fjeldvær tok bilete av FpU sin nynorskplakat på skuledebatt i Trøndelag. Foto: Marit Voldsund Fjeldvær, Tobias Eikeland