No må også private skular tilby eksamensoppgåver på begge målformer: – Endeleg har vi vunne fram

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fram til no har ikkje dette vore ei plikt for private høgskular, opplyser Noregs Mållag og Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre. Foto: Dina Rygg Eide

– Det er svært gledeleg at studentar på private skular får lovfesta retten til å få eksamen på sitt eige språk, uttalar Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag, i pressemeldinga.

– Endeleg

Tobias Christensen Eikeland fortel at Norsk Målungdom har jobba med å få denne retten på plass i mange år.

– Endeleg har vi vunne fram, seier Målungdomsleiaren.

Fra 1. august 2022 trer fleire endringar i universitets- og høyskoleloven i kraft. Ei av endringane er at studentar ved private institusjonar òg får rett til å velje kva norsk skriftspråk dei vil ha eksamen på. Det inneber at både statlege og private institusjonar no er pliktige til å tilby eksamensoppgåver på det ønska skriftspråket.

Stadig ei utfordring

I motsetnad til dei private skulane, har retten til eksamen på eiga målform vore gjeldande ved statlege høgskular og universitet i lang tid.

Tobias Christensen Eikeland er nyvald leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

Norsk Målungdom peikar på at det likevel stadig er ei utfordring at dei ikkje følgjer plikta si, og at studentane ikkje får oppfylt retten til å få eksamen på sitt valde språk.

– Målungdommen kjem til å halde fram med å passe på at studentane får det dei har krav på, seier Tobias Christensen Eikeland.

Ifølgje Mållaget er det over 50 000 studentar som no går på private høgskular som frå denne hausten for fyrste gong får rett til å ta eksamen på eige språk.


Illustrasjonsfoto: Oscar Daniel Rangel / Unsplash