Kvenungdommen vil ha offisielt kvensk namn på Oslo

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namnet kan då bli Uslu eller Ušlu.

– Vi har fått eit offisielt kvensk namn på Noreg, Norja, og vi treng også eit offisielt kvensk namn på hovudstaden Oslo, skriv den kvenske ungdomsorganisasjonen Kvenungdommen – Kvääninuoret i ein e-post sendt til Språkrådet i fjor.

Det handlar om verdigheita vår, moglegheit til å delta i staten som likeverdige borgarar og revitaliseringa av det kvenske språket, står det i e-posten.

– Ser lovande ut

Pål Kristian Eriksen, seniorrådgivar for Kvensk stadnamnteneste i Språkrådet, kan stadfeste at dei har hatt ein dialog med Kvenungdommen om namnesaka.

– Vi var først litt usikre på kvar vi står juridisk sett då dei tok kontakt med oss, fortel han til NRK.

Den kvenske stadnamntenesta arbeider i utgangspunktet med stadnamn innanfor det kvenske kjerneområdet. Derfor var dei usikre på om eit kvensk stadnamn på Oslo var innanfor mandatet dei jobbar med.

– Men det ser lovande ut, kan han no seie.

Må diskuterast

Sidan Språkrådet også var med i arbeidet på å få vedteke eit offisielt kvensk namn på kongeriket, trur Eriksen at dei også kan vere med i prosessen for å vedta eit offisielt kvensk namn på hovudstaden.

Språkrådet har ikkje ei offentleg meining om namnet.

– Det er heilt umogleg å seie akkurat no kva namn det eventuelt blir. Det må gå gjennom fleire høyringsrundar, og vi må også diskutere det fagleg, seier Eriksen.


– Vi vert ikkje prioriterte i skulen, og den kunnskapen som finst er ofte liten eller negativ. Det er ein direkte konsekvens av fornorskingspolitikken, seier Åsne Kummeneje Mellem, leiar i Kvenungdomen. Foto: Kvenungdommen.