Rekordhøgt karaktersnitt for avgangselevane i grunnskulen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 05.09.2022 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Utdanningsdirektoratet (Udir).

No har dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane for avgangselevane i grunnskulen skuleåret 2021–2022 vorte publisert. Avgangselevane i år hadde i gjennomsnitt 43,4 grunnskulepoeng. Det er ein liten auke frå 43,3 poeng året før.

Uvnaleg auke

Dei siste åra har karaktersnittet for avgangselevane i grunnskulen stige. Skuleåret 2019–2020 auka snittet uvanleg mykje. Dette året vart eksamen for første gong avlyst på grunn av koronatiltak.

Ifølgje Udir kom den uvanlege auken dette året både av at eksamenskarakterane ikkje vart berekna i karaktersnittet, og at elevane fekk høgare standpunktkarakterar i fleire av faga. Dei siste to åra har karaktersnittet halde fram med å stige.

Jenter har høgast snitt

Tala viser også at jentene i snitt har høgare karakterar enn gutane i dei fleste fag. Blant dei største faga er det berre i kroppsøving at gutar har høgare snitt enn jentene.

Størst forskjell mellom kjønna er det i faga mat og helse og kunst og handverk. Der har jentene høvesvis 5,0 og 4,9 i snitt, medan gutane har 4,3 og 4,2 i snitt.

Er det slik at alle kan få toppkarakterar berre ein jobbar hardt nok? Linn Isabel Eielsen skriv at det er ei god blanding tilfeldigheiter, hell og medfødde eigenskapar som gjer nokon eigna for livet i den norske skulen. Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen