6 og 4 i snitt: Kven har arbeidd mest?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvart år dukkar artiklane opp.

Nokon har gjort ein kjempejobb, og fått 6 eller høgare i snitt. Dei har sprunge raskt nok i gymmen, vore flinke nok i matte, lært seg to framande språk og pugga målmerke i norsken. Att på til har dei klart å ha null fråvære. 

Gratulerer! Først og fremst må det seiast at de har gjort ein kjempejobb. Verkeleg. Alle burde være stolt av eigne prestasjoner, og ingen har eit problem med at nokre gjer det resultatmessig betre på skulen enn andre. Det einaste eg kanskje har eit bittelite problem med, er dei som står fram i media og seier at det her, det dei har fått til, det kan alle klare om dei berre jobbar hardt nok.

Applausen blir kanskje høgare når desse orda blir uttala, og lovord om kor audmjuke skulevinnarane er blir kasta mot scenen. Men alt eg klarar å tenkje, er at våre framtidige legar, psykologar og diverse… Dei meiner at alle kan få seks i snitt om dei berre jobbar hardt nok for det. 

Sekundet du stiller deg opp og seier at alle kan få til det samme som deg, viser du at du har lest mange bøker og levert etter forventningar – utan eigentleg å ha forstått noko som helst. 

Ein med 4 i snitt kan ha jobba like hardt gjennom skoleløpet som ein med 6 i snitt, det kan berre hende at arbeidet måtte gjerast på nokre andre område. 

Perfekt resultat krev at ting er tilrettelagt

For å gå gjennom skulen med null fråvær, krevst det føreseielegheit og stabilitet. Stabilitet er skjørt. Det finst bilulykke, sjukdom, dødsfall, psykiske utfordringar, dårlege familierelasjonar, skilsmisser og brot – og alle desse kan fort føre til eit par timar, om ikkje dagar, med fråvær.

For å klare å få ein seksar i gym, krevst det uthald, viljestyrke og koordinasjon. Eg har personleg lært at det er vanskeleg å vise at ein har desse tre kvalitetane, når ein ikkje har ete på to veker. 

Kvalitetane, personlighetstrekka og privilegia som trengst for å få 6 i snitt og null fråvær, vert ikkje delte ut gratis til alle ved fødsel.

Ein seksar i akademiske fag krev at du er strukturert, likar å lese, hugsar og skriv godt, samt jobbar bra under press. Her kan dyskalkuli, dysleksi, konsentrasjonsproblem, og mykje anna spille inn. 

Kvalitetane, personlighetstrekka og privilegia som trengst for å få 6 i snitt og null fråvær, vert ikkje delte ut gratis til alle ved fødsel. Det er ei god blanding tilfeldigheiter, hell og medfødde eigenskapar som gjer nokon eigna for livet i den norske skulen.

Sjølvsagt må hardt arbeid til, og heideren er vel unnt til dykk som klarar det, de har jobba godt.

Men hugs at det er mange som har jobba like hardt. Dei måtte kanskje berre jobbe med nokre andre ting i tillegg.


  • Her kan du lesa fleire av Linn Isabel Eielsen sine tekstar!

Les om då Eielsen skulle flytte frå ei overprisa skoeske og enda opp i same studentbolig som kjærasten.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen