Éin av tre har observert hatprat mot samar i Nord-Noreg: – Ekstremt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.03.2023 16:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

11 prosent av personar busette i Nord-Noreg har eit negativt inntrykk av samar og kvenar/norskfinnar. Det er nesten fire gongar så høgt som landssnittet. Det kjem fram i ein ny rapport frå Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM).

– Det er høgare tal di lenger nord du kjem, det veit eg òg av erfaring. Men at det er nesten fire gongar meir utbreidd med negative inntrykk til samar i nord, det er litt ekstremt, seier Noereh-leiar Lars-Bjørnar Knutsen.

Mest hets i nord

NIM har granska haldningar til samar og dei nasjonale minoritetane i Noreg – jødar, kvenar/norskfinnar, skogfinnar, romar og romani/taterar. Her kan du lese heile rapporten!

Undersøkinga er utført av Kantar Public i november 2021 på oppdrag frå NIM. Ho var retta mot 2654 respondentar i eit representativt utval av Noregs befolkning, avgrensa til personar fylt 18 år eller eldre.

Rapporten syner at:

  • Ein tredel rapporterer at dei sjølv har eit negativt inntrykk av romar og romani/taterar. 
  • Blant personar busette i Nord-Noreg er andelen med eit negativt inntrykk av samar og kvenar/norskfinnar 11 prosent, som er nesten fire gongar landssnittet (3 prosent).
  • Andelen av befolkninga som har observert hatprat/hets mot samar og nasjonale minoritetar dei siste 12 månadane er størst når det gjeld jødar (19 prosent) og samar (15 prosent), følgd av romani/taterar (12 prosent), romar (10 prosent), kvenar/norskfinnar (3 prosent) og skogfinnar (3 prosent).
  • Hatprat/hets retta mot samar er i betydeleg større grad observert av personar busett i Nord-Norge (33 prosent) og i område assosiert med sørsamar, det vil seie i Midt-Noreg og dei nordaustlege delane av Innlandet (24 prosent).

Noereh-leiar Lars-Bjørnar Knutsen er ikkje særleg overraska over tala. Han peikar på at det samiske er meir synleg i nord, og at lokale medium oftare skriv om til dømes Repparfjord og vindmølleprosjekt i Nordland – saker der samiske område og utbyggingsprosjekt står i konflikt.

– I nord vil dei ha meir direkte kjensler opp mot det samiske. Det vert så nært.

Hetsen førekjem oftast på nett og i sosiale medium, og fleirtalet (58 prosent) gjorde ikkje noko når dei observerte slik hatprat, viser rapporten. Noereh-leiaren synest det er synd at ingen vågar å gripe inn.

– Då kunne ein følt seg støtta av samfunnet rundt, og ikkje berre opplevd det negative. Eg veit eg ville sett pris på det, seier han.

Kommentaren stod på trykk i kommentarfeltet til Avisa Nordland på Facebook 2. august i fjor. Foto: VG.

– Bør stå først i kunnskapskøen

Lars-Bjørnar Knutsen trur òg kunnskapsløyse er ei av kjeldene til negative inntrykk og fordommar.

– Ein har ikkje nok grunnleggjande kunnskap, og føler lett at det vert «oss» mot «dei». Då får ein fordommar inn ganske raskt. Nokre har nok òg arva fordommar frå foreldresida.

Rapporten syner vidare at på eit overordna nivå, er ein betydeleg del av respondentane samde i eit utval klassiske negative stereotypiar om samar og dei nasjonale minoritetane i Noreg:

Til dømes er støtta relativt høg til stereotypiske utsegn om at samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar liknar for mykje på nordmenn og er for integrerte i det øvrige samfunnet til å verte kalla høvesvis urfolk eller eit eige folkeslag (mellom 26 prosent og 32 prosent).

Støtta er også relativt høg til stereotypiske utsegn om at samar har for mange særrettar, ordningar og gode som andre ikkje får (23 prosent), at samar vert for lett krenka (31 prosent), at samar bidreg i liten grad til det økonomiske fellesskapet (14 prosent) og at samar hindrar framsteg og moderne utvikling (14 prosent). 

Noereh-leiaren meiner dei som seier seg samde i slike stereotypiar bør stå først i køen for å tileigne seg meir kunnskap.

– Eg håpar at årsaka bak er at ein ikkje kjenner til den samiske historia, korleis samar har vorte trakka på i generasjonar. For mange er historia eit stort sår som aldri får gro, sidan det konstant kjem salt i såret i form av samespøkar, intoleranse, hets, nedsetjande ord og så vidare.

Knutsen peikar på at samar må kjempe for å behalde grunnlaget for næringane sine, og at foreldre må kjempe for borna sin rett til samiskundervisning:

– Dei tre offisielle samiske språka har jo faktisk vore likestilte med bokmål og nynorsk sidan 1992, men framleis no 30 år seinare må du nesten vere i kjernesamiske område for å få ei fullverdig samisk undervisning.

NIM: – Eit systematisk samfunnsproblem

NIM meiner funna syner eit systematisk samfunnsproblem som krev felles innsats og fleire ulike tiltak.

– Samane og dei nasjonale minoritetane bør ikkje bere dette ansvaret åleine, slår NIM fast i rapporten.

Rapporten føreslår fem tiltak:

  1. Det bør verte sett i gang eit nasjonalt kompetanseløft.
  2. Det bør verte utarbeidd nasjonale handlingsplanar mot hatprat/hets. 
  3. Det bør verte utarbeidd lokale handlingsplanar mot hatprat/hets (delen hatprat aukar di lenger nord du kjem).
  4. Det bør verte utarbeidd ei lågterskelløysing for å melde frå om hatprat/hets. 
  5. Alle politidistrikt bør samle inn og publisere statistikk om hatefulle ytringar og hatkriminalitet mot samar og nasjonale minoritetar.

Fryktar fleire vil legge det samiske på hylla

– Kva konsekvensar ser du føre deg at kunnskapsmangelen og negative haldningar vil ha, om det ikkje vert teke eit skikkeleg oppgjer med det?

– Ein får jo helseplager av å ikkje føle seg likeverdig i samfunnet og av å verte utsett for hets. Mi største frykt er at det i endå større grad vil gå utover den psykiske helsa til noverande generasjonar og kommande.

I rapporten presiserer NIM at deira tal viser kor mange som har observert hatprat mot samar, og at anna forsking indikerer at sjølvrapporterte opplevingar av diskriminering, hatprat og hets blant samar og dei nasjonale minoritetane er endå høgare.

I ein rapport frå prosjektet Mihá svara 95 prosent av eit utval på 210 unge samar mellom 16 og 31 år at dei har opplevd at folk har fordommar mot deira samiske gruppe. Nesten halvparten møtte fordommar veldig ofte eller ofte. Tre av fire har vorte diskriminert minst éin gong i løpet av livet.

Lars-Bjørnar Knutsen fryktar stadig færre samar vil orke å stå i å vere samisk, når dei møter kunnskapsmangel og negative haldningar år etter år og generasjon etter generasjon.

– Utan merkbare forbetringar er eg redd at endå fleire vil legge det samiske meir og meir på hylla, sjølv om det samiske miljøet står sterkt og vi har ei lang kamptid bak oss for urfolks rettar.


Les også intervjuet med Ella Marie Hætta Isaksen: – Eg la delar av mi samiske stoltheit på hylla, for at det skulle vere enklare å kome gjennom

Ella Marie Hætta Isaksen får Zola-prisen for å ha vist stort mot i kamp mot urettferd. Foto: Sara Angelica Spilling