Henrik (24) og kameraten vart joika etter då dei gjekk i kufta på byen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er noko som er allmenn kjent blant oss samar, men som ikkje vert snakka så mykje om. Alle har høyrt om slike historier, men ein har kanskje ikkje fått det så konkret, seier Henrik Halvari.

24-åringen frå Hillágurra i Tana, som no er busett i Tromsø, gjekk saman med ein kamerat ut på byen i Tromsø iført kufta si.

Kor mykje samisk forstår du? Prøv deg i vår kviss!

Delte erfaringane på Facebook

Det gjekk ikkje lang tid før dei første blikka og kommentarane kom. Mange framande kom òg bort for å ta bilete med Halvari og Jovnna Levi Joks Vars (20).

På slutten av kvelden hadde dei gjort opp rekning via Snapchat. Henrik Halvari valte å dele erfaringane på si Facebook-side for å visa at samehets framleis er eit problem.

– Den kommentaren som gjekk mest inn på meg var at eg ikkje må ha kufta på meg. «Kufta høyrer ikkje til her.» Eg veit ikkje om personen meinte i Tromsø, på utestaden eller på byen, fortel Halvari.

I skrivande stund har innlegget fått over 100 likes. Halvari reknar med at fleire av desse kjenner til problematikken, men forklarar at innlegget først og fremst er retta mot dei som ikkje er klar over stoda.

– På samefolkets dag er det mykje positivt, men eg ville òg opplyse om det negative. Det er ikkje så mykje, men det stikk. Det viktigaste er å skapa ein aksept for koftebruk og bruk av samisk språk. I 99,9 prosent av tilfella er det aksept, men ikkje alltid, forklarar 24-åringen.

Les også: Mållaget vil høyre nynorsk og samisk i «Frost 2»

Redd for å gå koftekledd åleine

Sjølv om dei to kameratane var ute for å ha det gøy og ville pynte seg, var dei på førehand klar over kva som kom til å skje. Han fortel at ytterst få samar som vågar å gå i kufta dersom dei er i mindretal, særleg i situasjonar som inneber alkohol.

– På samefolkets dag er det mange folk i kofter, så då er ein ikkje så lette mål. I dag er det slik at folk ikkje vil ta på seg kufta dersom dei er dei einaste. Og då hjelper det ikkje å vere berre to, det må helst vere fem, seks, sju stykk, fortel Halvari, som legg til:

– Det skal ikkje vere slik at ein må vere fleire som må gå med kufta for å ikkje vere redd.

Les også innlegget frå Kim-Adrian (15): «Eg er samisk, men eg får ikkje læra språket mitt på skulen»

Sjå fire unge samar fortelje NRK om hetsen dei opplever:

https://www.youtube.com/watch?v=mLCWM4HmNQ0&feature=youtu.be&fbclid=IwAR3pi-VDMY-QAKX0NAPoFBxWrYkwaQ_RUaQZvV5wCeo1K0mdoi6zhSo7J74

– Jo lenger nord du kjem, jo verre er det

24-åringen frå Tana jobba i fjor som samisk vegvisar, eit program frå Samisk høgskole i Kautokeino som tek sikte på å auka kunnskapen om det samiske folket på norske vidaregåande skular i Noreg.

I den samanheng har han fleire enn ein gong opplevd å få ekle kommentarar og meldingar etter timen. Han har òg opplevd å bli joika etter på gata i Oslo.

– Nokre plassar er verre enn andre. Erfaringa mi er at jo lenger nord du kjem, jo verre er det. Det gjeld så lenge du ikkje er i dei samiske kjerneområda, som Karasjok, Kautokeino og Tana, seier Halvari, som sit som leiar i Samisk Studentforening Nord-Norge (SSDN).

Han trur ikkje han hadde fått like mange negative kommentarar om han hadde gått på byen i samekofte i til dømes Oslo, Bergen eller Stavanger

– Sørpå trur eg det er meir mykje meir akseptert. I Nord-Noreg er dette noko som går langt tilbake i tid. Dei første konfliktane mellom samar og nordmenn i desse områda har gått i arv, seier 24-åringen.

Les også om søstrene Elle Márjá og Mai-Lis Eira som har laga film om kraftutbygging og reindrift: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

– At Ella Marie vann Stjernekamp er ein stor ting som gjer at det samiske vert synleggjort og meir akseptert, seier Halvari. Pressefoto frå NRK.

Positiv utvikling

Halvari gler seg likevel over utviklinga den siste tida, der unge samar er stolte over arven sin og det samiske får stadig meir positiv merksemd i storsamfunnet mellom anna med Stjernekamp-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen.

Les intervju med Stjernekamp-Ella her!

Han har òg merka seg den historiske dommen der ein mann i 50-åra frå Nordland vart dømt for hatefulle ytringar mot samar i eit Facebook-innlegg som han skreiv i fjor.

– Det var bra han vart dømt, sjølv om det er veldig dumt for han. Det viser at det ikkje er fritt fram på internett å harselere med andre kulturar. Denne gongen var det samisk kultur, men det kunne like gjerne vore ein annan kultur.

Halvari kvir seg litt for å dra det såkalla «rasismekortet», men er klar i sin tale:

– Dei stygge kommentarane om at ein ikkje høyrer til her er heilt klart rasisme. Men stort sett handlar det berre om uvitenheit. Me fekk òg masse positive kommentarar, men det druknar litt i alt det negative ein opplever.

Les også intervju med Viktoria Langmo Petersen, som tok på seg kufta då ho stilte i den første rettssaka i Noreg der ein mann vart dømt for samehets:

Foto: Hans Petersen