Viktoria gir seg ikkje før samehetsen forsvinn

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viktoria tok på seg kofta og reiste i retten

Ho har lese kommentaren femti gongar, men har ikkje flirt ein einaste gong. Ho har også vist den til venner og bedt dei reagere ærleg, men heller ikkje dei flirer.

Kommentaren stod på trykk i kommentarfeltet til Avisa Nordland på Facebook 2. august i fjor. Foto: VG.

Viktoria Langmo Petersen er 16 år og samisk. Dei siste vekene har ho brukt i ein rettssal i Salten tingrett. Far hennar, Hans Petersen, har meldt ein Facebook-kommentar med grov samehets til politiet. Ikkje som ei privatsak, men som ei melding på vegner av alle samar. Rettsaka er den første av sin sort. 

Den tiltalte er ein mann i femtiåra frå Meløy i Nordland. Han kallar kommentaren humor. Forsvarar Tor Haug brukar «ytringsfridom» som argument.

Å høyre den tiltalte samanlikne kommentaren med humor var vondt for Viktoria.

– Det er å misbruke orda. Ytringsfridom er å kle seg slik ein vil, vere den ein vil vere og å kunne gå med bunad, hijab eller kofte utan å få pes. Humor er noko ein flirer av, ein artig vits for å få nokon i betre humør. Det han har skrive er ikkje humor.

Fleire generasjonar med fornekting

Ho vaks opp i Rognan, eller Rognå, i Saldal kommune i Nordland, saman med foreldra sine og ei fire år eldre søster. Viktoria har ikkje alltid visst at ho var samisk, og heller ikkje vore trygg på om ho vil vere samisk.

– Bestemor fekk ikkje lov å snakke samisk i det heile teke, og fornekta til slutt alt det samiske. Det at ho ikkje fekk lov sit framleis igjen i hovudet.

Fornorskingspolitikken som herja på 1800- og 1900-talet råka fleire generasjonar av familien hennar.

– Oldefar kvitta seg med det samiske etternamnet sitt og la ned reindrifta.

Berre då fekk han kjøpe norsk jord, eit lite jordstykke i Otterå i Salangen. Der, seks timar nord for Rognan, vart far til Viktoria, Hans Petersen, fødd. 

Først då Viktoria var åtte, begynte ho å forstå at ho hadde samiske røter. Ho lærte litt samisk på turane familien hadde til Karasjok, men framleis forstod ho ikkje heilt kven ho var. På skulen har ho alltid vore den einaste samen i klassen.

– Det var litt rart å skulle vere same. På skulen vart eg mykje mobba for det.

– Kvifor vart du mobba, trur du?

–  Eg trur det handlar om det framande, at det er vanskeleg å ta inn ein annan kultur. Me hadde fleire flyktningar i klassen frå andre land, dei vart også mobba, seier ho.

Pappa Hans skyt inn:

– Det veks mykje rundt eit middagsbord. 

Han trur haldningane frå fornorskingspolitikken framleis heng tungt over det samiske folket, og at hat frå foreldre og besteforeldre smittar over på borna. Dei vaksne lærer borna at hets er kvardagskost. Borna er som barn flest og seier rett ut kva dei tenker, utan å vurdere konsekvensar.

Humor er noko ein flirer av, ein artig vits for å få nokon i betre humør. Det han har skrive er ikkje humor. – Viktoria (16)

Tok på seg «klovnedrakta» og reiste i retten

Då Viktoria fekk vite at søksmålet vart rettssak, vurderte ho lenge om ho skulle gå eller ikkje.

– Det å møte han fyren som hadde spydd ut så mykje faenskap på eit tastatur, ansikt til ansikt, det visste eg ikkje om eg var klar for.

Ho reiste likevel. 

– Eg tok på meg det han kalla ei klovnedrakt, kofta mi, og bestemte meg for at eg skulle sjå han rett i auga.

Å sitje i retten var vondt. Når mannen i femtiåra kom inn i rettssalen tenkte ho «dette går ikkje bra».

I rettssalen var det journalistar frå både lokalaviser og landsdekkande aviser, og faren og dei to søstrene på 16 og 20 år vart fort kjente ansikt. På førehand hadde ikkje Viktoria snakka så mykje om hetsen, fordi det har vore for vondt, men no spurte journalistane korleis ho hadde opplevd dette. Kva hetsen fekk ho til å føle. Ho fekk snakke ut.

– Eg trengte den rettssaka. Den har gjort min samiske identitet sterkare. 

Berg-Nordlie skuldar mykje av rasismen mot samar i dag på komikarar, media og læreplanar med hol i. – På ungdomsskulen las me to sider i samfunnsfagboka og snakka litt om Kautokeinoopprøret. På barneskulen hadde me éi side, seier Viktoria. Foto: Hans Petersen

Forskjellen på humor og hets

Mikkel Berg-Nordlie, forskar på minoritets- og urfolkspolitikk.

Blant norske komikarar finst det ein tradisjon der ein gjer narr av samar for å få «cheap laughs», men det betyr ikkje det at dei bør få lov til å fortsetje, skriv Mikkel Berg-Nordlie i ein e-post til Framtida.no.

– Skal ein akseptere rasistiske ytringar berre fordi dei er formulert på ein måte som er meint til å få andre rasistar til å le?

Berg-Nordlie er forskar på minoritets- og urfolkspolitikk ved OsloMet, i tillegg til å vere redaktør for nettsida Samiskmyteknuser.no og Twitterkontoen «Samehets», som begge vert drivne av organisasjonen Jurddabeassi.

Han er ikkje overraska over at humor og ytringsfridom vert brukt som argument i rettsaka.

– Forsvaret vil alltid hevde at rasismen er innanfor ytringsfridomen.

Den norske staten sa samisk var verdilaust

For å forstå kvifor samar vert hetsa i dag, må ein gå tilbake i historia.  

– For nokre hundre år sidan byrja det å breie seg ein idé om at det fanst ulike «menneskerasar» med ulik verdi. På 1800-tallet begynte den norske staten og norske forskarar å framstille samar som en lågareståande rase. Samisk kultur vart sett på som verdilaus, seier Berg-Nordlie.

Berre nordmenn som kunne snakke, skrive og lese norsk fekk kjøpe jord i Finnmark. Samisk språk vart forbode i skulane og samiske stadsnamn vart bytte ut med norske i heile Sápmi. Norge skulle vere norsk, og samefolket som hadde budd i landet før nordmennene vart sett på som ei plage.

– Samar og samisk kultur vart framstilt som noko usivilisert og latterleg. Det er desse haldningane som enno lever i ein del folk, forklarar Berg-Nordlie.

Sjølv om noko har vorte betre dei siste tiåra, har det skriftelege samehatet vorte verre enn før ifølgje Berg-Nordlie. Mediepresset mot samar er ikkje berre eit samefiendtleg lesarinnlegg i lokalavisa i ny og ne – no er det kommentarfelt, sosiale media og aviser overalt.

Både kongen og statsministeren har beklaga behandlingen av samane, men mykje er for seint. Slektsnamn har forsvunne, språk har vorte gløymde og samisk stoltheit har vorte bytt ut med samisk skam.

Ein brukar å seie at rasismen mot samar vert verre jo lenger nord ein kjem. Det er mykje sant i det, meiner Berg-Nordlie, og forklarar det med at mange nordpå prøvde å gøyme sin samiske identitet under fornorskinga. Å slå ekstra hardt ned på dei som gjorde det tydeleg at dei var samar, gjorde det lettare å gøyme sin eigen identitet. Foto: Nordiskamuseet.no

«Den skiten skal vi ikkje ha noko av»

Hans, far til Viktoria, var den første i familien som opna opp att for det samiske, i staden for å fornekte det. Først i vaksen alder har han funne tilbake til dei samiske røtene sine. No vil han at dei to døtrene hans skal vekse opp med alt han ikkje fekk.

– Eg vaks opp medan fornorskingspolitikken framleis stod på, då det var styggedom å vere same. Eg fekk aldri den samiske biten av meg, kvar gong eg prøvde vart eg motarbeidd. 

Han fortel om ein skuletur i fjella. Med seg hadde han kniv og lasso, noko han alltid bar på. Lassoen han bar på skuldrene vitna om ein stolt, samisk gut som prøvde å forstå si eiga historie. Så sa læraren: «Den skiten skal vi ikkje ha noko av».

– Tenk at det var legitimt å seie slike ting! Og så frå ein lærar?

Samtidig forbaud skulereglane i Troms og Finnmark joik, samisk språk og samiske klede.

Sjølv har Hans aldri lurt på om han er same eller ikkje, men då han skulle velje kofte kom tvilen.

– Kofta skal ha din familieidentitet og vise kvar du høyrer heime, men eg sleit med å finne tilhøyrsle.

Grundig arbeid og mange timar med slektsforsking har resultert i at Hans no har eit slektstre med 5400 namn. Eller det ein på samisk kallar folket sitt.

– No veit eg kvar eg høyrer heime. 

Les også om søstrene Elle Márjá og Mai-Lis Eira som har laga film om kraftutbygging og reindrift: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

«Dit skal vi iallfall ikkje»

No lærer Viktoria samisk på skulen. Læraren sit 800 kilometer vekke, i Kautokeino, og fjernundervisninga skjer på nett. Dårleg internett, mangel på vikarar og små klassar gjer at undervisninga ofte fell vekk og blir erstatta av heimelekser og sjølvstudium. Men Viktoria har både far, søster og venner som kan hjelpe.

– Eg forstår det meste. Heime snakkar vi ikkje noko særleg samisk, men både pappa og søstera mi kan det ganske godt. Det var litt vanskelegare for pappa å lære enn for oss sidan han er eldre, seier ho og ler.

Viktoria får ofte høyre at ho er ei jente med sterke meiningar og bein i nasa, som ikkje er redd for å seie ifrå. Far hennar vil ho skal bli politikar. Mor og mormor har inspirert ho til å velje design og handverk. Bestefar var god på kjøkkenet. Sjølv vil ho bli frisør.

I fjor begynte ho på design og handverk på Bodin vidaregåande skule. Mobbinga er det slutt på.

I byrjinga var ho usikker på om ho ville fortelje klassekameratane at ho var samisk, men ho bestemte seg for å gjere det. Ingen har sagt noko stygt, heller ikkje etter at ho gjekk med kofte på skulen. 

Maska Viktoria laga på skulen skal symoblisere alt det viktigaste for samar: både folket, flagget og reinen. Foto: Viktoria Langmo Petersen

Ho er stolt over å vere samisk. Men det har fleire gongar vore eit men der.

– To gongar har eg vurdert å legge vekk kofta og aldri sjå den igjen. Den eine gongen var då han tiltalte skreiv det han skreiv, og den andre gongen var etter eg hadde vore på Kulturnatt i Bodø.

Ho hadde sagt ja til å dele ut reklamebrosjyrar for eit samisk eventyr som skulle presenterast på norsk. Ho hadde på seg kofte og tenkte det passa bra. Dei fleste var positive og sa: «Ja, hit må vi fér!». Men nokre familiar, både vaksne og ungar sa: «Nei, dit skal vi iallfall ikkje».

– Det stakk mest når ungane sa det. Kor har dei det frå? Kor har dei lært det? 

Les også: «Eg er samisk, men eg får ikkje læra språket mitt på skulen»

Før ville Viktoria helst pakke kofta vekk lengst inne i skapet. No ber ho den ofte og stolt. Foto: Hans Petersen

Kvifor først no?

Åtte dagar etter at rettssaka starta, vert mannen frå Meløy dømt til 18 dagar fengsel på vilkår, samt 15.000 kroner i bot.

Etnisk diskriminering har vore forbode i mange tiår. Likevel risikerer samar framleis vald, hatske åtak på nett og stygge fordommar om ein møter på feil folk. Kvifor er det først i 2019 vi får ein dom mot samehets? 

Berg-Nordlie meiner det er fleire grunnar. 

– Det har vore ei haldning i storsamfunnet om at samar ikkje skal protestere, men heller tole å høyre latterleggjerande og hatefulle kommentarar. Samane på si side har levd med oppfatninga av at det ikkje nyttar å protestere, fordi storsamfunnet ikkje forstår at det er noko å protestere mot. Samane har tenkt på rettsapparatet som majoriteten og makta sine strukturar – haldningar som grunnar i erfaring.

Viktoria sat på toget heim frå skulen då ho fekk vite dommen. Far hennar ringte og sa «Viktoria, han har blitt dømt». Om det ikkje hadde vore for at ho sat på toget ville ho ha skrike. Den tiltale har anka dommen, men Viktoria har trua på at han blir dømt også i lagmannsretten.

– Uansett kva utfallet blir, har me sett eit standpunkt for kva som er greitt og ikkje.

Redd fornorskingspolitikken kjem tilbake

Tilbakemeldingane etter rettssaka har for det meste vore gode og støttande. Men ikkje alle.

Under sakene finn ein kommentarar om at Hans tvinger døtrene sine til å skrike i rettssalen for å få medkjensle. I innboksen tikkar det inn meldingar om at familien er svake og ikkje toler humor sidan dei melder frå til politiet så ofte.

Frå foreldra har Viktoria lært å skyve vekk det som er vondt og ta til seg det som er bra. 

– Om hetsen går inn på meg, vinn dei. Om eg hevar meg over det, så tapar dei.

Det er vondt å høyre stygge kommentarar om ho sjølv, søstera og faren. Men hetsen går ikkje like mykje inn på ho som før.

– Alt i alt har eg blitt ein sterkare person. Eg har ei kofte som fortel kor familien min kjem frå. Eg har familie, vennar og lærar som støtter meg, klappar meg på skuldra og seier dei er stolt av meg. Eg har funne min samiske identitet. 

I det siste har Viktoria tenkt mykje på om dette er vendepunktet. Om rettsaka kan knuse fordommane og tie hetsen.

Men sjølv om rettsaka var ein siger for heile det samiske folket, er det langt frå ein vunne kamp.

– Eg trur mykje sit igjen frå fornorskinga. Sjølv om lovane og reglane er vekke, sit hatet og haldningane igjen. Ungane mine kjem til å få høyre det, og ungane deira, og ungane deira. Eg trur aldri vi vert heilt kvitt fordommane. Heilt ærleg er eg redd fornorskingspolitikken skal kome tilbake. Men derfor prøver eg og pappa å setje ein stoppar for det.

Les også: Kva skjer når avisene stenger kommentarfelta sine?

«Noen ganga e det bedre å ver stille og la folk tru du e idiot, enn å prat og fjern all tvil», seier Viktoria og siterer serien Hjerterått. Foto: Hans Petersen

«Vi veit at vi er verdt noko»

«Veit du eigentleg kva du har vore med på å setje i gong?», spurte nokon Viktoria.

– Då begynte eg å tenke. Kva er det eigentleg eg har sett i gong?

Mor hennar seier det kjem til å hamne i historiebøkene. Far hennar seier ein fellande dom er veldig, veldig stort. Tusenvis av folk har vist omtanke og sendt meldingar.

Viktoria er overbevist om at dette er starten på noko nytt. Ein ny epoke som markerer slutten på noko anna. Det er Berg-Nordlie einig i.

– Haldningane er i ferd med å endre seg. Både fordi vi samar protesterer meir på dårleg behandling enn før, men òg fordi den norske majoriteten kanskje er meir bevisst på korleis vi har blitt og blir behandla, seier Berg-Nordlie og held fram:

– Vi har kome dit at veldig mange samar er stolte over eigen kultur, og vi forventar å bli behandla med same respekt som alle andre. Vi lèt oss ikkje tråkke på, fordi vi veit at vi er verdt noko.

Vis motstand, ver stolt

Kanskje den aller beste måten å gjere motstand mot dei som vil bygge ned den samiske kulturen, er å gjere nettopp det Viktoria gjer. Det trur Berg-Nordlie.

– Oppsøk samiske tradisjonar og all rikdommen samekulturen byr på. Samisk musikk, mat, kunst, klede, forteljingar, spel, leikar, historie, språk. Når ein kjem nærare sin eigen kultur og vidareføre den, blir ein minna på kor vakker den er og kor feil hetsarane tek. Hetsarane prøver å tvinge deg til å vere taus – gjer det motsette. Vis at du er same og vis at du ikkje har tenkt til å la dei tvinge deg til å vere noko anna.

Motstandarane skremmer ikkje Viktoria.

– Uansett om det er handball, fotball eller å stoppe samehets du driv med, så vil det alltid vere nokon som er imot deg. Eg er glad eg har haters. Eg hadde ikkje vore den eg er om eg ikkje hadde blitt mobba.

Ho vil ta kampen for sine forfedrar og for sin pappa. Ho vil ta kampen for sine framtidige barn, barnebarn og oldebarn. Fordi ho er sterk nok til det.

– Då pappa meldte hetsen visste at dette var noko eg ville vere med å stoppe.

Med ein fellande dom har rettsvesenet vist kvar grensa går mellom ytringsfridom og misbruk av ytringsfridomen. Kjem det ei ny kommentar som er like grov, er Viktoria klar på at ho kjem til å melde frå til politiet.

Æ blir ikke å stopp. Pappa blir ikke å stopp. Æ blir å kjemp mot samehets til den dagen æ ligg i grava. – Viktoria (16)

Sámi álbmotbeaivi

6. februar skal feirast. For Viktoria kjem feiringa til å smake ekstra godt i år.

Med kofta på føler ho at ho plutseleg har fått ein ny familie. Dagen skal feirast med tørka reinkjøtt og nasjonalretten biđos, ein lapskaus av reinkjøt, gulrøter og poteter. På skulen har heile dagen eit samisk preg. Ho og faren tek kanskje ein køyretur oppover bygda på kvelden, kanskje treff dei på nokon dei kjenner.

Og ikkje minst:

– Eg skal ta ein skål for paragraf 185 i straffelova!

Foto: Hans Petersen