Mental helse, film og Minecraft – desse fem samiske talenta bør du merkje deg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har snakka med fem unge lovande samar, som på sine ulike vis uttrykkjer kva det vil seie å vere samisk anno 2021.

Musikar Lávre Johan Eira (20) frå Kautokeino

– Eg byrja eigentleg å skrive mykje på engelsk, og skreiv mykje på det i samband med eit diskoprosjekt eg hadde med ein kompis. Men etter kvart kjente eg ein trang til å kome så nært på det samiske som eg kan, fortel Lávre Johan Eira på telefon til Framtida.no.

– Plutseleg byrja mykje tekst og mange ting å kome ut på samisk.

Lávre Johan Eira fortel at han drøymer om å lage god musikk, fremje språket og kulturen sin og å kose seg medan han gjer det: – Kanskje vere med å gjenopplive deler av ting som har vorte vekke, spekulerer Eira. Foto: Alice M. Jektevik

For halvtanna år sidan fall den nye karrierevegen i fanget på 20-åringen, som no satsar på musikk på fulltid. Han har teke steget frå å vere publikummar til å stå på scena på Riddu Riđđu Festivála, skal delta i den komande utgåva av Sami Grand Prix og arbeider no for fullt med soloplata si.

– Jo meir eg jobbar med det, jo meir vert eg dregen mot det tradisjonelle, avslører Eira.

For sentralt i soloprosjektet hans er den samiske musikkverda og joiketradisjonen.

I passet står det «norsk», men i hjarta «samisk»

Lávre Johan Eira er oppvaksen og bur i Kautokeino, ein av dei få stadane i Sápmi der nordsamisk vert praktisert i stor grad overalt, anten ein er på skulen, på butikken eller går til legen.

– Eg er veldig takksam for å ha vakse opp ein plass der kulturen er såpass levande, og framleis såpass eigen. At det er litt tydeleg at ein ikkje er heilt i Noreg meir, fortel Eira.

Han seier at sjølv om passet hans er norsk, så er det ikkje nødvendigvis slik han ville skildra seg sjølv. Han er samisk først og fremst.

– Gjennom ungdomstida så identifiserte eg meg kanskje i periodar som norsk, men di meir tida går og di meir eg nærmar meg det samiske, jo meir mister eg noko tilknyting til den norske identiteten, fortel Lávre Johan Eira. Foto: Jonatan Ottesen

– Eg brenn for det samiske, for å kunne utøve språket mitt og kulturen min på alle måtar i det offentlege rom, i det mellommenneskelege og det andelege, konstaterer 20-åringen.

Eira forklarar at det betyr mykje for han å ha ei tilknyting til landet ein bur på, området ein er oppvaksen i, folka som er der og språket. Han er stolt over kampane dei føre han har kjempa for å gje han mogelegheita til å vekse opp som han har.

– Eg føler no at eg kanskje meir og meir nærmar meg identiteten min, og tek kulturen min og føler ein slags eigarskap til den. Det er noko som er mitt, og noko eg er ein del av. 

– Samefolkets dag er ein fin dag å minnest og heidre forfedrene som har vore før oss og kjempa, dei som kjempar i dag, og dei som i framtida vil kjempe for det samiske folk og samane sin rett til å utøve sitt eige språk, kultur og eksistens, seier Lávre Johan Eira. Foto: Alice M. Jektevik. Kollasj: Framtida.no


Forfattar Sara Kristine Vuolab (25) frå Karasjok

– Det er stor forskjell på å fortelje ei morosam historie elller ein vits på samisk og norsk. Det same gjeld for å snakke om vonde og såre ting, fortel Sara Kristine Vuolab på e-post til Framtida.no.

25-åringen frå Karasjok debuterte i fjor med si første bok, diktsamlinga «Gárži», som på norsk tyder «Trangt». I boka deler ho eigne erfaringar og utfordringar med mental helse, saka ho brenn sterkast for. Den handlar om å vere trist, og om skam.

– Eg er veldig stolt over meg sjølv, fortel Sara Vuolab om bokutgjevinga. – Og så er det godt å vete at ved å gje ut ei bok er eg med på å bidra, samt påverke nokre aspekt i samfunnet – både innanfor litteratur, språk og helse. Foto: Privat

– Eg kan påsta at eg enno lever med konsekvensane av å tie, det å ikkje våge å snakke om dei vonde kjenslene eg hadde då eg var yngre, fortel forfattaren sjølv.

Vuolab sin oppvekst var prega av mobbing, og ho har i ettertid slite med eteforstyrring, depresjon og angst. 25-åringen våga ikkje seie frå då ho var yngre, men ho meiner det er nødvendig å prate høgt om psykiske utfordringar no.

– Det er så viktig å få det ut av tabulista fortast mogeleg slik at fleire får den hjelpa dei treng og i tide. Eg trur at ved å synleggjere desse utfordringane kan terskelen for å be om hjelp verte senka. 

Sara Vuolab sitt førebilete er veslesystera: – Ho er ein heilt fantastisk fin rollemodell for både meg og mange andre. Kollasj: Framtida.no

Meir autentisk på samisk

Samstundes er Sara Kristine Vuolab tydeleg på kor viktig det er å kunne bruke morsmålet sitt, når ein snakkar om tunge tema. For at ho skal kunne leve, formidle og dele av seg sjølv, så lyt ho ha dei rette reiskapane.

– Det tyder eigentleg at eg ser på det samiske som det formidlingsverktøyet som på best mogeleg måte formidlar dei tankane og kjenslene eg opplever.

Vuolab har sett om nokre av dikta sine til norsk språkdrakt, men merkar at ho då ikkje klarar finne dei same nyansane eller retta kjensla. Kompleksiteten forsvinn og diktet mistar litt kraft.

Å kunne nytte nordsamisk er avgjerande for i kor stor grad Sara Kristine Vuolab klarar byggje tillit og er trygg til å gje meir av seg sjølv, forklarar ho. Skjermdump frå Instagram: @sarakristinev

– Det handlar om å vere knytta til, og eige det ein seier og det gjer ein som oftast når det vert formidla gjennom eige språk, fortel forfattaren.

– Det vil vere lettare å erkjenne kjenslene på det språket eg er tryggast på.

Måtte tore å krevje plass

Sara Kristine Vuolab har drøymt om å gje ut bok sidan ho gjekk på barneskulen, og då draumen endeleg skulle gå i oppfylling kjende ho seg trygg på innhaldet i «Gárži». Ho hadde allereie øvd seg på å vere open om si eiga mentale helse, ho hadde jobba med språket, pirka i formuleringar og granska oppbygninga i dikta.

Men då boka skulle synast fram for verda gjekk ho likevel gjennom ein tung prosess. 

– Som tittel på boka «Gárži/Trangt» òg understreker så godt, så strevar eg med å krevje plass til meg sjølv og mi stemme, forklarar forfattaren.

– Det var på ein måte noko av meininga med boka – at eg lydlaust skulle kunne fremje mi eiga stemme. Men det er vel ei sjeldan sak at endringar skjer heilt smertefritt? 

No er Sara Vuolab i ei tilfriskningsperiode, og brukar tida si på å finne tryggleik, balanse og eigenkjærleik. Skriving, å behandle bilete og å trene er noko av det som har hjelpt ho, i tillegg til terapi. Foto: Privat

– Kva drøymer du om?

– Om etter kvart klare å sleppe litt av dei høge krava som både eg sjølv og samfunnet legg opp til. Eg håpar også på at det vert meir vanleg å sjå eigenverdi ut ifrå den ein er framfor det ein har utretta og oppnådd fram til i dag, avsluttar Sara Kristine Vuolab. 


Omsetjar Lemet Máhtte Eira Sara (20) frå Bjerkvik i Nordland

– Kvar dag brukar millionvis av menneske telefonen sin på sitt eige morsmål, men som same må ein ofte ty til anten engelsk, norsk eller finsk. Språk som er framande, fortel Lemet Máhtte Eira Sara på e-post til Framtida.no. 

20-åringen frå Bjerkvik i Nordland brenn for å få det samiske inn i den digitale verda, og har sjølv lagt inn ein enorm eigeninnsats for å sikre det.

Lemet Máhtte Eira Sara er i gang med å omsetje også mobilversjonen av Minecraft. Foto: Mariann Josefsen

I løpet av åtte månadar i fjor omsette Eira Sara 14.000 ord i Minecraft frå engelsk til nordsamisk, noko han vart heidra med Samisk språkløftepris 2020 for.

100 prosent samisk – for første gong

Lemet Máhtte Eira Sara fortel at det heile starta fordi han hadde ein venn som skulle lære seg samisk, etter at foreldra hadde mista språket som følgjer av fornorskinga. Kompisen hadde tidlegare brukt Minecraft for å lære seg nynorsk, og lurte på om ikkje dette kunne vere lurt òg med samisk.

– Då sa eg «klart!» og byrja med omsetjinga, fortel Eira Sara og utdjupar:

– Inst inne var det nok òg eit ønske frå barndomen min. Då eg byrja spele spelet sjølv var det vanskeleg å forstå kva alt var, og eg sakna samisk ofte. 

Foto: Mariann Josefsen. Kollasj: Framtida.no

20-åringen fortel at fram til no har berre retteprogram lege føre på samisk, medan alle innstillingar, val og informasjonsvindauge har vore på eit anna språk. Med Minecraft finst det omsider ein digital arena der ein kan bruke språket sitt 100 prosent.

– Ønsket mitt er at ein dag kan ein lukke det irriterande vindauge som fortel at batterinivået ditt er lågt på samisk ved å trykke «Giddes (lukk)». Sjølv om det høyrest rart ut, så vil noko så smått som det ha hjelpt folk frå å gløyme språket. 

Byggjer bru mellom samisken og den digitale verda

Til dagleg er Lemet Máhtte Eira Sara tilsett hjå Gáisi språksenter i Tromsø, og også der arbeider han med å byggje bru mellom den digitale kvardagen og samisken.

Han bistår med samisk kompetanse til teknologiske prosjekt, og planlegg mellom anna droneflygningar slik at til dømes unge reindriftssamar kan lære seg å utnytte teknologi meir berekraftig i tradisjonelle næringar.

– Det samiske er minna om mine besteforeldre. Det er mogelegheita til å gå rundt i naturen og kunne skildre alt eg ser med fargerike ord. Det er det språket mine foreldre har brukt for å gje meg trøyst og kjærleik. Det er mi mogelegheit til å uttrykke tankane mine og tilhøyrsla mi, fortel Lemet Máhtte Eira Sara. Foto: Mariann Josefsen

20-åringen peikar på at kring 60 prosent av ungdommar dagleg brukar meir enn tre timar av fritida si framfor ein skjerm, og at teknologien omgjev oss – anten ein skal ringje nokon, gjere lekser, er på jobb eller berre skal sitje heime framfor TV-en. 

– Når ein så stor del av kvardagen går til å vere på telefonen som anten er norsk eller engelsk, så er det lett at språket vert påverka eller i verste fall gløymt. 

Lemet Máhtte Eira Sara viser til at det engelske verbet join har vorte daglegdags, og at mange no spør «joinar du på butikken?» i staden for «vert du med» eller «vulge go..».

– Orda ein brukar digitalt sklir jo òg over i kvardagen. 


Skodespelar Mia Erika Sparrok (17) frå Namsskogan

– Det samiske språket fortel kven vi er, det er ein del av vår identitet og eg kan ikkje førestille meg eit liv utan hjartespråket mitt, fortel Mia Erika Sparrok til Framtida.no.

17-åringen frå Namsskogan bur for tida på hybel i Namsos, der ho tek ambulansefag på vidaregåande. Ho skildrar seg sjølv som heldig, for ho har kunna bruke sørsamisk frå ho var fødd – heime, i barnehagen, gjennom alle skuleåra og på filmlerretet. 

Allereie som 12-åring debuterte Mia Erika Sparrok som skodespelar i den kritikarroste filmen Sameblod frå 2016, som er sett til 1930-talet og tek føre seg diskrimineringa og rasebiologien som samar vart utsette for.

Regissør og manusforfattar Amanda Kernell hadde hatt begge storesystrene Sparrok til prøvespeling, og hadde fått nyss i at dei også hadde ei veslesyster. Mellomste syster Lene Cecilia og Mia Erika fekk kvar si rolle.

Mia Erika Sparrok (til høgre) fortel at det var ei tryggleik i å ha storesystera Lene Cecilia (til venstre) der, då dei spelte inn Sameblod. Foto: Nordisk Film

– Det er spesielt å få spele inn ein film på ditt eige morsmål, og det er bra at det sørsamiske språket kjem litt betre fram i lyset, fortel Sparrok, og understreker at historia i filmen er viktig. 

Sparrok minnest likevel at ho var usikker på om nokon ville kome til å sjå Sameblod i det heile:

– Eg trudde ikkje filmen skulle verte så stor som den vart. Men så gjekk den heile verda rundt, og det er ganske sjukt å tenkje på.

Sameblod henta heim fleire internasjonale filmprisar, og Mia Erika Sparrok var sjølv nominert til den svenske Guldbaggen for rolla som Njenna. Også den nyaste filmen Sparrok har spelt i, fjorårets Själakon, fekk merksemd i kritikarkrinsane, og fekk Storspoven for beste film under Umeå Europeiske Filmfestival i 2020.

– Det å prøve å vere ein heilt annan person er artig og veldig spennande, sjølv om det kan vere utfordrande å skulle setje seg inn i andre sine kjensler, fortel 17-åringen.

Reindrifta er førsteprioritet

Endå Mia Erika Sparrok ynskjer å halde fram som skodespelar og vil gripe sjansen når ho får den, så er ho også tydeleg på at ein kvardag på filmlerret ikkje er hovudfokuset:

– Reindrifta er førsteprioritet, fortel ho. 

Mia Erika Sparrok vil halde fram med reindrifta ho er oppvaksen med. Foto: Ina-Theres Sparrok

Mia Erika Sparrok er vaksen opp i ein reindriftsfamilie, og både far hennar og eldste systera, Ina-Theres, har sin eigen flokk. Når 17-åringen er ferdig på vidaregåande neste år har ho tenkt seg heim til Namsskogan for å verte reindriftslærling og ta fagbrev.

– Reindrifta er for meg ikkje berre ein jobb, men det er ein livsstil. Det er ein stor arv frå generasjon til generasjon, forklarar ho. 

Reindrifta er ein uløyseleg del av identiteten, fortel Sparrok, og om ho ikkje kan drive med den, så veit ho ikkje kva ho skulle gjort i livet. 17-åringen drøymer om å kunne jobbe i reindrifta utan komplikasjonar – utan tap frå rovdyr og utan at landområde vert tapt til utbygging av vindmøller og vasskraft. 

– Eg vil kunne bere kulturen og språket vidare til neste generasjon, slik at dei kan få lov til å oppleve dette fine språket og kulturen som vi har. 

Foto: Ina-Theres Sparrok.Kollasj: Framtida.no.


Miljørådgjevar Lasse Eriksen Bjørn (23) frå Tromsø

– Det samiske er ein plass der eg er heime, både i verdiar og veremåte. Det er ein kultur med respekt for naturen, kor ein ikkje nødvendigvis set menneske øverst, forklarar Lasse Eriksen Bjørn på e-post til Framtida.no

Den 23-årige matematikkstudenten er tilsett hjå Samerådet, som prosjektleiar i Arktis- og miljøavdelinga. Der arbeider han med å auke miljøkompetansen til samisk ungdom, og for å auke den samiske deltakinga i ekspertgruppa IPCAP, The Indigenous People’s Contaminants Action Program.

 – Eg meiner også mykje av det som blir skildra som nordnorsk veremåte kan knyttas til det samiske og sjøsamiske, fortel Lasse Eriksen Bjørn. Foto: Piera Heaika Muotka.

Kvardagen krinsar rundt heimekontoret på Tøyen i Oslo, der han arrangerer webinar og deltek på tallause digitale møter med samarbeidspartnarane i Russland og Alaska, til alle døgnets tider.

Vi treng fleire samiske stemmer

Før han tok til i Samerådet var Lasse Eriksen Bjørn aktiv i Natur og Ungdom, og han har i fleire år engasjert seg i miljøsaka. Han brenn for at verda skal klare å hindre global oppvarming på ein måte som gjer at dei som har tent pengar på å forureine òg er dei som lyt ta dei største kostnadane.

– Det er viktig at urfolk som har lita skuld i klimaendringane ikkje må ta konsekvensane av det grøne skiftet, understrekar Bjørn.

Lasse Eriksen Bjørn sitt favorittuttrykk er frå Storfjord, og han meiner det er ei blanding mellom samisk og kvensk. Han ringde bestemor si for å sikre at det var skrive rett. Foto: Piera Heaika Muotka. Kollasj: Framtida.no

Lasse Eriksen Bjørn fortel at ein stor styrke ved det samiske samfunnet er at det eksisterer på tvers av grensene til nasjonalstatane, noko som kan føre til at vanlegvis oppstykka miljøsatsingar med ein gong vert regionale.

– Vidare har urforlk ofte ei større eigeninteresse av å ta vare på mangfaldet i naturen, det å gje meir råderett til urfolkssamfunn vil difor ofte kunne betyr meir berekraftig bruk av naturen.

Då er det òg avgjerande at samiske stemmer torer å delta i det offentlege ordskiftet utan å verte møtte med farlege konspirasjonsteoriar og hets, slår tromsøværingen fast og seier:

– Det er særleg viktig å få fram unge urfolkstemmer som er dobbelt neglisjert i samfunnsdebatten.

Forskingsprosjektet Mihá synte at 3 av 4 unge samar vert utsette for diskriminering, og at mange fortalde at dei laut forsvare seg når samiske saker vart tekne opp, særleg på nett.

Lasse Eriksen Bjørn understrekar at ansvaret for at samiske stemmer slepper til ligg både hjå media og hjå samiske organisasjonar.


Les òg portrettserien med dei unge nynorsktalenta!