Brukte 84 millionar kroner på å rekruttere studentar til læraryrket – utan synleg effekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom 2017 og 2021 brukte Kunnskapsdepartementet 84 millionar kroner på ulike rekrutteringstiltak for å få fleire til å bli lærarar, skriv Khrono.

Men tal på studentar viser at dette ikkje har hatt noko synleg effekt.

  • Alt i alt var det marginalt færre studentar som starta på grunnskulelærarutdanningane i fjor enn i 2017.
  • Delen menn har gått litt ned blant både grunnskulelærar- og barnehagestudentane.
  • Det var marginalt fleire som starta på barnehagelærarutdanningane i fjor enn 2017.
  • I årets opptak var det ein nedgang i talet på søkjarar som fekk tilbod om studieplass på dei tre utdanningane, samanlikna med året før. Grunnskulelærarutdanningane gjekk i underkant av fem prosent tilbake, medan barnehagelærarutdanning går ned nesten 27 prosent.

LES MEIR: Søkjartala på lærarstudiet går ned for tredje år på rad

Vanskeleg å måle

Prosjektleiar Bente Cathrine Bakke seier til Khrono at det er vanskeleg å måle effekt av rekrutteringstiltaka.

– Det er veldig mange faktorar som verkar inn på rekrutteringa. Det er derfor vanskeleg å seie om dette eine tiltaket har effekt. Og så har vi ikkje fått køyrt det heilt ut. Vi starta under pandemien, så vi har ikkje nådd ut til så mange som vi hadde håpa på, seier Bakke til Khrono.

Sanner: Ikkje feilslått

Jan Tore Sanner, Høgre. Foto: Marte Garmann, Regjeringen

Det var Solberg-regjeringa som gav pengar til rekrutteringstiltaka.

Utdanningspolitisk talsperson Jan Tore Sanner i Høgre vil ikkje vere med på at det har vore feilslått.

– Heilt klart nei. Ein vil ikkje sjå resultata frå ei slik satsing frå det eine året til det andre. Det må gå føre seg over tid, kanskje over ein tiårsperiode. Og desse pengane frå Kunnskapsdepartementet er berre ein brøkdel av det som må til for å auke rekrutteringa, seier Sanner til Khrono.


Tonje Brenna. Foto: Ilja C. Hendel. Brenna i 2004: Foto: Elisabeth Johnsen, Romerikes Blad.