Kunnskapsministeren om å starte på VGS: – Eg hugsar at alt var veldig stort

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tonje Brenna (Ap), Kunnskapsminister:

Faksimile frå Romerikes Blad.

Hausten 2004 starta kunnskapsminister Tonje Brenna (34) på allmennfag på Jessheim vidareågande skule.

– Kva er ditt tydelegaste minne frå første skuledag på VGS?

– Eg hugsar at alt var veldig stort. Bygget var stort, klassen stor, klasseromma store, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Ho likte seg godt på skulen, og likte best samfunnsfag og historie, i tillegg til ein stor kjærleik for norsk.

– Ofte var eg nok mest engasjert i det sosiale, som å diskutere i friminutta, spele handball, vere med i elevrådet og vere saman med venner.

Det var også på vidaregåande at ho vart aktiv i ungdomspolitikken.

– Tida der gav meg mange gode venner og eit stort engasjement for at det er mogleg å gjere noko med det som er urettferdig i verda.

2004: Foto: Elisabeth Johnsen, Romerikes Blad.


Simen Velle, frå då han gjekk på VGS. Foto: Privat

Simen Velle, leiar i FpU

Simen Velle (21) er leiar i FpU. Han starta på vidaregåande i 2016, gjekk på studiespesialiserande og var russ i 2019.

Det han hugsar best frå første skuledag er kjensla av fridomen det gav å kunne starta med blanke ark.

– Eg hadde ikkje så mange vener frå barndommen med meg på vidaregåande, så det var veldig befriande, skriv han på e-post til Framtida.no.

Han koste seg med folka på skulen, men meiner skulesystemet ikkje var noko for han.

– Eg har alltid vore tørst på kunnskap, men måten skulen var innretta på var ikkje noko eg likte spesielt godt.


Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen

– Gjennom heile VGS jobba eg på callsenter som telefonselgjar (ja, eg fekk jobben eg søkte på)

Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle (26), starta på vidaregåande i 2012 og gjekk på studiespesialiserande på Lillehammer vidaregåande skule.

Første skuledag hugsar han det var mykje spenning knytta til både klassa og lærarane dei skulle få, fortel han på e-post til Framtida.no.

– Heldigvis kjente eg ein av dei eg kom i klasse med, sidan vi hadde starta senterungdomslag saman våren før skulestart. Når det er sagt hugsar eg kanskje best at eg seinare same dag skulle på jobbintervju.

Han hadde ei god oppleving av det å gå på vidaregåande, fortel han.

– Det er kanskje ikkje dobbelt-dobbel time med norsk og matte eg ser tilbake på som det mest lystige, men det var ei tid der ein kunne få ein liten prøveversjon av vaksenlivet og klare meir og meir sjølv og bli sjølvstendig. Ein formar også gode venskap på videragåande som forhåpentligvis held livet ut.

– Moped var heilt fantastisk! Men var også innimellom noko drit. Med traktorlappen, nye gigantiske hovudetelefonar og solbriller til 50 kr så smilte livet.


Ane Breivik, leiar i Unge Venstre

Ane Breivik tok delar av vidaregåande i Nederland. Foto: Privat

Ane Breivik (24) er leiar i Unge Venstre, og hugsar godt tida frå vidaregåande.

– Det var litt som ungdomsskulen, berre med større ungdomar, fortel ho til Framtida.no om sitt tydelegaste minne frå første skuledag.

I 2014 starta ho på studiespesialiserande heime i Noreg, så gjekk ferda vidare til Nederland for å gå på ein internasjonal skule (IB) som ho fekk stipend til.

– Det var mildt sagt spesielt å flytte heimefrå og dele rom med tre andre frå heile verda, men det er ei oppleving eg ikkje ville vore utan og som har utfordra meg og bidrege til vekst og utvikling.


Gaute Skjærvø, nestleiar i AUF:

Gaute Børstad Skjervø (27) er nestleiar i AUF. Han gjekk media og kommunikasjon ved Levanger vidaregåande skule i 2011-2014.

Han likte vidaregåande veldig godt, og trekker fram følelsen av å finne vener som hadde samme interesser og å endeleg få lov til å bli vaksen.

– Kva er ditt tydelegaste minne frå første skuledag på VGS?

– Spenninga ved å møte alle ein skulle gå i klasse med, og ærefrykta av å skulle byrje siste etappe i skuleløpet, forklarar han på e-post til Framtida.no og held fram:

I dét læraren forlot rommet i 10-15 minutt, vart klasserommet heilt stille – ingen av dei hormonelle 15- og 16-åringane turte å vere den første til å snakke.

Gaute Børstad Skjervø var ein av redaktørane i Russeavisa, saman med kameratane Odin Kvistad (til venstre) og Joachim Waade Nessemo.