Søkjartala på lærarstudiet går ned for tredje år på rad

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsdepartementet og utdanningsinstutisjonane har planlagt nær 11.000 studieplassar på lærarstudiet i år, men berre litt over 8000 søkjarar har lærar på førsteval, viser tal frå Samordna opptak i juli, skriv Kommunal Rapport.

Det er elleve prosent mindre enn i fjor.

Ei oversikt frå Samordna opptak som syner ledige studieplassar, viser at 107 lærarstudium per 3. august hadde ledige plassar. Det gjeld hovudsakeleg studia barnehagelærar og grunnskulelærar.

Totalt var det 12,5 prosent færre søkjarar på høgare utdanning i år samanlikna med i fjor.

I 2021 viste ei framskriving frå Statistisk sentralbyrå at det kan bli 70.000 for mange lærarar fram mot 2040. Nedgang i befolkningsveksten er hovudårsaka til overskotet.

Les også: Færre vil bli kunst- og handverkslærar etter master-krav