Sasha (25) får ikkje delta i Ekstremsportveko som seg sjølv: – Dei vil berre ha alle transkvinner ut

Nye reglar forbyr transkvinner frå å delta i kvinneklassen i verdsmeisterskapet i kajakk under Ekstremsportveko.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sanninga er at eg hatar å prate om dette, spesielt på sosiale medium og på offentlege plattformer. Det er både veldig personleg og noko eg ikkje har lyst til å bry meg om i dagleglivet mitt, seier Sasha Vales Toledano på telefon til Framtida.no.

Den franske 25-åringen er transkvinne, og har opplevd ubehagelege situasjonar i idretten før. Men det er først no, etter ho har flytta frå Voss og fått litt større avstand til miljøet og ikkje lenger risikere å støyte på nokon på gata, at ho seier frå.

– No må eg stå fram offentleg og seie at reglane til Ekstremsportveko er transfobiske.

Det var Avisa Hordaland som først omtalte saka.

Berre biologisk fødde kvinner i kvinneklassa

I dag bur Sasha Vales Toledano i Paris, men fram til desember i fjor dreiv ho bakeri på Voss, slik at ho òg kunne padle kajakk i vestlandselvene.

25-åringen har vore ein gjengangar på Ekstremsportveko i fleire år, både som frivillig og som konkurrent. Også i sommar var planen å reise attende til Myrkdalen for å delta i verdsmeisterskapet Veko i år skal halde.

Men då ho var innom nettsida til The Association of Whitewater Professionals (AWP) oppdaga ho ved ein tilfeldigheit at det var kome nye reglar.

Herreklassen var erstatta av ein open klasse, medan kvinneklassen framleis var den same. For å kunne delta i kvinneklassa må ein vere fødd kvinne.

Vales Toledano, som berre skulle sjekke om ho kunne bruke sin eigen kajakk, sat no att og tenkte; «Oi, det ser ut som eg ikkje kan konkurrere lenger».

– Det var ekstremt smertefullt. Det var ikkje noko eg forventa. At eg vert stengd ute frå ein sport som har vore så ekstremt viktig for meg, seier ho.

– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro

Vanskeleg når miljøet sviktar

Sasha Vales Toledano har padla kajakk sidan ho var seks år gammal. I slutten av tenåra byrja Vales Toledano å satse meir seriøst på idretten, og som 21-åring pakka ho kofferten og flytta til Voss. Ho skildrar kajakk-satsinga som ein livsstil:

 Det krev at du investerer tid, energi og pengar. Du reiser til land berre for å padle kajakk der, du har venner du padlar med, og du flyttar til plassar som Voss fordi vilkåra for kajakk er betre, forklarar ho og held fram:

– Og det er vanskeleg å måtte innsjå at miljøet sviktar meg og ikkje bryr seg om meg. At eg har mindre rett til å delta enn andre. Eg fortener å vere ein del av miljøet på same måte som andre.

– Dei vil berre ha alle transkvinner ut

Saman med kajakkutøvarane Léa Gaigeot og Claire Gaigeot skreiv Sasha Vales Toledano eit meiningsinnlegg i Avisa Hordaland om saka.

Der kritiserer dei AWP for å ha innført «en ren transfobisk regel som fører til økt diskriminering i skalkeskjul av å være ‘inkludering og rettferdig konkurranse for alle’», og Ekstremsportveko for å handheve denne.

Til Framtida.no fortel Vales Toledano at ho synest det er greitt med kvalifiseringskriterium og retningslinjer for deltakarar, men:

– Dei har ikkje ein gong prøvd. Dei vil berre ha alle transkvinner ut.

I fjor kom IOC med nye retningslinjer for å inkludere transatletar i idrett. Der står det mellom anna at ein kan opprette kvalifikasjonskriterium for kven som kan delta, men òg at desse ikkje skal systematisk ekskludere atletar frå konkurransar basert på kjønnsidentitet, fysisk utsjånad og/eller kjønnsvariasjon.

– Det er akkurat det Ekstremsportveko har gjort, seier Vales Toledano.

25-åringen forklarar at kajakkmiljøet er veldig lite, og så langt ho veit er det ingen andre transkvinner som konkurrerer. Det kjennest difor som om regelen er meint for ho personleg, noko som gjer det ekstra sårt og provoserande at ho aldri har vorte kontakta om regelendringane.

 Dei har skrive reglar for å kaste meg ut bak min rygg, og difor synest eg det er viktig å vere offentleg om det. Du får ikkje skrive transfobiske reglar samstundes som du målar Veko i regnbogefargar.

Ekstremsportveko: – Kan ikkje kallast diskriminering

Til Framtida.no seier styreleiar Dag Sandvik at Ekstremsportveko ynskjer alle velkomne, uansett kjønnsidentitet.

Festivalen har stått i front for å opne den offentlege samtalen for problemstillingar knytt til korleis transpersonar skal inkluderast i idretten på best mogeleg vis. Eg trur vi alle er tent med å vere opne for dei viktige og vanskelege etiske spørsmåla som ligg i saksfeltet, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Styreleiar i Ekstremsportveko Dag Sandvik meiner ein skal vere forsiktig med å stemple noko som transfobisk eller regnbogevasking: – Eg vil oppmode alle som debatterer kjenslelada tema, som kjønnsidentitet, om å ta kvarandre på alvor og vurdere nøye om ein driv med urimeleg «brennmerking».
Foto: Kristof Stursa

Han meiner ein skal vere varsame med å stemple Ekstremsportveko som transfobiske, då festivalen har eit oppriktig ynskje om å ta desse spørsmåla på alvor.

Vidare peikar Sandvik på at Ekstremsportveko skal arrangere Pride i år saman med lokallaget i FRI, samt jobbar inn mot fylkeskommune, stat og idrettsforbund for å setje inkludering av transpersonar på agendaen.

Ser de på det som diskriminering at Sasha Vales Toledano ikkje får stille i kvinneklassa under kajakk-VM?

Her er det vanskeleg å gje eintydige svar. Diskriminering er å forskjellsbehandle utan sakleg grunn. Å dele inn i kvinneklasse og herreklasse i idrett er i utgangspunktet å forskjellsbehandle, men her er dei fleste einige i at det er ein sakleg grunn til denne inndelinga, svarar Sandvik og held fram:

Å ytterlegare skilje mellom dei som er definert som kvinner ved fødsel og dei som definerer seg som kvinner seinare i livet er også forskjellsbehandling. Det er saklege grunnar til dette omsynet til konkurranse på like vilkår og vi meiner det difor ikkje kan kallast diskriminering. Men så er det ein levande debatt om denne sakelege grunnen er tung nok til å rettferdigjere forskjellsbehandlinga.

Til VG seier presidenten i AWP, Michele Ramazza, at det er vanskeleg å finne balansen mellom rettferd for alle og inkludering. Å erstatte herrekategorien med open klasse, er eit kompromiss, seier han.

Regelendringar er opp til AWP

Styreleiar Sandvik fortel at Ekstremsportveko har dialog med dei særforbunda som arrangerer meisterskap og cupar under festivalen, men at dei ikkje er med å utforme regelverket til den enkelte idrett.

– Er det aktuelt for Ekstremsportveko å starte ein dialog med AWP om å endre reglane for kven som kan stille i kvinneklassen i kajakk?

Vi har dialog med AWP for å formidle erfaringar og målbere innspel og meiningar frå alle utøvarar, transpersonar og dei som identifiserer seg med kjønnet dei fekk ved fødselen. Om det vil føre til regelendringar eller ikkje må kvile på AWP, og det offentlege ordskiftet. Det siste skal vi stimulere gjennom ein paneldebatt under årets festival.

Urettferdig fordel i ein sport, kan vere ulempe i ein annan

Transkvinner sin plass i idretten har vore heftig debattert i nyare tid. Nyleg forbaud det internasjonale svømmeforbundet transpersonar å delta i kvinneklassa i elitestemner, om dei gjekk gjennom puberteten som gut.

Tysdag melde Sky Sports at transkvinner heller ikkje får delta som kvinner i internasjonale rugbykampar. Same dag melde Reuters at også FIFA og friidrettsforbundet World Atheletics vurderer sine kvalifikasjonskriterium.

Sasha Vales Toledano seier ho ikkje er nokon ekspert, men at ho meiner det er noko som bør verte vurdert frå sport til sport. Det som er ein urettferdig fordel i ein sport kan vere ei ulempe i ein annan.

Ho trur ikkje det at ho er transkvinne gjev ho nokon konkurransefordel i kajakksport.

– Det viktigaste er teknikk og det mentale, ikkje rein fysisk styrke, seier ho og legg til at vekta og volum på padlaren og kajakk vert justert for å samsvare.

Om ho hadde ein konkurransefordel tidleg i karrieren, så kan ho ikkje sjå å ha det i dag, med sitt noverande testosteronnivå, seier ho.

For å få løyve til å delta i fjorårets Ekstremsportveko laut ho ta ein test som synte at testosteronnivået hennar vart lågt nok. Vales Toledano hevdar at ho rett før kvalifiseringsløpet skulle starte fekk beskjed om at munnleg stadfesting frå legekontoret ikkje var nok, ho måtte køyre til Voss for å hente eit skriftleg dokument før finalen.

– Det var stressande, trøyttande, og audmjukande. Og det trur eg er det største problemet for meg: Vi stolar på kvarandre fordi vi er eit lite miljø. På elva er vi nøydde til å stole på kvarandre for at det skal gå trygt føre seg, og det er ingen dopingtestar fordi vi stolar på kvarandre. Den einaste som ikkje vert stolt på, er meg. Den einaste som måtte bevise noko, var meg.

– Ikkje noko Ekstremsportveko kan lastast for

Styreleiar Dag Sandvik kjenner ikkje att skildringa til Vales Toledano av fjorårets konkurranse, og hevdar sportskoordinator i Ekstremsportveko hadde kontakt med ho over fleire månadar:

– Sasha fekk god oppfølging på dette området. Det vart avtala ein siste dato for innlevering av testresultat, og Veko sa seg villig til å betale dette ved innlevering av bilag. Dette vart ikkje følgd opp av utøvaren. At det vart stress på konkurransedagen kan difor ikkje Ekstremsportveko lastast for.

Sandvik hevdar at dei tok kontakt med Vales Toledano for å avklare hennar testing, og informerte om at ein trong skrifteleg bevis på testosteronnivå i februar 2021.

– Måtte alle utøvarane i kvinneklassa bevise at dei hadde lågt nok testosteronnivå? Kvifor/kvifor ikkje?

– Det var berre ein utøvar som måtte levere testresultat. Dette for å følge opp regelverket frå forbundet. Det er ikkje arrangør, i dette tilfelle Ekstremsportveko, som organiserer større antidoping-testar for m.a. testosteron.

Vil ikkje delta i den opne kategorien

Sasha Vales Toledano skal ikkje til Ekstremsportveko i år, og vil ikkje konkurrere i den opne klassa. Det er berre ei klasse for menn som er gjeve eit anna namn, meiner ho.

– Eg er ei kvinne, og eg bør konkurrere mot kvinner, slår ho fast.

25-åringen vann løpet i fjor, men var ikkje kvinna med den beste tida. I kvalifikasjonsløpet var det ein annan konkurrent med mykje raskare tid, men som gjorde ein skjebnesvanger feil i finalen som kosta ho sigeren.

 Eg hadde flaks, innrømmer Vales Toledano.

Om ho skulle delteke i framtida, vil ho først sjå at arrangørane held seg til IOC-rammeverket.

– At dei prøvde å ha inkluderande reglar, og tok kontakt med dei som vert rørte av reglane – transkvinner i kajakkmiljøet, meg. At dei hadde prøvd å ha ein samtale om det, vere audmjuke, lære og spørje seg sjølv kva er ein konkurransefordel i kajaksport.

Vales Toledano hadde håpa at dei òg tok kontakt med andre sportsorganisasjonar som er betre på å inkludere transatletar, og peikar på Freestyle BMX-miljøet som eit døme.

– Vi kan vere progressive, om vi berre har det politiske motet til å vere inkluderande på ekte.

Då hadde det ikkje vore nødvendig med Pride-parade eller regnbogeflagg på campen, meiner ho.

Dei hadde gjort ein handfast og ekte forskjell. Det er problemet no: ingen ekte innsats, berre regnbogeflagg overalt.


Kollasj: Framtida.no. Bakgrunnbilete: Katie Rainbow ?️‍?/Unsplash. Foto: Privat