Klart flest jenter tek høgare utdanning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er 60,7 prosent av dei som har fått studieplass, kvinner og berre 39,3 prosent er menn. Det er ein nedgang i delen menn på 0,5 prosent frå i fjor, skriv Khrono.

Samtidig er enkelte prestisjestudium svært dominert av kvinner – slik dei har vore i ein del år no. Når universiteta opnar dørene i august er færre enn tre av ti av studentane i medisin, psykologi og odontologi menn. Under éin av ti av dei kommande veterinærane er menn.

– Dei siste 20 åra har delen kvinner i høgare utdanning lege temmeleg stabilt. På bachelornivå har delen kvinner gått litt ned, medan det er ein auke på masternivå. Men kvinneandelen har lege på omtrent 60 prosent sidan tusenårsskiftet, seier forskar Sara Seehuus ved Institutt for samfunnsforskning.

Kvinner har i gjennomsnitt hatt litt betre karakterar enn menn dei siste 100 åra, men høvet til å ta høgare utdanning opna seg for fullt først med utdanningsekspansjonen frå 1970-åra og utover. Då fekk kvinneandelen ein kraftig vekst, medan vi ser at kurva har flata ut dei siste åra.


Fysikar Veronica Danielsen held vitskapsshow på vitensenteret ViteMeir. Foto: Privat