Fire av ti studentar manglar venner på studiestaden
41 prosent av norske studentar har få eller ingen venner på studiestaden sin, viser ei ny undersøking. – Ikkje til å leve med, seier leiaren for undersøkinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi kan ikkje leve med at over 40 prosent av studentane har det slik. Vi må jobbe frå alle kantar med tiltak som kan bidra til kjensla av tilhøyrsel og støtte. Alle treng nokon å diskutere oppgåver og ete matpakke med, og dette er vårt felles ansvar, seier Kari-Jussie Lønning, som er leiar for Studentenes helse- og trivselsundersøking, i ei pressemelding.
I undersøkinga har 41 prosent av dei nesten 60.000 studentane som har svart, sagt at dei har få eller ingen venner på studiestaden sin.
Undersøkinga viser samtidig at det er langt færre som har få eller ingen venner blant dei som har delteke i fadderordninga på studiet sitt eller er med i studentforeiningar.
Må prioritere jobb framfor venner
Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner for låg studiestøtte gjer at nokre studentar må prioritere jobb framfor å få seg venner.
– Med studiar på heiltid og jobb på deltid, står mange igjen med lita tid til det livet som finst utanom – som å få seg venner. Endå ein gong ser vi at studiestøtta må aukast, seier NSO-leiar Maika Marie Godal.