Studentleiaren sine 10 tips for ein god studiestart

Maika Godal Dam
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ikkje nøl med å stille spørsmål!

Før, under og rett etter studiestart vil du bli møtt med mange nye inntrykk, meiningar og ord. Du har fort 1000 spørsmål inne i hovudet ditt. Ikkje nøl med å stille dei, for då får du svar. I ein førelesingssal kan det vere 40 andre studentar som lurer på det same spørsmålet, ikkje vær redd for å vere den studenten som stiller det.

Spørjeteikn

Lag eit budsjett!

Som ny student er det kanskje første gang du skal styre din egen økonomi, med inntekt frå Lånekassen og utgifter til bustad og mat. Lag deg eit budsjett kor du har kontroll på kva du får inn på konto, og kva som går ut frå kontoen kvar månad.

Fleire av oss har hamna i situasjonen der det står 0 kroner på konto og det er to veker til studiestøtta kjem. Eit budsjett kan hindre deg frå å hamne i denne situasjonen, sjølv om vi veit at studiestøtta ikkje er god nok.

Pengar

Finn din studieteknikk!

Vi lærer alle ulikt, og tal på studiemetodar du kan finne på eit raskt Google-søk er tallause. Prøv deg fram og finn den studieteknikken som passar deg best, som fungerer for deg.

Det er ingen fasit her, du veit best korleis du lærer.Studere

Engasjer deg!

Som student er det mykje du kan ta del i av studentfrivilligheit, studentdemokrati og ulike studentorganisasjonar. Det finst tallause måtar du kan engasjere deg på som student, så ikkje ver redd for å ta steget og prøv noko nytt.

Skaff pensum!

Dei obligatoriske bøkene førelesaren seier du må ha verkar fort som ei unødvendig utgift, men når du kjem til innlevering av arbeidskrav og eksamen vil du fort innsjå kor greitt det er å ha dei.

Biblioteket har nokre bøker, men kampen om desse rett før ein innleveringsfrist kan fort resultere i ei vurdering som ikkje er godkjent. Mykje pensum kan kjøpast brukt til ein rimeleg sum, ikkje nøl med å spørje fadrane dine om dei har nokre dei ikkje treng lenger.Bok

Bli kjent med campus og byen!

Bruk litt tid til å bli kjent med campus og studiebyen din. Kor er førelesningssalane, kantina, toaletta og skåpa kan vere greitt å få på plass den første veka, men hugs å også undersøkje kva som finst i den nye studiebyen din.

Det er mange perler og mykje å oppleve rundt om i landet, bruk moglegheita til å få nokre nye inntrykk også utanfor førelesinga.Kart

Sei hei!

Du er ikkje åleine om å vere ny student, ofte i ny by. Sei hei til dine nye medstudentar, og dei som allereie har studert i nokre år. Eit hei og ein kaffi kan fort bli til ein ven for livet, og studentlivet gir deg ei unik moglegheit til å møte nye menneske.

Ikkje gå forbi alle du møter på campus, men prøv å sei hei til nokon nye kvar dag, det kan vere godt for dykk begge.

Bli med i ei kollokviegruppe!

Å studere åleine kan ofte bli litt einsamt, og fleire hovud diskuterer gjerne betre enn eitt. Bli med i ei kollokviegruppe, eller lag ei eiga, kor de kan jobbe og diskutere pensum og fag saman.Gruppe

Ikkje nøl med å seie ifrå!

Du har ei stemme, ikkje ver redd for å bruke ho. Opplever du noko som er ugreitt frå medstudentar, eller førelesarar, sei ifrå. Det same om du synest undervisninga ikkje er av god nok kvalitet, eller at læringsmiljøet (ditt arbeidsmiljø) er dårleg. Bruk stemma din til å prege din studiekvardag.

Snakke

Vil du dra på utveksling – undersøk moglegheitene tidleg!

Mange drøymer om å dra på utveksling, men finn først ut av moglegheitene når det er for seint. Bruk litt tid til å sjå på kva du kan studere, og ikkje minst kor. Gjer dette tidleg, så slepp du å møte ein søknadsfrist som har gått ut seinare i studieløpet.Globus

Lykke til!


Maika Godal Dam ville invitert Prinsesse Diana på middag, om ho hadde sjansen.
Foto: Hanne Jones Solfjeld/NSO, John Mathew Smith & www.celebrity-photos.com from Laurel Maryland, USA/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 2.0