Her blei det målt ny europeisk varmerekord: – Dystopisk, seier italienske Valerio (23) og Dina (19)

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her blei det målt ny europeisk varmerekord: – Dystopisk, seier Valerio (23) og Dina (19)

– Eg blir engsteleg, seier italienske Dina (19) om ekstremvarmen i Sør-Europa. Saman med Valerio (23) er ho på ferie i Ortigia, som er det historiske sentrum av byen Siracusa, søraust på den italienske øya Sicilia.

Med 48,8 grader sette Siracusa truleg ny europeisk varmerekord onsdag denne veka. Dermed danka dei ut den tidlegare rekorden frå Athen, som har stått sidan 1977.

Dina og Valerio var nyleg i Taormina, ein time nord for Siracusa langs kysten av Sicilia. Der var dei vitne til skogbrannar og påfølgjande oskeregn.

Folk held seg i skuggan på Piazza Duomo i Ortigia, som er det historiske sentrum av Siracusa på øya Sicilia. Ein liten køyretur unna blei det målt ny europeisk varmerekord onsdag denne veka. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

– Det kjennest litt som ei tragedie, seier Dina. Valerio legg til:

– Det høyrest ganske dystopisk ut no når ein fortel om det. Men ein kan verkeleg merka ein forskjell i klimaet.

Trur ikkje på politiske endringar

Enn så lenge er rekordmålinga uoffisiell. Før den kan få plass i rekordbøkene må den bli undersøkt og verifisert av ekspertar frå Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO).

I mellomtida held varmen fram. Dei neste dagane beveger ekstremvarmen seg nordover mot andre italienske storbyar, som Roma, Bologna og Firenze. Heitebølgja er den siste i ei lang rekke, og skuldast ekstremt varm vind som kjem frå Nord-Afrika.

– Trur dokker ekstremvarmen vil påverka italiensk politikk?

– Nei. Italiensk politikk består av ekstremt konservative parti, og politikarar som ikkje er det spor bekymra for klimaet, seier Dina.

Valerio meiner politikarane er meir opptekne av å bevara kapitalismen enn å setja i verk endringar han trur er nødvendige for å løysa klimakrisa.

– Det er eit munnhell, men det er lettare å sjå føre seg at verda endar enn at kapitalismen gjer det. Og kapitalisme er også årsaka til den varmen vi kjenner på nå, meiner han, som normalt er student i Roma.

– Denne varmen tar livet av oss

I Siracusa fortel lokale bebuarar om at den ekstreme varmen som normalt ville gitt seg etter ei veke eller to, no har vart ved i nær to månadar. Sist gong det regna var i april.

Brannfolk er stasjonert rundt i Siracusa for å kunne vere raskt på plass om det skulle oppstå brann. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Norsk statsmetereolog Kristian Gislefoss sa onsdag til NRK at varmen folk i Sør-Europa no er vitne til, er langt ifrå normalt:

– Det har lege litt i korta at europarekorden kunne ryke, for no har det vore veldig varmt i lang, lang tid. Men det er jo ikkje bra, for det viser ei farleg utvikling.

81-årige Nino Gentile som den italienske avisa Corriere della Sera har snakka med går hakket lenger. Han går ikkje lenger ut av huset før etter 17:00 om ettermiddagen, og fortel at varmen rett og slett ikkje er til å halde ut:

– Dette er ikkje fortidas varme. Denne varmen tar livet av oss, alle saman.

Ein hjort vandrar rundt blant øydelagde bilar og hus i Greenville i Dixie-brannen, den største brannen i Californias historie. Foto: NTB / AP Photo/Noah Berger