Britisk vêrvarsling om hetebølgjene vert samanlikna med scene frå Don’t look up

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under ei nyhendesending på britiske GB News i midten av juli, skulle meteorolog John Hammond fortelje om vêret dei komande dagane og åtvara om at den ekstreme hetebølgja med førti grader kunne bli fatal.

– Eg trur det vil bli hundrevis, om ikkje tusenvis av dødsfall, tidleg neste veke.

– Utrekningane eg har framfor meg er skremmande. Me likar alle fint vêr, men dette vil ikkje vere fint vêr. Dette vêret vil vere potensielt fatalt i nokre dagar. Det vil vere kort, men brutalt.

Før han får prata vidare blir han avbroten av nyheitsanker Bev Turner:

– John, eg vil at me skal vere glade for vêret. Eg veit ikkje kva som har skjedd med meteorologar som har gjort dykk alle litt fatalistiske og til bodringarar om undergang.

Dette har sendt klippet verda rundt og folk samanliknar det med Netflix-filmen Don’t Look Up.

Don’t look up-samanlikning

Nyheitskanalen GB News er høgreorientert, og vert av somme omtala som den britiske Fox News. Klipp frå det nesten tre minuttar lange segmentet, gjekk viralt etter at fleire påpeikte kor likt dette var nyheits-scena frå fjorårets storfilm Don’t look up.

I filmen speler Jennifer Lawrence astronom, og ropar under ei nyheitssending at ein meteor er i ferd med å treffe jorda. Svaret frå nyheitsankaren er at dei ynskjer å «halde dei dårlege nyheitene lette».

– Eg hadde rett

GB News har ikkje svara i intervju, men har lagt ut ein monolog frå nyheitsankeret sjølv, Bev Turner, på Twitter (03:50):

– Eg hadde ein debatt med ein godt likt vêrmann førre veke, og å påpeike at han spreidde frykt, blei sett på som så kontroversielt at samtalen vår kom i avisene. 

– Vêrmannen sa det ville bli hundre og tusenar av dødsfall. Eg sa det verka usannsynleg, og eg hadde rett, seier ho i videoen.

Om lag 1000 døydde

Foreløpige utrekningar viser likevel at om lag 1000 personar døydde på grunn hetebølgja, men det er enno for tidleg å konkludere kva det totale talet blir.

I Storbritannia vart hetebølgja omtala som ei nasjonal krise. For første gong i historia bikka gradestokken 40 grader, og minst 34 vêrstasjonar i England målte rekordhøge temperaturar. Bedrifter stengde, skular stengde, togavgangar vart innstilt, fly kunne ikkje lande på for varme rullebanar, dei måtte stenge og pakke inn bruer, og skogbrannar braut ut.

I eit vanleg år er det i gjennomsnitt om lag 2000 fleire enn normalt som døyr på grunn av hetebølgjer i Storbritannia. For kvar heile celsiusgrad over gjennomsnittstemperaturen på sommaren, ser Storbritannia ein to prosents auke i dødsrate. 


Bakgrunnsfoto frå filmen: Don’t Look Up. Foto: Netflix. Framme: Medieforskar Katherine Duarte. Foto: Sigrid Haaland