Varmen truga liv og helse i Storbritannia. Er ei liknande heitebølge sannsynleg i Noreg?

Delar av Sør-Noreg har fått ein smak av den europeiske heitebølga denne sommaren. Kan vi vente kontinentale tilstandar i Noreg ettersom klimaet endrar seg?

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 04.08.2022 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har fleire land i Europa sett nye varmerekordar. Brannar har brote ut fleire stadar sør på kontinentet. I Storbritannia har styresmaktene for første gong sendt ut eit varsel som slår fast at heitebølga kan vere skadeleg og dødeleg også for spreke, friske menneske.

Britiske meteorologar si framtidsvêrmelding frå 2020, som gav eit skremmande bilete om korleis vêret kunne sjå ut i 2050, kom nesten i oppfylling, 28 år tidlegare enn anteke.

Varme, ras og flåm

I Noreg formidla NRK ein tilsvarande spådom i 2020. Den seier oss noko om korleis meteorologane trur ein ekstrem norsk sommar kan sjå ut om 30 år.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss melde då om ei fiktiv heitebølge som varte over fleire veker, og førte til skogbrannar på sør- og austlandet. Nokre stader nådde temperaturen over 35 grader.

Samstundes var Nord-Noreg prega av ras og flaum.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss har ei fiktiv vêrmelding for august 2050. Skjermdump: NRK

Fullt så oppsiktsvekkande har ikkje vêret vorte i Noreg enno, i 2022. Denne sommaren fekk vi eit «blaff» av den europeiske heitebølga, med temperaturar over 30 grader fleire stader i landet.

Uvanleg varmt? Tja. Ifølge Meteorologisk institutt har vi sommardagar over 30 grader litt sjeldnare enn annakvart år.

Likevel har varmen i Søraust-Noreg vore noko høgare enn ein typisk norsk sommardag.

Ifølge Meteorologisk institutt er gjennomsnittet av dei høgaste målingane kvart år mellom 1991 og 2020, 29,6 grader på målingsstasjonen på Blindern i Oslo.

Slik er den gjennomsnittlege årlege makstemperaturen om sommaren i ulike deler av Noreg:

  • Oslo: 29,6 grader
  • Sola: 28 grader
  • Bergen: 28,6 grader
  • Værnes: 28,9 grader
  • Bodø: 25,9 grader
  • Tromsø: 25 grader
  • Vardø: 21,4 grader.

– Meir sannsynlege heitebølgjer grunna klimaendringane

Kan vi peike på årets heitebølge i Europa og skulde på klimaendringane?

Det er i alle fall sannsynleg at klimaendringane bidreg til å auke temperaturen. Ifølge World Weather Attribution har alle analyserte heitebølger i Europa sidan 2003 vorte gjorde meir sannsynlege og meir intense på grunn av menneskeskapte klimaendringar.

Ei undersøking slår fast at heitebølgene i Europa i 2019 var mykje meir sannsynlege på grunn av klimaendringane. Det året vart det sett nye varmerekordar i ei rekke land i Europa. I eit normalt klima ville temperaturen ha vore mellom 1,5 og 3 grader lågare i desse periodane.

– Heitebølga i juli 2019 var så ekstrem over det kontinentale Vest-Europa at det observerte omfanget ville ha vore ekstremt usannsynleg utan klimaendringar, slår rapporten fast.

Litt varmare, mykje våtare

Betyr dette at vi kan vente oss varmare vêr og fleire heitebølger om sommaren i Noreg i åra som kjem?

Nettstaden Carbon Brief har utvikla eit verktøy som syner effektane av global oppvarming på 1,5 grader, 2 grader, og i nokre tilfelle 3 grader.

Ved 2 gradars oppvarming, meiner Carbon Brief at talet på varme dagar med temperaturar over 30 grader, vil auke med éin dag i Skandinavia. Til samanlikning er talet 10 for landa ved middelhavet, og 16 for Spania og Portugal.

Den daglege makstemperaturen om sommaren vil stige med 1,3 grader i Skandinavia.

Samstundes vil maksimalt dagleg nedbør auke med 12 prosent i Skandinavia, og vi vil få færre dagar i strekk utan nedbør.

Basert på desse tala kan vi altså seie at vi truleg ikkje vil få jamlege heitebølger i Noreg av det slaget vi har sett sørover i Europa i sommar. Derimot vil vi få våtare somrar.


Illustrasjonsfoto: AP Photo/Noah Berger, File)