«Det er faen ikkje positivt at ein kan produsere meir vin i Noreg i framtida»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det som starta som ein fredeleg og bekymringsfri torsdag vart snart snudd på hovudet då eg las Dagsavisen. «Klimaendringene kan gjøre Norge til et vinland i fremtiden» er overskrifta til artikkelen. Kva faen?

I artikkelen frå NTB-NPK står det at det kan bli meir eigna temperatur for produksjon av druer og vin i Noreg på grunn av klimaendringane og at produktsjefen på Vinmonopolet trur Noreg har gode moglegheiter for å bli eit vinland i framtida.

Har vi vorte så sjølvopptatte og privilegerte at vi verkeleg ser på vinproduksjon i eige land som ein positiv konsekvens av at folk døyr i sør?

Provoserande banalisering

Las eg riktig? Har det verkeleg vorte laga ein artikkel som fokuserer på det nokon synest er ein positiv konsekvens av klimaendringane?

No? Same dag som overforbruksdagen? Medan Europa brenner? Medan det er hungersnaud fleire stadar i verda på grunn av tørke? Tørke på grunn av klimaendringane.

Og så skal vi i Noreg glede oss til fleire norske vinflasker i polhyllene dei neste åra? Fy faen kor provoserande!

Norsk vin i seg sjølv er nok interessant og spennande for fleire, men å kople norsk vin saman med klimaendringane og global oppvarming gjer vondt å sjå.

Har vi vorte så sjølvopptatte og privilegerte at vi verkeleg ser på vinproduksjon i eige land som ein positiv konsekvens av at folk døyr i sør?

Om lag 5 millionar dødsfall kvart år kan knytast opp mot dei menneskeskapte klimaendringane. Og dette talet kjem truleg til å auke etter kvart om vi held fram å forbruke meir og meir, om politikarane ikkje sett inn konkrete og effektive tiltak, og om journalistar og mediehus banaliserer den store krisa vi står i.

Eg synest ikkje dette er verd vin frå eige land. Foto: Shahin Khalaji/ Chris Gallagher/ NOAA/ Matt Palmer / Muhammed Numan/ redcharlie. Henta frå: Unsplash.

– Det er kvalmt

Ettersom media sin jobb er å skildre verkelegheita til sine lesarar, vert det heilt riv ruskande gale i mine auge å skrive at norsk vinproduksjon er ein positiv konsekvens av klimaendringane. Det er kvalmt.

Det same kan ein seie om dei som skriv saker som «No kjem sommarvêret til Noreg» og illustrerer med glade badebilete, når det eigentleg er den dødelege heitebølgja frå sør som så vidt når oss her oppe i nord.

Sommarvêr på grunn av heitebølgje er ikkje ei gladsak. Norsk vin på grunn av klimaendringar er heller ikkje ei gladsak.

Alle som ytrar seg offentleg har eit stort ansvar i korleis ein ordlegg seg, uansett tema. Kva mottakaren sit att med er grunna i val av ord og diskurs. Kvart ord kan vekke ein assosiasjon.

Heldigvis står det ein stad (men berre eín stad) i artikkelen frå NTB-NPK at klimaendringane er negative. Likevel er ikkje dette nok. Det ein sit att med etter å ha lese artikkelen er at vi truleg får meir norsk vin om nokre år, og at dette er supert.

Nedkorta originaltekst

Den originale artikkelen frå NTB-NPK var lengre, og inneheldt også eit sitat frå ein bonde som dyrkar vindruer i Hjørundfjorden.

– (…)Eg vil helst ikkje at verda skal bli varmare, men slik klimautfordringane er no, viser det seg at om du ikkje brukar hybriddruer kan det gå dårleg, uttalar ho i den fullstendige artikkelen.

Det er sjølvsagt fint at bonden seier at ho «helst ikkje» vil at verda skal bli varmare, men dette sitatet snur ikkje fokuset i artikkelen. Klimaendringane blir også her banaliserte, og fokuset blir heller på at det er hardt å vere norsk vinbonde. Uavhengig om Dagsavisen hadde korta ned artikkelen eller ikkje, vert ein uvel av å lese teksten.

Faen ikkje positivt

Eg treng ikkje meir norsk vin på polet. Eller, eg vil ikkje ha det. For om det skjer, så betyr det at verda har vorte varmare.

Det betyr at fleire menneske må flytte frå heimane sine på grunn av brann, tørke, overfløyming, og ekstremvêr.

Det betyr at fleire menneske døyr på grunn av ekstreme temperaturar, av sjukdommane som kjem med desse, luftforureining, og mangel på mat og drikke.

Det er faen ikkje positivt at ein kan produsere meir vin i Noreg i framtida. Om vi kan gjere dette, betyr det at det har gått gale. Veldig gale. Og det er noko vi alle må prøve å jobbe i mot, ikkje glede oss til.


Har du noko på hjartet? Send eit tips eller eit innlegg til tips(a)framtida.no! 


Nordmenn lydde då regjeringa innførte strenge koronatiltak. Når det gjeld klimaet, kvir politikarane seg for å gjere inngripande tiltak.
Foto: Ramiro Pianarosa/Tania Malréchauffé/Unsplash. Kollasj: Framtida.no.