Kommune gir 100.000 til dei som sel småbruk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Småbruksprosjektet» vart igangsett i 2020 og går ut på å få folk til å selje fråflytta småbruk. Slike finst det mange av i dei ni ulike kommunane i Telemark som har vore med i prosjektet, skriv Nationen.

Ifølgje ei kartlegging frå 2019 var det totalt 896 landbrukseigedommar med bustad der ingen budde. Berre i Tokke var talet 114.

Men medan interessa frå kjøparar har vore stor, har det vore utfordrande å få folk til å selje. Tokke kommune såg seg derfor nøydd til å ta nye grep for å få til nettopp det.

Like før sommaren vart det samrøystes vedteke at kommunen vil gi 100.000 kroner til dei som sel eit fråflytta småbruk. Dei første 50.000 kronene får eigaren når hen sel, dei resterande 50.000 når nokon flyttar inn.

Ei slik gulrot gir liten risiko, ifølgje varaordførar i Tokke kommune Benedikte Nes, då dei kommunale inntektene er tett knytt opp mot folketal. Tiltaket er derfor ei god investering, meiner ho.

I løpet av sommaren har tre personar bestemt seg for å selje.

– Eg vart overraska over den raske responsen, seier Nes, som håpar interessa for å selje vil vare.


Kollasj av Framtida.no. Foto: Pressefoto og ConstantinosZ/GettyImages/Canva.