Færre vil gå på folkehøgskule

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har løpande opptak og difor må alle tal takast med ei klype salt. Dei endelege tala har vi først i september, men førebels har vi ein nedgang på rundt fem prosent samanlikna med i fjor, seier dagleg leiar Dorte Birch ved Informasjonskontoret for folkehøgskolen til Nynorsk pressekontor.

Dorte Birch. Foto: Folkehøgskolene

Vande med digital heimeundervising

Dei siste åra har fleire unge vorte vande med digital heimeundervisning og Birch trur kanskje det er ein av årsakene til at søkartala går ned.

– Ein av teoriane våre er dessverre at fleire ungdommar har blitt skeptiske til å flytte heimanfrå grunna dårlegare sosial trening. Noko som underbyggjer det er at vi ser ein stor auke i tale på søkarar til digitale studiar på universitet og høgskular.

Fleire vil til Sør-Noreg

Birch viser òg til at det er fleire ledige jobbar på arbeidsmarknaden no enn føregåande år og at mange unge kanskje derfor vel å gå rett ut i jobb etter vidaregåande.

– Det er flott at ungdommar får seg arbeidserfaring og at dei er attraktive på arbeidsmarknaden, seier ho.

I «korona-åra» såg Folkehøgskolene at «alle» ville til Nord-Noreg og Nordvestlandet. I år ser dei derimot at fleire søkjer seg til Sørlandet, Sørvestlandet og Austlandet.

– Den absolutt mest populære linja er friluftsliv, etterfølgt av musikk, reiseliv, teater, idrett, e-sport og kunst. Mange av dei meir tradisjonelle linjetypane, slik som friluftsliv, teater og kunst har opplevd ein oppsving, fortel Birch.

Fleire unge har blitt vande med digital heimeundervisning under korona. Det kan vere ein av grunnane til at færre søkjer seg til folkehøgskulane i år. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK

Spor etter korona på skulane

Som følgje av pandemien var folkehøgskulane til liks med alle andre delar av samfunnet tvungne til å tenkje nytt rundt organisering og gjennomføring. Noko av det ein innførte då pandemien herja som verst heng framleis att.

– Skulane måtte tenkje kohort i samband med oppstart. I staden for at alle elevar blei blanda saman i store bli-kjent-opplegg, laga skulane opplegg der ein blei kjent på kvar enkelt linje først. Det er mitt inntrykk at det var så populært blant elevane at mange skular held fram med det. Det er rett og slett litt mindre skummelt å bli kjent med berre 12–20 personar den første veka enn med over 100, seier Birch.

Framleis mogleg å søke plass

Folkehøgskulane tar opp elevar så lenge det er plass på linjene og skulane. Det betyr at det framleis er mogleg å søke seg til ein folkehøgskule, dersom ein er usikker på kva ein skal ta seg til med kommande år.

– Rundt 20 prosent av elevane våre søkjer rett før skulestart – nokon så seint som dagen før. På folkehogskole.no ligg det eit restplass-torg der skulane oppdaterer ledige plassar kvar veke. No i august vil det vere veldig mykje rørsle der sidan nokre seier frå seg plassen og andre søkjer og tar plassane, avsluttar Birch.

Frå venstre: Erik Skar (16), Oliver Mjøen (16) og Kaspar Seip (18). Foto: Wiggo Sunde