Mange fleire unge vil på folkehøgskule – Farmen-linje ny av året

6783 ungdommar har søkt plass på folkehøgskule til hausten, 10 prosent fleire enn i fjor. Friluftsliv, teater, musikk, reiseliv, idrett og bistand er populære linjer. Nytt av året er mellom anna Farmen-linje, tatovering og fly.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opptaket til folkehøgskulane startar i desse dagar, og mange ungdommar kan vente svar på søknaden den nærmaste tida. I alt har det kome inn 11.226 søknader til dei 86 folkehøgskulane rundt omkring i landet. Skulane tilbyr over 800 ulike linjer.

Søkinga til folkehøgskulane ligg ikkje berre over fjorårsnivået, men er også større enn før pandemien.

Dagleg leiar for Informasjonskontoret for Folkehøgskolen, Dorte Birch. Foto: Informasjonskontoret for Folkehøgskolen

– Vi er ikkje overraska. Etter så lang tid med nedstenging, isolasjon og karantene, ser vi at mange no har ekstra behov for det sosiale året som ein får på folkehøgskule, seier dagleg leiar Dorte Birch ved Informasjonskontoret for Folkehøgskolen, til Nynorsk pressekontor.

– Dette er akkurat det mange treng no, ein ny giv.

I tillegg til fleire søknader frå elevar som er i ferd med å avslutte vidaregåande skule, er det i år også fleire som vil ta ein pause frå universitetsstudiet for å gå på folkehøgskule, opplyser ho.

Løpande opptak

Folkehøgskulane har ikkje søknadsfrist og opererer med løpande opptak, så det er framleis mogleg å søkje.

– Dei ivrigaste søkte allereie i oktober, men det er ikkje for seint å søkje no heller. Skulane fyller opp heilt fram til skulestart, så lenge dei har ledige plassar, og det vil vere mange moglegheiter også utover våren og sommaren, seier Birch.

Friluftsliv er blant dei mest populære linjene på folkehøgskulane. Foto: Ålesund folkehøgskole

Informasjon om kva for skular og linjer ein kan søkje på, finn ein på nettsida folkehogskole.no.

Fleire vil ut

I fjor var det nedgang i søkinga til linjer som tilbaud ulike typar bistandsarbeid og reiser til utviklingsland. I år er søkinga til desse tilboda svært god.

– Det er kanskje eit sug no for å kome seg ut i verda, seier Dorte Birch.

Samstundes er det mange som ønskjer å oppleve Noreg og norsk natur.

– Det er over 200 ulike friluftslinjer på folkehøgskulane, og desse fekk ein verkeleg renessanse i fjor. Det ser ut som om kjempeoppgangen for desse linjene held fram i år, fortel informasjonsleiaren.

Friluftsliv er blant dei mest populære linjene på folkehøgskulane. Foto: Sunnmøre folkehøgskule

Andre populære linjer er teater, drama, musikk, idrett og reiseliv.

Farmen, fly og robotar

I takt med nye trendar i samfunnet har ei rekkje nye tilbod kome til på folkehøgskulane dei siste åra. I år er det mellom anna mogleg å gå på Farmen-linje, der elevane får oppleve vekeoppdrag og tvikampar og lære gamle handverksteknikkar, matlaging og sjølvberging

Andre nye tema ein kan fordjupe seg i, er tatovering, fly, robotar og sci-fi, og «vanlife», som inneber å reise på «road-trip» med sjølvdesigna campingbil.

Folkehøgskulane har også før vore tidleg ute med linjer som fangar opp interesser og tema som unge er opptekne av. Mellom anna har dei hatt tilbod innan E-sport, Cosplay og K-pop. I fjor kom nyvinninga drag. Sjakk var også eitt av fleire nye tilbod.


Jens Martin Arvesen har laga drag-show sidan 2013. På scena kaller han seg sjølv Cassie Brødskive. Foto: Karina Rønning