– Eg trur vi kunne fått eit meir opent samfunn om folk var meir nysgjerrige på andre! seier Carina Edine (22) på e-post til Framtida.no.
Den viktigaste saka som opptek ho for tida er nemleg gjeng- eller squad-mentalitet, som ho synest ofte er ganske ekskluderande.
22-åringen er skribent og TikTok-profil, og har nesten 95.000 følgjarar på plattforma. Der deler ho mellom anna videoar av at ho smakar cheesburger for første gong etter 8 år som vegetarianar, parodierer nordmenn og fortel at «ja, jenter har òg hårvekst».
Til vanleg går ho på teaterlinja på Romerrike folkehøgskole:
– Får gjere teater kvar dag no, og føler meg veldig heldig! fortel ho på e-post til Framtida.no.
Det siste bilete på kamerarullen hennar, syner òg ein teaterprega kvardag:

☀️ Korleis ser ei vanleg veke ut for deg?
– Ei vanleg veke på folkehøgskule er folksamt, alltid noko nytt og brytningar med ein vanleg grå kvardag!
? Kven er den/dei viktigaste personane i livet ditt? Kven ser du opp til?
– Folka eg har rundt i kvardagen min. Venner har òg vore veldig viktige for meg.
? Kva gjer du når du er med venner?
– Ler, ler og ler!
? Om eit romvesen hadde kome til jorda, kva er det første du hadde fortalt og vist fram?
– Vennane mine!
? Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Kanskje Meryl Streep! Trur eg kunne lært mykje av ho. Eg ville bestilt noko mat, då matlaging ikkje er mi sterkaste side! Kanskje sushi.

? Kva gjer deg sint?
– Urettferd.
? Kva er din beste eigenskap?
– Kanskje at eg er veldig tilpassingsdyktig!
? Kva er din verste uvane?
– Å seie «kva» /«hæ» når eg eigentleg høyrer kva som har blitt sagt!
? Kva må du alltid ha med deg?
– Eg har aldri vore avhengig av noko som helst som eg må ha med meg rundt! Det kjennest skikkeleg deilig.
✍️ Kva er ditt beste råd/tips?
– Ver tolmodig!
? Kva ville du sagt til deg sjølv som 12-åring?
– Du er meir enn flink nok!
? Korleis var 18-årsdagen din?
– Har aldri vore så glad i min eigen bursdag, så det hugsar eg ikkje!

? Kva kjem du til å hugse frå denne tida no, når du bli 80?
– Håpar at eg aldri gløymer latteren og dei stundene kor vi ler så mykje at det kjennest som vi blir støle i magen.
? Kva vil du bli når du blir stor?
– Håpar eg kan jobbe innan underhaldning!
? Korleis er livet ditt om 10 år?
– Håpar eg har ein jobb eg trivest med og er omringa av gode folk!
? Kva er din største draum?
– Om eg seier den høgt, går den ikkje i oppfylling!
? Kva vil du bli hugsa for?
– Ein ærleg person!