Då eg var 20: Hanne Sørvaag hadde den mest sjølvsentrerte fasen i livet

Den folkekjære artisten var berre 20 år då ho fekk oppfylt draumen om platekontrakt. Hennar tips er å byggja opp ei god sjølvkjensle som ikkje er definert av suksess.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg stod i trappa og bar opp ein kommode til kollektivet, då eit ukjent nummer ringde. Det var ein på Sony Music som hadde høyrt demoen min og ville ha eit møte.

Hanne Sørvaag sitt desidert sterkaste minne frå då ho var 20 år gamal var då ho fekk platekontrakten ho hadde drøymt om heile livet.

Demoen hadde ho spelt inn som student på folkehøgskulen Tonheim på Hamar, som ho gjekk på før ho flytta til Oslo for musikalstudiar på Bårdarakademiet.

Bursdag i suite

I sommar gifta Hanne Sørvaag seg med kjærasten sin, Thomas Sørbø, men som 20-åring var livet heilt annleis.

– Eg budde i kollektiv med nokre venner i Skippergata 21. Herleg tid med store draumar, minnest 45-åringen frå Stavanger.

Sørvaag har bursdag i romjula, og 20-årsdagen 27. desember 1999 vart feira i heimbyen Stavanger med gode venninner.

– Me leigde en suite på eit hotell i byen, hadde vorspiel der, og så slapp me taxikø heim på kvelden.

Putin og piratbukser

Det var lange dagar på skulen med song, dans og teaterundervisning.

– Utanom skulen, på kvelds og nattetid, spelte eg inn låtar til mitt første album i Studio 1 på Løkka. Det vart lite søvn, men eg var «høg» på spenninga av alt.

– Dette var år 2000, så eg hugsar me var litt redde for at jorda skulle gå under. Eg hugsar lause piratbukser, og at Putin vart president.

N’Sync på øyret

– Eg høyrde på N’Sync kvar dag medan eg sykla til skulen, eg rakk akkurat «Bye, bye, bye» og «It’s gonna be me» på turen. Lite visste eg at eg 6 år seinare skulle bu i Stockholm og jobba med låtskrivaren til dei to låtane, skriv Hanne Sørvaag, som har vore ein kjent artist i ei årrekkje.

Etter at debutplata kom ut under artistnamnet Paris i 2002, har ho gitt ut fem soloalbum.

Ho har òg gjort stor suksess som låtskrivar internasjonalt, og kan skryta av å ha fått ein låt på andreplass på den amerikanske Billboard-lista.

Altoppslukande draum

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt, og kvifor?

– Eg trur eg må seia meg sjølv. Eg hadde mange fine venner og familie rundt meg, men det var nok den mest sjølvsentrerte fasen min i livet, godt hjelpt av å prøva å få i gang ein popkarriere. Så eg både satsa og heia aller mest på meg sjølv.

«Popstjernedraumen» var stor og altoppslukande.

– Eg hadde veldig sterk motor og motivasjon, det var ingenting som skulle stå i vegen for meg. Eg gjekk på med alt eg hadde for å oppnå draumen min.

Livserfaring

Om ho i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville ho tenkt at den stå-på-viljen og sjølvtilliten der skulle ho gjerne hatt litt av no.

– Livet har gitt meg mykje erfaring, oppturar og nedturar, og mykje meir tvil.

– Kva var di største frykt?

– Eg var også veldig redd for at det ikkje skulle bli som eg håpa, og alle teikn på det, eller at ting tok lengre tid enn eg trudde, gjorde meg uroleg.

Sjølvkjensle uavhengig av suksess

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg veit ikkje, for eg visste tydelegvis kva eg gjorde. Eg fekk jo til mykje av det eg drøymde om, og til og med ting eg aldri kunne drøymt om. Men kanskje eg ville sagt at det er lurt å jobba litt med sjølvkjensla, å vita at ein er eit godt menneske, og at det ikkje er suksess som definerer det.

- Eg syng berre om sa Hanne Sørvaag då ho under artistnamnet Paris debuterte med albumet "You know me". | Foto: Cornelius Poppe / NTB