Første kull med e-sport på timeplanen: – For meg er dette draumen

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men er det faktisk slik det er? Nei, meiner Kaspar Seip (18), Erik Skar (16) og Oliver Mjøen (16).

Dei studerer e-sport toppidrett ved Tiller vgs. i Trondheim. Enkelt forklart betyr det at dei har dedikerte timar til e-sport på skulen, som svarar til timar der andre idrettselevar har valt mellom anna fotball eller handball.

Denne moglegheita har ikkje vore tilgjengeleg så lenge, for dei tre gutane er faktisk i den første puljen som studerer e-sport ved den vidaregåande skulen i Trondheim.

– Me blir nesten som forsøkskaninar. Det har vore snakk om at me skal bli forska på i eit prosjekt i regi av NTNU, og det kan kanskje gi spennande resultat, fortel dei.

Frå kos og hygge til profesjonalitet

– Nokre av fordommane er sjølvsagt sanne. Mellom anna så går det jo med ein del energidrikk. Eg drikk dei ikkje sjølv, så då er det kanskje ekstra lett å leggja merke til. Men det er ikkje slik at dei som driv med e-sport aldri flyttar ut frå kjellaren til foreldra sine, seier Kaspar.

Dei meiner den digitale spelinga blir meir profesjonell for kvar dag som går, og at det har vore mykje utvikling dei siste åra. Sjølv om dei første som starta med e-sport kanskje faktisk budde i kjellaren til foreldra sine, var late og overvektige, er det ikkje slik lenger.

– Gaming har utvikla seg frå kos og hygge, til e-sport og noko som mange gjer på eit seriøst nivå. Mellom anna er det nono å eta og drikka ved pulten, seier Oliver.

Gutane beskriv miljøet som veldig inkluderande. Dei har store nettverk av både fysiske og digitale venner dei spelar saman med. Dei kan også spela åleine – men kjensla av å faktisk vera åleine, den er aldri til stades med denne interessa.

– Nettverket mitt består nesten berre av folk som driv med e-sport. Her i Trondheim har me mellom anna ein egen e-sport-bar, der me kan treffast fysisk for å vera sosiale. Det er eit miljø som gjer at du blir introdusert for nye folk heile tida, seier Kaspar.

Trykk på bileta for å få spel-tips:

– Lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig

Som e-sport-elevar, har Erik, Kaspar og Oliver ein veldig variert skulekvardag.

Dei har fagdagar med e-sport to dagar i veka, fordi det er greitt å driva på over lenger tid når dei først er i gang. I tillegg har dei, som andre idrettselevar, også treningslære og kroppslære og vanlege fag som matte, norsk og samfunnsfag. Læreplanen deira er lagt opp for å lura inn e-sporten i fleire av dei vanlege faga, noko som gjer at elevane føler på ein heilskap.

– Det betyr at me mellom anna kan ha oppgåver om statistikk frå spelet vårt i mattetimane, eller læra om kjønnsroller i e-sport i samfunnsfagstimane, seier Erik.

Gutane synest ikkje det er rart at e-sport fell under idrettslinja. For er det noko dei har lært – så er det at den fysiske og mentale helsa heng tett saman.

– Me fokuserer mykje på at viss du har ein fysisk godt trent kropp, så oppnår du også betre resultat i spelinga. Det er lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig for å spela, men det er det, seier Oliver.

«Det er like stor sjanse for at du blir fotballproff»

I tillegg til ein godt fysisk trent kropp, nemner dei ord som dedikasjon, innsats, struktur og vilje for å bli god i e-sport. Dette feller naturleg viss du har tatt valet om å læra om det på skulen, meier elevane.

– Breiddespeling er artig. Men etter kvart kjem ein til eit punkt der ein må velja om ein vil gjera det for moro, eller å satsa for å bli betre. Du kan samanlikna det med om du vil satsa, eller ikkje satsa på fotball, seier Kaspar.

Om dei ikkje blir profesjonelle e-sport-utøvarar i tida som kjem, er dei samde om at kunnskapane dei får med seg, kan nyttast i mange andre spennande yrke.

– Me blir gode på kommunikasjon, på alt som handlar om kroppen, å samarbeida og å reagera fort. I tillegg kan store it-kunnskapar, trekkjast fram, fortel dei.

Dei merkar også at e-sport er blitt mykje meir akseptert. Kaspar, som er to år eldre enn Erik og Oliver, meiner at mykje har skjedd på dei to åra som skil dei.

– Eg har nok møtt på meir motstand enn Erik og Oliver, og fekk ofte høyra at «det er like stor sjanse for at du blir fotballproff». Men dette trur eg er feil. No når e-sporten framleis er i startfasen, trur eg det er mykje lettare å bli god her. For meg er i alle fall dette draumen, seier han.


Elevane tipsar – slik blir du god i e-sport:

  • Set deg godt inn i spelet og les oppdateringar.
  • Lær å spela aleine, men også som lag.
  • Terp på det som er vanskeleg. Mengdetrening er kjempeviktig.
  • Ikkje gløym å trena fysisk. Det er like viktig som å trena på spelet.
  • Skaff deg gode støttespelarar i f.eks. foreldra dine. Det kan vera slitsamt om du ikkje får støtte frå dei næraste.
  • Gjer det artig. Når du er barn er det viktigaste å bruka tid på kvantitet over kvalitet i spelinga.
  • Sosialiser deg og skaff deg eit nettverk.
  • Hugs å ta pausar.

«Amir» sparrar med ein av trenarane i IL Ørnulf. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg