Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er den verste appen eg har sett, utbryt eg i det eg får servert ein heilt uforvarande selfie nedanfrå og opp, midt i fleisen.

Eg har nett sletta TikTok for å få plass til BeReal på mobilen i staden. Det nye up and coming innanfor sosiale medium-plattformer.  I juli var det den mest nedlasta appen i IOS App Store, og er i dag på 4. plass av dei mest nedlasta appane i Noreg. Men kva er eigentleg denne nye appen?

Denne gjennomgangen kjem opp første gong ein opnar appen. Foto: Skjermdump/Ingvild Eide Leirfall

– Er det såpass rått og ærleg det skal vere?

Idéen er at ein får eit varsel éin gong i døgnet, og har to minutt til å ta eit bilete med både front- og bakkameraet.

Berre sekund etter å ha opna appen, bed han meg om å ta eit bilete, og før eg veit ordet av det er det altså tastaturet framfor meg+ufiltrert underhake som fyller skjermen.

Eg tenker «korleis vil nokon publisere noko som helst her?» Eg finn ut at det heldigvis går an å slette biletet, og endar opp med å ta eit nytt bilete av tastaturet framfor meg, og kjappar meg opp med mobilen no når eg veit at han har tenkt å ta ein suprise-selfie i tillegg. Eg får i alle fall kvitta meg med femten dobbelhaker og ser ikkje ut som eg vakna for eitt sekund sidan. Likevel følest det litt ekkelt. Er det såpass rått og ærleg desse greiene skal vere? Og så skal ein legge det ut og publisere? Eg trykker på pila og sender biletet ut i det store internett.

Mine første forsøk på å legge ut BeReal. Visste ikkje at eg skulle bli teken bilete av.

Vil vere motsats til kroppspress og oppstilte liv

BeReal ynskjer å vere meir autentisk og mindre polert enn til dømes Instagram. Ein kan berre ta bilete i appen, og ikkje laste opp frå kamerarullen. I tillegg forsvinn biletet etter 24 timar, eller når alle får eit nytt varsel om å ta bilete. Dimed vert feeden nullstilt kvar dag.

Det er heller ingen reklame, eller synlege likes og følgjartal. Ein kan ta bilete seinare enn push-varselet ein får (om du vil vente til du gjer noko gøy til dømes), men då får andre opp at biletet vart teke «for seint».

Tanken til bedrifta er å vere ein slags motsats til dei mest populære sosiale medium-plattformene, som ofte får tyn for å skape sosialt press med perfekte, oppstilte liv der ein berre får servert høgdepunkta, i tillegg til kroppspress med filter og retusjeringar.

– Kanskje eg faktisk kan like denne appen?

Etter å ha sendt ut mitt første bilete får eg opp feeden min, der eg foreløpig har éin ven. Når eg ser biletet ho har lagt ut med hettegenseren dregen langt ned i ansiktet og snurpa saman, og eit chill utsiktsbilete der eg først og fremst ser eit lår, eit vassglas, og bitte litt sol ler eg letta. Dette er jo konseptet! Eit lite innblikk i kva vener gjer på og korleis dei ser ut, utan tid til å fikse seg eller finne på noko meir spennande enn det som faktisk er røynda.

Eg sjekkar ut «Discovery» og får meir av det same: ekte ansikt, med ekte snapshots av liva deira. Dårleg lys, rot på soverom. Kanskje eg faktisk kan like denne appen likevel?

Gen Z

BeReal vart gjort offentleg i 2020, men har fått ein oppsving no det siste året. I april 2022 hadde dei 2,93 millionar daglege brukarar, og veksten er både organisk og betalt.

Studentar i USA har mellom anna sagt at dei fekk betalt av BeReal gjennom eit ambassadør-program for å laste ned appen og legge igjen ei vurdering av appen, og for å få andre til å laste han ned. Eit kjent trekk for å sikre seg unge brukarar.

Framleis er BeReal relativt nytt på sosiale medium-marknaden, og frå kontaktlista mi, ein millenial, er det til dømes berre fire stykk som allereie er registrert der. Men særleg blant Gen Z er det langt fleire brukarar. I Australia, Brasil og Frankrike har over 80 prosent av iPhone-brukarane mellom 16-24 år lasta ned appen (april 2022).

F.v. Tina Jakobsen (16) og Christine Steinsund (16) frå Tromsø. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Postar heller på BeReal enn på Instagram

To av brukarane frå Gen Z-generasjonen er Christine Steinsund (16) og Tina Jakobsen (16) frå Tromsø som me møter i Oslo sentrum.

– Eg tenker ikkje så mykje over det eg postar eigentleg, sidan det går bort etter ei stund, seier Christine Steinsund.

Ho og venninna Jakobsen har begge lasta ned appen etter å ha høyrt om han frå vener, og meiner det er lettare å poste på BeReal enn andre plattformer.

– Det er ikkje sånn som Instagram, men meir sånn at alle tek bilete der dei er når dei får varsel. Det gjer det litt meir fritt å poste på BeReal. Eg har ikkje tenkt så mykje over det, men eg postar heller på BeReal enn på Instagram, seier Jakobsen.

Det dei likar best med appen er å kunne sjå kva andre gjer, utan at det skal vere heilt perfekt.

Brukar heller Snapchat

Likevel er det ikkje BeReal-appen dei brukar mest. Discovery-sida står urørt og venelista er kort for å kunne kjenne seg meir fri til å dele uperfekte bilete. Dimed er det også kjapt å gå gjennom feeden og sjå kva vener har lagt ut, og ikkje så mykje meir som held dei igjen på plattforma.

– Eg har blitt veldig lei av det. Det er så kjedeleg, og ikkje så mykje som skjer der, seier Steinsund.

Derfor brukar dei heller Snapchat, der ein kan ta bilete men også lettare halde ein samtale, kommunisere og halde kontakt med venene sine.

– Kva er det verste med appen?

– Viss du får det når du nett har stått opp, ler Steinsund.

– Ja, eller på eit skikkeleg dårleg tidspunkt, skyt Jakobsen inn.

Dei føler likevel ikkje noko press til å ta bilete når varselet dukkar opp, og det kan gå fleire timar om det er det som passar best. I starten stressa dei med å kjappe seg å legge ut når dei fekk varsel, men no tek dei det meir med ro.

– Eg ventar til eg gjer noko gøy, av og til, innrømmer Steinsund.

– Blir ein hekta på det?

– Nei, svarar dei begge.

– Det er som mange andre appar. Det er kult i nokre veker, og så blir ein lei, seier Steinsund.

Dødskjedeleg

På dag tre har eg allereie gløymt appen, men kjem på å sjekke han medan eg skriv denne saka. Framleis har eg berre ein ven her inne, så det er litt stussleg. Men det er veldig fint å sjå kva ho gjer på då, og eg føler eg får eit ekte innblikk i kvardagen hennar slik han faktisk er – og ikkje berre highlights som alle andre stader.

Inne på appen er det foreløpig dødskjedeleg. Det tek meg eitt sekund å sjå hennar bilete og Discovery-delen gir meg absolutt ingenting. Eg lurer på når neste varsel kjem, og om eg får det med meg i tide. Allereie kjenner eg på det same som Gen Z-arane eg intervjua: Det er litt kjedeleg.

Forskar: Ikkje døgnfluge

Forskar og stipendiat i atferdsanalyse ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, Kamilla Knutsen Steinnes, er positiv til den nye appen.

Kamilla Knutsen Steinnes. Foto: OsloMet

– Eg trur appen går framføre som eit godt døme i kampen mot kroppspress og andre typar press blant unge. BeReal har ein tydeleg appell ved å tilby brukarar meir kroppsmangfald, usensurert innhald, og eit realistisk snapshot av dagleglivet, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

Ho meiner at det at ein berre har to minutt til å ta bilete, gir lite rom for å «polere biletet» (vinkling, lyssetting og liknande).

– Du får ikkje høve til å iscenesette kor du er, korleis du ser ut eller kva du gjer – dette tilbyr noko heilt anna enn dei dominerande plattformene.

Ho meiner også at det at ein berre kan poste ein gong i døgnet gir meir fridom, mindre app-avhengigheit og «fomo», sidan alle andre også berre kan poste ein gong per dag og ein ikkje treng vere redd for å gå glipp av noko.

– BeReal utelukkar også ein del «lurkarar» og «creeping», fordi du må dele eit bilete sjølv for å sjå andre sine bilete.

Ho trur ikkje BeReal er ei døgnfluge, men at fleire, unge brukarar vil migrere dit frå dei store plattformene som blir meir like kvarandre. Mellom anna viser ho til Instagram der algoritmen i større grad no viser deg betalt og føreslått innhald.

– Denne endringa fører til at fleire brukarar ynskjer seg ein feed fylt av venner og kjente, i staden for reklame, sponsa innhald frå influensarar og urealistiske skjønnhets- og livsstilsideal.


– Det kan vere eg har ualminneleg dårleg viljestyrke, men når eg går inn på Instagram vert eg ofte på Instagram til det er noko anna overhengande eg må gjere, fortel Line Horgen Thorstad.