Ibrahim Traoré – diktatoryndling på internett

Junta-leiar Ibrahim Tarore frå Burkina Faso har blitt ein populær skikkelse, også utanfor eigne landegrenser. Korleis kaprar ein diktator hjarte på internett?

Magnus Rotevatn
Publisert

Dei siste vekene har Ibrahim Traoré dukka opp i feeden til mange, særleg unge afrikanarar. 37 år gamle Traoré leier ein militærjunta som har styrt Burkina Faso sidan eit statskupp i 2022.

På kort tid har Traoré blitt ein populær figur, og nokre meiner at han no er Afrikas favorittpresident. Han har bygd ein persona som ein karismatisk og vital leiar. Traoré framstiller seg sjølv som ein ven av folket i kampen mot islamistiske opprørarar og eit neokolonialt Vesten.

Men Traoré er i høgste grad ein autoritær leiar som slår hardt ned på opposisjonen. Dissidentar blir fengsla eller sende til fronten i krigen mot jihadistiske opprørsgrupper. Journalistar blir også trakasserte.

Thomas Sankara er ein populær figur i Burkina Faso. Biletet viser ein statue av han i Ouagadougou. | Foto: Sophie Garcia/AP via NTB

KI-generert propaganda

– Sosiale medier blir i høg grad brukt til å boosta bilete av Traoré som pan-afrikanistisk ikon og «frelsar».

Det skriv Gerd Kieffer-Døssing i ein e-post til Framtida.no. Ho forskar på sosiale rørsler i Vest-Afrika ved Dansk Institut for Internationale Studier.

Gerd Kieffer-Døssing er ekspert på vest-afrikansk politikk. Foto: Dansk Institut For Internationale Studier

Kieffer-Døssing fortel at det blir mobilisert digitalt på tvers av landegrensene. Til dømes blei det halde demonstrasjonar til støtte for Traoré i fleire vestafrikanske land og blant diasporaen 30. april i år. Dette skjedde etter at den amerikanske generalen Michael Langley påstod at Traoré utnyttar Burkina Fasos gullførekomstar til fordel for sin eigen junta.

– I samband med dette kom det ein sverm av some-innhald, mykje av det truleg bot-generert, mellom anna ei rekke KI-musikkvideoar med popstjerner som Beyoncé, Justin Bieber, Drake og Shakria, som hylla Traoré og hans mot.

Nafissatou er internt fordrive i heimlandt Burkina Faso og har budd i flyktningleiren Wendou sidan utgangen av 2023. Der lagar ho tradisjonelle matter til familien. | Foto: Ousmane Drabo /Flyktninghjelpen

Støtte frå Russland

– Det er etter min vurdering ganske sannsynleg at russarane også har spelt ei rolle i den seinaste Traoré-støttekampanjen. Samtidig skal ein ikkje underkjenna at vestafrikanarar er dyktige på sosiale medium, skriv Kieffer-Døssing.

Ho fortel også at fleire studier tyder på at populære influensarar og aktivistar som Kemi Seba og Nathalie Yamb får støtte frå regimet i Russland.

Ibrahim Traoré har også sjølv markert seg som ein av dei mest Russlands-venlege leiarane i Afrika. Russiske styresmakter har sagt seg villige til å gje militær støtte i byte mot tilgang til burkinske natur­ressursar.

Demonstrantar med eit russisk flagg
Tilhengjarar av Traoré demonstrerer i hovudstaden Ouagadougou 2. oktober 2022. | Foto: Kilaye Bationo/AP via NTB